Fyresdal kommune

Fyresdal kommune Velkomen til Fyresdal kommune! Her kjem informasjon om stort og smått som skjer hos oss. I nokre tilfelle vil vi slette kommentarar og stenge kommentarfelta.

Det er nettsida til Fyresdal kommune som er hovudkjelda til kommunal informasjon. Ein treng ikkje å ha ein Facebook-konto for å vere oppdatert på informasjon frå kommunen. Det er fellestenesta som legg ut innlegg og svarar på spørsmål og kommentarar. Vi svarar så raskt vi kan, men vi svarar ikkje på enkeltsaker som krev saksbehandling. Dette vil t.d. vere dersom skribenten utleverer seg sjølv elle

r andre på måtar som bryt med personvern eller taushetsplikt. Det same gjeld der kommentarane ikkje har noko med den aktuelle saken å gjere og ved kommentarar med upassande språk. Facebook har 13-års aldersgrense. Kommunens Facebook-side skal vere ein trygg og god plass å stikke innom, også for barn på 13. Kommunedirektøren er øvste ansvarlege for kommunens behandling av personopplysningar. Det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar på kommunens Facebookside er delegert til fellestenesta. Fyresdal kommune har eit personvernombod og ei personvernerklæring - les meir om dette her: https://www.fyresdal.kommune.no/personvern.503248.nn.html

Ikkje dropp beltet❤️
04/08/2026

Ikkje dropp beltet❤️

Hugs å søke på jobben som miljøarbeidar innan psykisk helse og rus! Fristen er 14. august. Stillinga er 100 % fast. Sjek...
03/08/2026

Hugs å søke på jobben som miljøarbeidar innan psykisk helse og rus! Fristen er 14. august. Stillinga er 100 % fast. Sjekk ut linken under for meir infoℹ️👇

Vil du vere med å utvikle framtidas psykisk helse- og rustenester i Fyresdal kommune?Vi søker ein engasjert og fagleg sterk person til arbeid med utvikling av heilskaplege og kunnskapsbaserte lågterskeltenester for barn, unge vaksne og familiar med psykiske helseutfordringar og/eller rusrelaterte...

Straks august☀️🍂🍁God helg!
31/07/2026

Straks august☀️🍂🍁
God helg!

Vi minner om at det er vatningsrestriksjonar - på begge vassverka!Info om når det kan vatnastℹ️👇Fyresdal vassverk▪️Abonn...
31/07/2026

Vi minner om at det er vatningsrestriksjonar - på begge vassverka!

Info om når det kan vatnastℹ️👇

Fyresdal vassverk
▪️Abonnentar på sørsida av Århus/Sitjevegen/Landstadvegen kan vatne dagar med partalsdato mellom kl. 21.00 og 22.00.
▪️Abonnentar på nordsida av Århus/Sitjevegen/Landstadvegen kan vatne dagar med oddetalsdato mellom kl. 21.00 og 22.00.

Hauggrend vassverk
▪️Abonnentar kan vatne mellom kl. 21.00 og 22.00.

NB. Dersom du skulle kome over eit område som er unormalt vått, gje oss gjerne beskjed (i tilfelle lekkasje).

Ulykker på elsparkesyklar blant barn aukar. Dette er alvorleg. Trygg trafikk ber foreldre og føresette om å ta ansvar!Fo...
30/07/2026

Ulykker på elsparkesyklar blant barn aukar. Dette er alvorleg. Trygg trafikk ber foreldre og føresette om å ta ansvar!

Foreldre og føresette har hovudansvaret for å sikre at barn får grunnleggande kunnskap og kompetanse om trafikksikkerheit og trafikkreglane.

I det øyeblikket barnet ditt trykker på gassen, definerast det som køyrande og må forhalde seg til trafikkreglane som køyrande. Då skal det alltid senke farten og vike for gåande på fortau og i gangfelt. I køyrebanen og i sykkelfeltet må vikepliktsreglane for køyrande fylgjast.

Les deg opp på reglane på nettsida til Trygg trafikk👇
https://www.tryggtrafikk.no/tips/elsparkesykkel/regler-for-elsparkesykkel/

Straks siste sjanse til å delta i konkurransen!📱👇
29/07/2026

Straks siste sjanse til å delta i konkurransen!📱👇

Meteorologisk institutt (MET) melder om stor skogbrannfare, nå på oransje nivå for delar av Agder og Telemark!Vegetasjon...
27/07/2026

Meteorologisk institutt (MET) melder om stor skogbrannfare, nå på oransje nivå for delar av Agder og Telemark!

Vegetasjonen kan svært lett ta fyr. Ikkje bruk open eld!

Det vil vere stor skogbrannfare inntil det kjem tilstrekkeleg nedbør.

Menn som har mist nokon dei stod nær i sjølvmord, blir inviterte til å delta på ei vandring langs den gamle pilegrimsveg...
27/07/2026

Menn som har mist nokon dei stod nær i sjølvmord, blir inviterte til å delta på ei vandring langs den gamle pilegrimsvegen mellom Haukeli og Røldal 5.–6. september 2026.

Gjennom historia har menneske lagt ut på vandring med sorgene og bekymringane sine. Å miste ein nærståande i sjølvmord er eit stort tap som ofte fører med seg mange kjensler og spørsmål utan svar. For mange etterlatne kan møtet med andre i same situasjon vere til stor hjelp. I fellesskapet finn ein rom for forståing, anerkjenning og støtte.

Vandringa legg til rette for både samtale og stillheit i naturskjønne omgjevnader. Erfaring viser at det å vere i rørsle ute i naturen kan opne for refleksjon og nye perspektiv. Samtalar kjem ofte lettare, stillheita kjennest annleis, og tankane får høve til å finne nye vegar.

Arrangementet er ope for alle menn som er etterlatne etter sjølvmord, uavhengig av livssyn eller trusretning.

Meir informasjon og skjema for påmelding:
https://rvtssor.no/kurs/1300/vandring-for-forandring-2026/

📸Eilev Erikstein

Adresse

Klokkarhamaren 6
Fyresdal
3870

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4735067100

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fyresdal kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fyresdal kommune:

Snarveier

Del