Gulatinget - Tusenårsstad for Sogn og Fjordane

Gulatinget - Tusenårsstad for Sogn og Fjordane Gulatinget - eit av dei eldste og største regionaltinga i Noreg frå 900- 1300. Tingstad - Historisk landemerke

Endeleg går vi mot ljosare tider! Krossen i Krossteigen i Eivindvik er nok ikkje sett opp tilfeldig. Den er plassert sli...
21/12/2025

Endeleg går vi mot ljosare tider! Krossen i Krossteigen i Eivindvik er nok ikkje sett opp tilfeldig. Den er plassert slik at "sjølv på den mørkaste dagen i året" er heile krossen opplyst i ca 5 minutt (om ein er heldig å ha godvér). Solstrålen treff akkurat ved foten, og badar heile krossen i ljos ei lita stund. Krossen i Krossteigen er av anglisk form, og er hogd ut i Granatglimmerskifer i Kvernsteinsbrotet i Hyllestad. Den er ein av to steinkors i Eivindvik frå vikingtida, og ein av nær 40 slike store steinkors på Vestlandet. God vintersolverv alle saman!

🤗👏
09/12/2025

🤗👏

🤗👏
08/12/2025

🤗👏

04/12/2025
For over tusen år sidan blei grunnlaget for det norske demokratiet og rettsstaten lagt på Gulatinget. I ei tid med aukan...
25/11/2025

For over tusen år sidan blei grunnlaget for det norske demokratiet og rettsstaten lagt på Gulatinget. I ei tid med aukande global uro og svekka tillit til demokratiske institusjonar, er historia om Gulatinget og Gulatingslova viktigare enn nokon gong.

Gulatinget skal gjere den viktige historia om det norske demokratiet og rettshistoria levande og relevant for menneske i dag. Formdlingssenteret på Gulatinget blir Noregs første vitensenter innan humaniora, og ein stad for læring, refleksjon og interaktive opplevingar.
Vi ber om at regjeringa og samarbeidspartnarane støttar Gulatinget ved å bidra til at prosjektet blir prioritert med 30 millionar kroner i Statsbudsjettet for 2026. Dette vil sikre at senteret kan realiserast og opnast i 2027.
Nokre fakta:
• Vestland fylkeskommune og Gulen kommune har løyvd 30 millionar kroner kvar. Vi manglar statens andel på 30 millionar kroner for å kunne realisere senteret.
• Vestland fylkeskommune og Gulen kommune har søkt om statleg løyving kvart år sidan 2019. Prosjektet har aldri kome til politisk prioritering.
• Gulatinget har i dag mellom 14 000 og 17 000 årlege besøkande. Med den planlagde utstillinga har Norsk Turistutvikling berekna eit besøksmål på minst 25 000. Dette er eit lågt estimat med tanke på den aukande turismen i Noreg og på Vestlandet.
• Visit Bergen stadfestar at senteret vil bli ei stor attraksjon for Bergensregionen.
• Senteret vil gje lokale arbeidsplassar, trekkje til seg turisme og styrke det kulturelle tilbodet i regionen.
• Gulatinget er grunnleggjande for Noregs historie om demokrati og folkestyre. Eit nasjonalt kultursenter vil styrkje kunnskapen om Noregs demokratiske arv.
• Prosjektet vil plassere Noreg som ein sterk forsvarar av demokratiske verdiar globalt, og tiltrekkje internasjonal interesse.
Kunnskap om demokratiet vårt er òg den viktigaste beredskapen vi har mot totalitære krefter. Ved å støtte bygginga av Gulatinget kan regjeringa bidra til å styrke demokratiet si stilling i Noreg, markere Noreg si rolle som forkjempar for demokrati internasjonalt, og sikre at viktige verdiar blir ført vidare til komande generasjonar. Statleg støtte kan utgjere ein viktig skilnad for Noregs demokratiske arv og framtid.

Adresse

Eivindvikvegen 708
Gulen
5966

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gulatinget - Tusenårsstad for Sogn og Fjordane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Gulatinget - Tusenårsstad for Sogn og Fjordane:

Del