Fjordane Friluftsråd

Fjordane Friluftsråd Friluftsliv – ein naturlig del av kvardagen for alle! Solund, Hyllestad, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn

Søk motivasjonsmidlar våren 2026!Det er no opna for søknader til vårens motivasjonsmidlar. Vi ønskjer å støtte ryddeaksj...
12/02/2026

Søk motivasjonsmidlar våren 2026!

Det er no opna for søknader til vårens motivasjonsmidlar. Vi ønskjer å støtte ryddeaksjonar frå alle typar grupper, uansett alder og organisering. Enten de er ein skuleklasse, eit lag eller ei foreining, ei bedrift, ein vennegjeng eller enkeltpersonar som vil bidra, er alle hjarteleg velkomne til å søkje. Dette er ei flott moglegheit til å gjere ein konkret og synleg forskjell for naturen i dykkar eige nærmiljø, til glede for både naturmangfaldet og lokalsamfunnet. Kystlinja vår er lang og vêrutsett, og kvart år skyl det framleis store mengder marint avfall i land. Heldigvis har regionen eit sterkt og unikt frivillig engasjement for strandrydding. Saman kan vi ta vare på kystområda våre og redusere forsøplinga.

Søknadsfristen er søndag 1.mars.
Svar vert sende ut så raskt som mogleg etter fristen.

Ved spørsmål om søknaden, ring 948 00 969 eller send e-post til [email protected].

Vi oppmodar alle til å arrangere ein strandryddeaksjon: skular, næringsliv, organisasjonar, lag, kommunar og enkeltpersonar.

Vi startar turåret 2026 med å gratulere vinnarane av Stikk-utfordingane i desember! Dei heldige vinnarane vart:👏 Sigrid ...
06/01/2026

Vi startar turåret 2026 med å gratulere vinnarane av Stikk-utfordingane i desember!

Dei heldige vinnarane vart:
👏 Sigrid Johanne frå Stad kommune
👏 Kent Rune frå Hyllestad
👏 Silje frå Stryn kommune

Alle tre får boka/katalogen med oversikt over alle Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane i premie – perfekt inspirasjon til nye turar i 2026! 🥾

I Hyllestad kommune stilte BUA Hyllestad med ei hengekøye som premie. Ho gjekk til Ann Sissel, som no kan glede seg til mange fine turar og pausar ute i det fri 🌲

Gratulerer til alle vinnarane – Nyt det fine vinterveret, og god tur vidare! ☀

MILEPÆL - 600 t søppel rydda sidan 2017No har vinteren etter kvart kome til Sogn og Fjordane, og årets ryddesesong går m...
04/12/2025

MILEPÆL - 600 t søppel rydda sidan 2017

No har vinteren etter kvart kome til Sogn og Fjordane, og årets ryddesesong går mot slutten. Takket vere den fantastiske innsatsen til tusenvis av frivillige har vi no til saman rydda over 600 tonn marint søppel sidan oppstarten tilbake i 2017. Dette er nærast astronomiske tal og seier litt om kor store utfordringar vi har med marint avfall langs kystane og elvane våre. Strandrydding er ei flott aktivitet for folk i alle aldrar, og gjer godt for både den enkelte og for miljøet. Lat oss halde fram det gode arbeidet og kjempe for ei framtid med mindre søppel.

Tusen takk til kvar einaste person som har vore ute med ein ryddesekk i handa, og ein stor takk til Miljødirektoratet, Handelens Miljøfond, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Galeasen Loyal, Vestland fylkeskommune, Friluftsrådenes Landsforbund og mange andre for den kontinuerlege støtta som gjer alt dette mogleg

Endelig er Stikk UT! i gang igjen 🥾😀 Denne sesongen er vi ekstra glade for å ha med turar i Bremanger kommune slik at vi...
01/12/2025

Endelig er Stikk UT! i gang igjen 🥾😀

Denne sesongen er vi ekstra glade for å ha med turar i Bremanger kommune slik at vi no har turmål i alle våre medlemskommunar😊

Dei fleste turane er fine oå beina 🥾 andre stader er det skiføre ⛷. Nokte av turane er og fine på truger. Vi ynskjer alle ein sprek desember, og hugs refleks og lykt i sekken no når dagane er korte. ☃️

Melder du deg på utfordringa Advent i Fjordane er du og med i trekkinga av boka «Dagsturhytta i Sogn og Fjordane»

Takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som er med og støttar Stikk UT!

☀ Bli med på ein sprek desember! ☃️Det er ingen grunn til å sitje inne og sakne Stolpejakt når du kan Stikke UT! og nyte...
29/11/2025

☀ Bli med på ein sprek desember! ☃️

Det er ingen grunn til å sitje inne og sakne Stolpejakt når du kan Stikke UT! og nyte det fantastiske vinterlyset i desember. ❄️🥾

Stikk UT! har sesong heile året, og no ligg vinterens Stikk UT!-turmål klare i appen! Der kan du òg melde deg på utfordringane «Advent i Fjordane» og «Advent i Hyllestad». Hugs å gje løyve til å vere med i trekkinga – kanskje er det du som får ein premie i januar! 🎁

Gled deg til gode stunder i frisk desemberluft, enten du er på ski eller tek turen til fots.
Og hugs: Broddar er gull når det er is og glatt ute! ⛷️🥾

God tur og god advent! ✨

Nytt i vinter er turar i Bremanger kommune, i tilegg til mange turmål i Kinn kommune, Stad kommune, Stryn kommune, Hyllestad kommune, Askvoll kommune og Solund Nyheter

Då har arbeide med å rydde opp i Pollen starta😊Grunneigarar har gjort ein god jobb med å klargjere gamle taukasser. No e...
13/11/2025

Då har arbeide med å rydde opp i Pollen starta😊

Grunneigarar har gjort ein god jobb med å klargjere gamle taukasser. No er all plast og tau sortert og henta ut. Neste vert alt stål, og til slutt alt ute i Pollen.

Vi ser tilbake på ein sesong med rekordstor deltaking på Stikk UT! i vårt område 🥾🌿 Tusen takk til alle som har vore med...
03/11/2025

Vi ser tilbake på ein sesong med rekordstor deltaking på Stikk UT! i vårt område 🥾🌿 Tusen takk til alle som har vore med på små og store turar gjennom året! 💚

No tek vi ei lita pustepause før vi er tilbake 1. desember med turutfordringar for advent 🎄🌌

Med støtte frå Sparebankstiftinga ser vi fram til eit nytt år med Stikk UT! til fots eller på ski ⛷️🥾☀

Siste veke gjennomførte vi, saman med Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Galeasen Loyal ei heil vekes ryddetokt i om...
15/10/2025

Siste veke gjennomførte vi, saman med Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Galeasen Loyal ei heil vekes ryddetokt i områda kring Askvoll og Atløy. 19 ungdomar fra UWC skolen i Flekke og frivillige frå Bremanger og Solund har gjort kysten vår reinare og samstundes fått ei oppleving dei seint vil glemme. Takk til Handelens Miljøfond som gjer denne typen prosjekt mogleg.

🥾 Helgas tips er å pakke matpakke og litt drikke i sekken og finne eit fristande turmål. Vel du ein Stikk UT! Tur og reg...
12/09/2025

🥾 Helgas tips er å pakke matpakke og litt drikke i sekken og finne eit fristande turmål. Vel du ein Stikk UT! Tur og registrerer turen er du samtidig med i trekninga av fine premiar frå Intersport Norge. 🌞😊

Konkuransen varer ut søndag 14. september, og ein tur er eit lodd. 🎒

God helg og god tur 😊🥾

Adresse

Hardbakke
6924

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4799487500

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjordane Friluftsråd legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fjordane Friluftsråd:

Del