15/11/2025
Fantastisk innsats på First Lego League og re-opning av ballbingen! 🚀🤖
Laurdag tok alle 6. og 7. klassingane i kommunen del på FLL-turneringa på Volda Campus – ein dag fylt med kreativitet, samarbeid og teknologi! 🌟
Hareid skule stilte med fire lag:
• 6. trinn: «Arkeoboks» og «Arkescan»
• 7. trinn: «The Wood Warriors» og «Grav og Grev»
Vi er utruleg stolte av elevane våre!
🏆 Grav og Grev tok 1. plass på prosjekt
🥈 The Wood Warriors sikra 2. plass på teknologi
Før konkurransen hadde vi generalprøve i gymsalen, der politikarar, føresette og lokale bedrifter fekk sjå dei innovative ideane våre. På imponerte laga med både robotkamp og stand!
Tusen takk til alle som har gjort dette mogleg:
• Våre sponsorar: Coop Extra, Floriss, Bunnpris, Apotek1, Brudevoll Kjøtt, SSR, Hofseth Sport, Libra, TopFix, Hareid og Ulstein brannvesen, Ward1 og Ulmatec.
• Ulmatec for bedriftsbesøk som gav inspirasjon til nyskapingane våre.
• Brakali Group for trygg og god busskyss til og frå Volda.
Dette er eit flott døme på korleis samarbeid mellom skule, næringsliv og lokalsamfunn gir barn og unge spennande læringsopplevingar! 💡👏
Ny glede på heimebane! ⚽🌱
Vi har også gleda oss over re-opninga av ballbingen med splitter nytt kunstgras – sponsa av Fredrik Aursnes! I tillegg har vi fått nye fotballar frå Island Offshore, slik at elevane kan nyte topp kvalitet både på underlag og utstyr.
Opninga vart markert med klipping av snor og ein herleg fotballkamp mellom dei tilsette og elevrådet – ein ekte sjarmørkamp der vinnarane ikkje vert heidra 😉.
Tusen takk til alle som har bidrege til å gjere skulekvardagen vår endå meir aktiv og kjekk! 🙌
Bildedryss frå generalprøva, konkurransedagen og den flotte ballbingen!