Hareid ungdomsskule

Hareid ungdomsskule Den offisielle sida til Hareid ungdomsskule. Her legg vi ut informasjon og syner litt av kvardagslivet på HUS.

Hareid ungdomsskule er ein av fire skular i Hareid kommune, og den einaste ungdomsskulen. I pedagogisk plan for skulen i Hareid heiter det:
"Grunnskulen med gode tenester og glade elevar, skal vere eit satsingsområde. Forståinga for skulen si avgjerande rolle i utviklinga av framtidssamfunnet gjennom utdanning og oppseding av barn og unge, må gjennomsyre heile kommunen og alle heimar i lokalsamfunnet."

I dag flaggar vi for frigjeringsdagen og den flotte ungdomen vår🇳🇴 Kjekk aktivitetsdag, arrangert av valfaget Innsats fo...
08/05/2026

I dag flaggar vi for frigjeringsdagen og den flotte ungdomen vår🇳🇴 Kjekk aktivitetsdag, arrangert av valfaget Innsats for andre 10.trinn, ga god stemning og positiv inngang til helga. God helg, spesielt til alle konfirmantane🌹

Tusen takk til butikkane som sponsa oss med god frukt🍎

Sjå her då!
17/04/2026

Sjå her då!

Hareid står midt i ei viktig framtidssatsing: ønsket om å etablere eit eige Newtonrom i kommunen. Målet er å styrke rekrutteringa til realfag, gi elevane meir motivasjon og meistring i skulekvardagen – og samstundes bygge den kompetansen næringslivet i Hareid har behov for i åra som kjem.Ei...

Eit sikkert vårteikn er at elsparkesyklane vaknar til liv! Vi vil difor igjen minne om at brukar du elsparkesykkel så de...
17/03/2026

Eit sikkert vårteikn er at elsparkesyklane vaknar til liv! Vi vil difor igjen minne om at brukar du elsparkesykkel så definerast du som køyrande, og må forhalde deg til trafikkreglane. Skulen vil i lag med FAU, utarbeide skulereglar for bruk av elsparkesykkel, men enn så lenge vil vi at:
- parkering skjer på tilvist området ved hallen og låsast på eige ansvar
- elsparkesykkelen skal trillast på skuleområdet
- du følgjer anbefalinga om å bruke hjelm
- du har ansvarsforsikring

Nokon av dei viktigast trafikkreglane for syklande og køyrande på elsparkesykkel finn du her:
https://www.tryggtrafikk.no/fakta-og-rad/sykkel/lover-og-regler-pa-sykkel/

13/03/2026

Sjå her!

Velkomen til MINI-LOPPIS i Hareid Barnehage!
Vi ønskjer små og store hjarteleg velkomne til MINI-LOPPIS!
I tillegg til spannande lopper som t.d hyller, sofa, tripptrapp-stolar, kle, pynt med meir, kan du kjøpe deg noko godt å bite i, eller spinne lykkehjul og vinne fine premiar.

🗓 Tid: 14.mars. Kl. 12:00–15:00
📍 Stad: Hareid Barnehage
Vi gler oss til å sjå dykk!😊

Med vennleg helsing
-Innsats for andre 10.trinn

Minner om dei spanande arrangementa neste veke:- To bedriftsbesøk kvar dag frå 1500-1630- Varm mat på Millennium kl 1630...
02/02/2026

Minner om dei spanande arrangementa neste veke:

- To bedriftsbesøk kvar dag frå 1500-1630
- Varm mat på Millennium kl 1630
- Du får møte Herøy og Ulstein vidaregåande skule + ulike Opplæringskontor

Både mødre, fedre og ungdomar har meldt seg på, men vi har plass til fleire. Du kan melde deg på den/dei dagane som er aktuelle, og arrangementet er gratis. Frist for påmelding er fredag 06.02.26

Påmelding tysdag: https://www.vekstihareid.no/arrangementsdetaljer-og-registrering/modre-pa-bedriftsbesok-tysdag-10-februar
Påmelding onsdag: https://www.vekstihareid.no/arrangementsdetaljer-og-registrering/modre-pa-bedriftsbesok-onsdag-11-februar
Påmelding torsdag: https://www.vekstihareid.no/arrangementsdetaljer-og-registrering/modre-pa-bedriftsbesok-torsdag-12-februar

Hareid Group og Ulmatec

Hei alle mødre (+fedre og ungdomar)! Vekst i Hareid, i samarbeid med Hareid ungdomsskule og næringslivet i kommunen, arr...
14/01/2026

Hei alle mødre (+fedre og ungdomar)! Vekst i Hareid, i samarbeid med Hareid ungdomsskule og næringslivet i kommunen, arrangerer bedriftsbesøk for mødre. Sjå meir informasjon i innlegget under.

Visste du at dei som har størst innverknad på ungdomane sitt val av utdanning, faktisk er mødrene?👩

Vekst i Hareid, Hareid ungdomsskule og næringslivet i kommunen synest difor det er viktig at mødrene får god informasjon om moglegheitene som finst i arbeidslivet i Hareid, og ønsker å invitere inn til bedriftsbesøk til seks ulike arbeidsplassar. (Fedre og ungdommen sjølv er sjølvsagt også hjarteleg velkomne!👨👱‍♀️)

Over tre ettermiddagar i februar får de kome tett på arbeidslivet i Hareid, og de får meir informasjon frå seks forskjellige arbeidsplassar om moglegheitene for utdanning og arbeid innanfor deira bransje. I tillegg vert det mat og prat på Millennium Cowork etter besøka, der du kan treffe representantar frå dei vidaregåande skulane, opplæringskontor, rådgjevar osb.

Høyrest dette interessant ut? Sjå arrangement på heimesida til Vekst i Hareid for meir informasjon og påmelding!
🔗https://www.vekstihareid.no/

I januar startar nytt TINT-kurs for deg med born frå 6. til og med 9.klasse. Meir informasjon finn du her:
08/01/2026

I januar startar nytt TINT-kurs for deg med born frå 6. til og med 9.klasse. Meir informasjon finn du her:

Tuning in to teens (TINT) er eit foreldrerettleiingsprogram som arbeider med å betre relasjonen kring tenåringen og føresette.

Gratis vinterferieleir for ungdomsskuleelevar!
06/01/2026

Gratis vinterferieleir for ungdomsskuleelevar!

Friluftsrådet gjentek suksessen frå vinterferien dei to siste åra og arrangerer ny leir for ungdom i vinterferien!

🕯Santa Lucia, Santa Lucia 🕯Vi tjuvstarta med Luciatog i dag. Det blei servert både vakker sang og nydelege lussekattar t...
12/12/2025

🕯Santa Lucia, Santa Lucia 🕯

Vi tjuvstarta med Luciatog i dag.
Det blei servert både vakker sang og nydelege lussekattar til alle elevane.

05/12/2025

Venleg lita påminning inn i helga. Drammensvegen er stengt for gjennomkøyring oppover⛔️⬆️🟢⬇️

Adresse

Myravegen 16/Rådhusplassen 5
Hareid
6060

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4770037600

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid ungdomsskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hareid ungdomsskule:

Del