Helse Fonna

Helse Fonna Velkommen til Helse Fonna si offsielle Facebook-side. Ikkje publiser sensitive personopplysningar om deg sjølv eller andre. Administrasjonsstad er i Haugesund.

Treng du helsehjelp, ta kontakt med fastlege, eventuelt legevakt om det hastar. Ved akutt fare for liv og helse, ring 113. Helse Fonna HF gir spesialisthelsetenester til ei befolkning på over 180 000 menneske i 18 kommunar. Våre oppgåver er pasientbehandling, forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande. Våre sjukehus finn du i Haugesund og Odda, på Stord og Valen. Våre distriktpsyki

atriske senter er Folgefonn DPS, Haugaland DPS, og Stord DPS. Vi har 10 ambulansestasjonar i heile området. Ikkje publiser personopplysningar om deg sjølv eller andre. Vi kan ikkje svare på spørsmål om helse i denne kanalen.

For første gong er Helse Fonna med på eit -prosjekt🤩Bakgrunnen for prosjektet er det viktige behovet for å halde på hels...
01/07/2026

For første gong er Helse Fonna med på eit -prosjekt🤩
Bakgrunnen for prosjektet er det viktige behovet for å halde på helsearbeidarane våre🏥💙

Marte Langbakk, med sin bachelor i HR og personalleiing, og Jonas Storesund, som tek bachelor i både økonomi og administrasjon og i kunstig intelligens, er allereie godt i gang.

– Vi skal kartleggje og komme med forslag til tiltak for ein trygg, effektiv og motiverande onboarding for sjukepleiarar som har jobba her før dei blei autorisert, forklarar Marte.
– Mange vi har snakka med har allereie gode rutinar på plass. Vi ønskjer å sjå nærare på kva som fungerer bra og ikkje, for å bidra til at enda fleire får gode overgangar, seier Jonas.

Dei to studentane har fått ganske frie tøyler til å ta prosjektet i den retninga dei ønskjer🔍

– Det kjennes veldig meiningsfylt å kunne bidra til noko slikt. Eg håper vi kjem med nokre gode tiltak, seier Jonas.
– Vi har blitt veldig godt tatt imot i Helse Fonna. I tillegg skjer det mykje gjennom Sildikon Valley etter arbeidstid. Spesielt for meg som tilflyttar er det ein veldig fin måte å bli kjent med Haugesund på, avsluttar Marte.

Vi gler oss til å sjå kva Marte og Jonas kjem fram til når dei presenterer prosjektet seinare i sommar☀️

26/06/2026

Klar til kamp i kveld? Her tar sosionomar, ergterapeutar, fysioterapeutar, ernæringsfysiologar og sjukehusprest oppladinga på fullt alvor⚽ Vi gler oss til å følgje med!

Tusen takk for innsatsen til alle våre blodgivarar❤️No sett ferien inn og vi håpar du framleis hugsar på oss. Blod er vi...
18/06/2026

Tusen takk for innsatsen til alle våre blodgivarar❤️No sett ferien inn og vi håpar du framleis hugsar på oss.

Blod er viktig, også i ferietida.

Skal du reise utanlands i sommar? Då sett vi stor pris på om du kan komme innom for å gi blod før avreise til land utanfor Skandinavia. Har du vore og reist, så ring oss gjerne, eller sjekk opp om det er nokon karantenar du må oppretthalde. Då slepp du ein bomtur😉

Og til alle som melder seg som blodgivarar i løpet av sommaren, vi tar i mot nye givarar frå august av igjen og gler oss til å treffe akkurat deg!🤩

I dag er det berre å gratulere ein sjukepleiar🥳12. mai er nemleg sjukepleiardagen. ❤ Andrika Hagfjäll er vår føretakstil...
12/05/2026

I dag er det berre å gratulere ein sjukepleiar🥳12. mai er nemleg sjukepleiardagen. ❤ Andrika Hagfjäll er vår føretakstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund (NSF). Ho seier det best sjølv: – Sjukepleiarar er der – over hele landet. I sjukehus og i heimetenesta. I undervining, forsking og leiing. Sjukepleiarar er ein viktig del av Noreg sin beredskap. Kvar dag. Heile døgnet. Gratulerer med dagen, sjukepleiar!

Gratulera med den internasjonale jordmordagen til alle jordmødrer🥳 Vi sett stor pris på den viktige jobben de gjer når e...
05/05/2026

Gratulera med den internasjonale jordmordagen til alle jordmødrer🥳 Vi sett stor pris på den viktige jobben de gjer når eit nytt liv skal komme til verda💞

Nyleg blei kanskje tidenes jordmortreff holdt i Haugesund med over 50 jordmødrer🤩 Der ga dei innspel til korleis det kan utviklast ein berekraftig og heilskapleg omsorgsmodell for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i heile Helse Fonna-regionen. Les meir om prosjektet her:
https://www.helse-fonna.no/nyheiter/2026/tidenes-jordmortreff/

Inne på intensivavdelinga i Haugesund er det eitt rom som ser litt annleis ut enn alle dei andre. Barnerommet har nemleg...
21/04/2026

Inne på intensivavdelinga i Haugesund er det eitt rom som ser litt annleis ut enn alle dei andre. Barnerommet har nemleg intensivsjukepleiar Elisabeth Hasseløy pynta.💙💚🧡Avdelinga hoper dette kan gjere det litt hyggelegare for barn og foreldre som er her. Det synes i alle fall dei sjølv at det har blitt😊

På bileta kan du sjå intensivsjukepleiarane Benjamin Sandal og Gro Anita Severeide Aase som visar korleis dei får barn til å strekke seg etter såpebobler for lungetrening.
Ganske nyttig, og ganske gøy.😃

I går var bioingeniørdagen og i dag hadde blodbanken i Haugesund open dag for tilsette🩸Kvar einaste blodprøve blir nøye ...
16/04/2026

I går var bioingeniørdagen og i dag hadde blodbanken i Haugesund open dag for tilsette🩸
Kvar einaste blodprøve blir nøye analysert av våre dyktige bioingeniørar i Odda, Haugesund og på Stord. Dei er essensielle for at du skal få rett blod, rett diagnose, rett behandling og for pasientsikkerheita. Tusen takk for jobben de gjer🔬💙

Statsminister Jonas Gahr Støre var i dag på Valen sjukehus og Folgefonn DPS. Tusen takk for besøket! 😀Få med deg alt👇Les...
07/04/2026

Statsminister Jonas Gahr Støre var i dag på Valen sjukehus og Folgefonn DPS. Tusen takk for besøket! 😀Få med deg alt👇

Les gjerne meir på nettsidene våre:
https://www.helse-fonna.no/nyheiter/2026/statsminister-jonas-gahr-store-pa-valen-sjukehus-og-folgefonn-dps/

Statsrådbesøk er hyggjeleg, og dette er aller første gongen ein sitjande statsminister kjem på offisielt besøk til Helse Fonna. Det synest vi er stor stas!

Under besøket fekk statsministeren informasjon om korleis vi behandlar psykisk sjuke i dag, kontra slik det vart gjort i «gamle dagar». Mykje av fokuset i dag er å førebu pasientane til eit mest mogeleg normalt liv i sin heimkommune. Han fekk høyre meir om ny sikkerheitspost og korleis ein behandlar sikkerheitspasientar, FACT (fleksibelt aktivt oppsøkjande behandlingsteam), samarbeid med kommunane og han fekk orientering om aktivitet og livsmeistring.

Adresse

Karmsundgata 120
Haugesund
5528

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Helse Fonna legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Helse Fonna:

Snarveier

Del