Øystre Slidre kommune

Øystre Slidre kommune Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes, Oppland, Norway Velkommen til Øystre Slidre kommune sine Facebook-sider. Her er du velkommen til å gje ris og ros!

Gjennom Facebook-sidene håper vi å kunne nå ut til eit breitt publikum med viktig og nyttig kommunal informasjon. Vi vil også nytte sidene til å marknadsføre ledige stillingar i kommunen, våre eigne kulturarrangement og fortelje om andre større og mindre saker som kan vere av allmenn interesse. Målgruppa er i hovudsak innbyggjarar og fritidsinnbyggjarar i kommunen, men alle er velkomne til å følgj

e oss på Facebook. Kommunen sine ordinære nettsider https://oystre-slidre.kommune.no vil framleis vere den viktigaste informasjonskanalen vår, og mykje av det som blir publisert på Facebook vil difor vere lenker/henvisningar til artiklar og informasjon på dei ordinære nettsidene. Facebook-sidene er meint som eit supplement til desse sidene, og som ein arena der kommunal informasjon blir gjort enkelt tilgjengeleg for dei som vel å følgje oss på Facebook. Vi ynskjer ei konstruktiv Facebook-side, og usaklege innlegg eller innlegg som inneheld hatefulle ytringar, sensitive personopplysninger, negativ omtale av einskildpersonar/identifiserbare grupper av personar eller reklame vil som hovudregel bli sletta utan videre. Det same gjeld innlegg som inneheld trugsmål, kallenavn, stygge ord eller banning. Kommentarar som er kritiske til kommunen som organisasjon er velkomne, men blir sletta om dei bryt med retningslinjene over. Spørsmål vil i hovudsak bli besvart i kontortida. Kommunen driv ikkje saksbehandling over Facebook eller gjennom Messenger. Henvendingar som krev saksbehandling og/eller arkivering vil bli henvist til andre kanalar. Dersom du skal sende formelle førespurnader til Øystre Slidre kommune, kan du sende ein e-post til [email protected]. Facebook-sida er ikkje meint som et forum for diskusjon fram mot politiske vedtak og heller ikkje for fortsatt diskusjon mellom fleirtal og mindretal i saker der det er politisk uenighet. Innlegg i slike diskusjonar vil difor ikkje bli besvart.

Teknisk drift søkjer ein engasjert og handlekraftig driftsleiar for veg, vatn og avløp! Søknadsfrist: 09.08.2026. Du kan...
22/07/2026

Teknisk drift søkjer ein engasjert og handlekraftig driftsleiar for veg, vatn og avløp! Søknadsfrist: 09.08.2026.

Du kan lese meir og søkje her:

Øystre Slidre kommune søkjer ein engasjert og handlekraftig driftsleiar for veg, vatn og avløp (VVA). Som driftsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre trygge og framtidsretta tenester innan veg, vatn og avløp for innbyggjarar, næringsliv og tilreisande.Stillinga høyrer til avde...

Helsestasjonen har ledig ei 100 % fast stilling som helsesjukepleiar frå september! Du kan lese meir om stillinga og søk...
22/07/2026

Helsestasjonen har ledig ei 100 % fast stilling som helsesjukepleiar frå september!
Du kan lese meir om stillinga og søkje her👇

Øystre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar med tiltreding frå september.Helsestasjonen følgjer opp om lag 30 fødslar årleg, medan skulehelsetenesta omfattar to barneskular og ein ungdomsskule. Tenesta består av tre årsverk helsesjukepleiarar. Jordmortenesta og he...

16/07/2026

Telenor melder om at feilen nå skal være rettet.

Telenor melder om problemer med mobildekning. Les mer her:
15/07/2026

Telenor melder om problemer med mobildekning.
Les mer her:

For tredje dag på rad har vi fått beskjed om at Telenor har problemer med mobildekning i deler av kommunen (redusert til ingen dekning i områdene rundt Bitihorn, Beitostølen, Valdresflye, og innsjøene Bygdin og Vinstre).

Adresse

Bygdinvegen 1989
Heggenes
2940

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4761352500

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Øystre Slidre kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Øystre Slidre kommune:

Snarveier

Del