02/07/2026
☀️📚 Sommarens boktips frå biblioteket! 📚☀️
Her kjem tips til sommarlektyre frå oss!
Heidi:
PORSELENSPIKEN AV GUNN MARIT NISJA
Med handling som utspelar seg i Romsdal og forfattar frå Nordmøre, må dette seiast å vere kortreist ferielitteratur.
LEKSJONER I GOD KJEMI AV BONNIE GARMUS
Å gjere suksess som intellektuell kvinne på 60-tallet var ingen spøk. Elizabeth lurer den mannsdominerte medieverda, som meiner ho ikkje passar inn i formatet.
HAVETS KIRKEGÅRD AV ASLAK NORE
Det «umoglege» skjer hausten 1940: Hurtigruteskipet DS «Prinsesse Ragnhild» går ned utanfor Bodø. Familieløyndom, maktkamp og godt driv frå start til slutt pregar romanen.
Hanna:
DRACULA AV BRAM STOKER
Er du klar for litt klassisk grøss og gru før lyse sommernetter går over i haustmørket?
INDIAS DATTER AV SHILPI SOMAYA GOWDA
Kritikarrost og sterk roman om verdien av eit menneskeliv, om kultur og om det å søke røtene sine. Som å reise til India medan ein sit heime i solveggen.
DEN LILLE BOKHANDELEN PÅ HJØRNET AV JENNY COLGAN
Bestselgende landsbyidyll, der litteraturens livsendrande kraft, pågangsmot og varme er sentrale element. Boka inngår i ein serie.
Vigdis:
NÅR EIN FØRST SKAL SKYTE NOKON AV ARNFINN KOLERUD
Bendik Uføre er ihuga nynorsk-forkjempar og villig til å gå langt, veldig langt, for å fremje si sak. Dette er første bok i ein ustyrteleg morosam trilogi.
ET ROM MED UTSIKT AV E.M. FORSTER
Det handlar sjølvsagt om jakta på kjærleiken. Forster viser at han var forut for si tid når han beskriv middelklassesamfunnet i England på slutten av 1800-talet/starten av 1900-talet.
EN LYKKELIG FAMILIE AV STIAN HJELVIN ANDERSEN
Om du liker feelgood, men ikkje for lettbeint, anbefalast denne skildringa av ein familie der det er tre ting som er vesentlege: Fasade, fasade og fasade.