NIBIO Fureneset

NIBIO Fureneset NIBIO Fureneset er ein forskingsstasjon i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane som driv forsking- og utviklingsarbeid innanfor grovfôrdyrking på Vestlandet.

Fureneset forskingsstasjon ligg ved kysten i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Lokaliseringa er representativ for kystsona i midtre og ytre fjordstrok på Vestlandet, med milde vintrar, mykje nedbør og vind. Det har vore drive forsking på Fureneset sidan 1938. Arbeidsområde:
Hovudarbeidsområdet for medarbeidarane ved Fureneset er drenering, husdyrgjødsel, auka arealproduktivitet i grovfôrdyrking,

klimatilpassing av gras og kløver, klimagassemisjon og skjøtsel av kulturlandskap. Fureneset har arbeidd mykje med spørsmål knytt til regionen Vestlandet. Fureneset vart oppretta i 1938, og det vart då vist til at ein særleg skulle dekka Hordaland, Sogn og Fjordane, Sunnmøre og delar av Romsdal. Jord, skog og forsøksfelt:
Jorda på Fureneset er mykje morenejord, dominert av kornfraksjonane sand og silt, og med eit lite og vekslande innslag av leire. Noko av morenejorda var i utgangspunktet karakterisert som grunn myr, men er no etter lengre kultivering mineraljord med moderat til høgt innhald av organisk materiale i matjordlaget. Noko av arealet er djup organisk jord, men her også med morenejord under. På Fureneset er det i drift tre forsøksfelt under gruppa langvarige tidsseriar, som har synt seg å vera interessante i forsøkssamanheng dels ut frå andre grunnar enn det dei i si tid var lagt ut for at ein skulle granska. Det er to felt lagt ut på organisk jord, det eine er tilført stigande mengde morenejord og skjelsand i overflata ved etablering (1977). Det andre er også lagt ut på organisk jord, middels djup med mineraljord under. Her er dyrkingsmåten omgraving med skråstilte lag (1977). Det siste er eit felt lagt ut i 1972 der ein granskar effekten av ulik lengde på engomløp;
•Kortvarig eng (3 år)
•Middels omlaupstid (6 år)
•Langvarig eng (fornya etter ca. 20 år)
•Varig eng

Desse felta er i dag nytta til å granska klimagassemisjon etter ulik dyrkingsmåte og driftsopplegg, og til å granska karbondynamikk i jord. Dyrka areal på Fureneset er om lag 230 dekar. Av dette vert om lag 90 dekar nytta til forsøksareal, inkludert areal i «kvileår» mellom forsøksperiodane. Størst areal vert nytta til grasfelt på oppdrag for GRAMINOR, dette omfattar m.a. såkalla «vestleg utprøving» av nytt sortsmateriale. Fureneset leiger også areal til forsøksfelt innanfor drenerings-, jordfysikk- og klimagasspørsmål. Dette gjeld dreneringsfelt, eitt med tradisjonell grøfting i Askvoll der det er bygd ut med ei omfattande instrumentering (12 dekar), og eitt felt med omgraving som dreneringsmåte i Fræna, Møre og Romsdal (3 dekar). Det er fleire samarbeidspartar med i dette prosjektet, som har hovudfinansiering frå NFR (FFL/JA), men med ei betydeleg medfinansiering frå næring og region på Vestlandet (fylkesmenn og fylkeskommunar), og eigenfinansiering frå NIBIO. Fureneset har også lysimeteranlegg, men dette er ikkje i forsøksmessig drift no. Jordarealet (ca. 120 dekar) som ikkje vert nytta til forsøksareal vert leigd bort til gardbrukarar i området. Utmarksarealet består både av areal som kan dyrkast, og av skog. Skogen er dels naturleg bjørk- og furuskog, dels planta skog av gran, sitkagran, furu (kystfuru), contortafuru og buskfuru/bergfuru. Ein god del av plantingane er leplantingar som tek av for framherskande vindretningar og som har betra det lokale klimaet. Bygg og infrastruktur:
Då Fureneset fekk nytt kontor og laboratoriebygg i 1994, var dette kompakt bygd og innreia. I kjellaretasjen er det arbeidsrom for grasprøver/handtering av grasforsøk med tørkeskap, hakke og mølle m.m. I første høgd er det innreia for laboratorium (jordlab., og det som i si tid var laboratorium for planteforedling m.a. med sterilbenk), i tillegg til nokre kontor. Andre høgd er rein kontorhøgd, og i loftsetasjen er det møterom. Det er også eit veksthus på Fureneset, opphaveleg bygd til grasforedling, men no meir sporadisk nytta. I kjellaren er det arbeidsrom med tørkeskap for grasprøvar, og kjøle- og fryserom. Fureneset er bra utstyrt for feltforsøk i jord- og plantekultur, både kva gjeld maskiner og teknisk utstyr elles. Nettverk og samarbeidspartnarar:
Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) Vest og TINE leiger kontorplass på Fureneset. NLR er også ein viktig samarbeidspartnar. Elles har Fureneset hatt tett og nært samarbeid med Fylkesmannen i vestlandsfylka, dette har gjeve grunnlag for fleire prosjekt med finansiering frå NFR, særleg, FFL/JA, og elles frå SLF. Samarbeidspartar elles er Universitetet i Bergen, NMBU, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Klimadirektoratet (tidlegare DirNat), og GRAMINOR. Samarbeidet med andre einingar i NIBIO har vore omfattande, og dette ligg til grunn i den nye modellen. Samarbeidsråda for landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane har ein eit tett og godt samarbeid med, sameleis i Møre og Romsdal, men der litt meir lausleg organisert

06/03/2026
Gler oss til fagseminar på Voss!
04/03/2026

Gler oss til fagseminar på Voss!

Vi deltok på karrieremesse for ungdomsskuleelevar i HAFS-regionen og Dale VGS førre tysdag 🙂 Messa vert arrangert for å ...
16/02/2026

Vi deltok på karrieremesse for ungdomsskuleelevar i HAFS-regionen og Dale VGS førre tysdag 🙂 Messa vert arrangert for å vise ungdomen og unge vaksne dei ulike arbeidsplassane som finst i regionen - og det er ikkje få! NIBIO Fureneset er eit rikt bidrag til regionen, og vi prata med mange elevar og lærarar som var særs interesserte i dei ulike tinga vi driv med lokalt, men også elles i NIBIO 😄 Å delta på slike messer er verdifullt, ikkje berre for elevane men også for oss som står på stand. Samstundes er det stas å vise at NIBIO er ein arbeidsgjevar som satsar på unge og nyutdanna, og som treng både praktikarar og teoretikarar. Dette trur vi bidreg til å vise ungdomen at NIBIO er ein attraktiv arbeidsplass, og kanskje nokon av dei finn vegen til stasjonen på Fureneset i framtida 😀

Jølster Bondelag arrangerer ein møteturne om den nye gjødselbrukforskrifta, og Åsmund er med for å snakka om korleis fos...
20/01/2026

Jølster Bondelag arrangerer ein møteturne om den nye gjødselbrukforskrifta, og Åsmund er med for å snakka om korleis fosfor i jord fungerer. I går var me i Ålhus, neste veke går turen til Klakegg. Det er nyttig for oss å snakka med bøndene, og me vonar det er nyttig for bøndene å høyra frå oss.

Ei av forskarane våre på Fureneset skal gjere forsking om til praksis på mjølkebruket ho har tatt over. Vi treng ein ers...
12/09/2025

Ei av forskarane våre på Fureneset skal gjere forsking om til praksis på mjølkebruket ho har tatt over. Vi treng ein erstattar til spennande forskingsoppgåver innan jordbruket på Vestlandet.

Stillingstittel: Forskar eller rådgjevar - grovfôr (285362), Arbeidsgivar: Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Søknadsfrist: onsdag 1. oktober 2025

I går var det markdag i regi av NIBIO Fureneset, NLR, og Fjaler og Hyllestad bondelag her på stasjonen. Dagen starta med...
22/08/2025

I går var det markdag i regi av NIBIO Fureneset, NLR, og Fjaler og Hyllestad bondelag her på stasjonen. Dagen starta med lunsj og faglege innslag frå Synneva Gjelland, Synnøve Rivedal, Arve Arstein (NLR) og Åsmund M. Kvifte 😄 Det vart gode diskusjonar med dei frammøtte, der vi mellom anna diskuterte engfrøblandingar, overvintring, tal slåttar og økonomi. Dagen vart avslutta med ei markvandring der Silje Maria M. Høydal prata om ville pollinatorar og eit lokalt to-årig kartleggingsprosjekt, etterfulgt av ei vandring rundt forsøksfelta 👍 Ein kjekk dag med bra oppmøte! 😄

Etter ein våt juni var det godt å få nokre veker med gode arbeidsforhold for feltarbeid på Fureneset. Andreslåtten er st...
30/07/2025

Etter ein våt juni var det godt å få nokre veker med gode arbeidsforhold for feltarbeid på Fureneset. Andreslåtten er stort sett ferdig, og alle felt etablerte takka vere god innsats frå fast tilsette og sesongarbeidarar 👏👏

Perfekt, ny traktor for oss. Liten, lett og med god dekkutrustning flyt den godt og gir lite jordpakking. Elles må vi gj...
30/04/2025

Perfekt, ny traktor for oss. Liten, lett og med god dekkutrustning flyt den godt og gir lite jordpakking. Elles må vi gjerde inne det langvarige omløpsfeltet vårt for at gåsa ikkje skal beite det snautt. Humler og bier er tidleg ute om våren.

Ei lita oppdatering frå våren på Fureneset.
25/04/2025

Ei lita oppdatering frå våren på Fureneset.

Vi er framleis på leit etter ein sesongarbeidar med traktorsertifikat og erfaring frå praktisk jordbruksdrift. Er dette ...
10/04/2025

Vi er framleis på leit etter ein sesongarbeidar med traktorsertifikat og erfaring frå praktisk jordbruksdrift. Er dette deg? Eller kjenner du nokon dette kan passe for? Del gjerne vidare og ta kontakt med Synnøve Rivedal (tlf 97585979) ved behov for meir info.

Stillingstittel: Sommarhjelp Fureneset 2025 (279098), Arbeidsgivar: Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Søknadsfrist: fredag 25. april 2025

Adresse

Fure
Hellevik
6967

Telefon

+4703246

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når NIBIO Fureneset legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til NIBIO Fureneset:

Del