Ryfest

Ryfest Ryfest er ein kultur- og matfestival i Hjelmeland.
4.-5. september 2026 🌻 Ryfest er ein kultur- og matfestival på vakre Hjelmeland i Ryfylke.

Me fremjer lokale mattradisjonar, frukt, sider, laks, havbruk, jordbruk, kunst, handverk og kultur ! Ryfest har som mål å vera ein festdag for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Her kan du oppleva masse kjekke aktivitetar for store og små, og lokale og nasjonale artistar står på scenen. Antall besøkande varierer frå 4000 til 6000, noko avhengig av veret. Me har rundt 30 handverks-utstillarar i Spinneriet og rundt 50 utstillarar i Vågen.

Det nærmar seg 𝘚𝘪𝘥𝘦𝘳, 𝘴𝘰𝘯𝘨 𝘰𝘨 𝘦𝘪𝘯 𝘴𝘮𝘢𝘬 𝘢𝘷 𝘏𝘫𝘦𝘭𝘮𝘦𝘭𝘢𝘯𝘥, og etter maten ventar konsert med Hilde Selvikvåg i Spinneriet 🧡✨H...
05/08/2026

Det nærmar seg 𝘚𝘪𝘥𝘦𝘳, 𝘴𝘰𝘯𝘨 𝘰𝘨 𝘦𝘪𝘯 𝘴𝘮𝘢𝘬 𝘢𝘷 𝘏𝘫𝘦𝘭𝘮𝘦𝘭𝘢𝘯𝘥, og etter maten ventar konsert med Hilde Selvikvåg i Spinneriet 🧡✨

Hilde har ei heilt eiga evne til å komma tett på publikum. Med pop på klingande jærdialekt, personlege tekstar og gode historiar, byr ho på ein konsert med både latter, varme og låtar som 𝘒𝘢𝘳𝘶𝘴𝘦𝘭𝘭, 𝘐𝘯𝘥𝘪𝘦 og 𝘍𝘳𝘺𝘥.

🌿 Før konserten blir det lokale smakar, sider og ein kveld rundt bordet i godt lag. Har du ikkje sikra deg billett ennå, er det på tide å gjera det no.

Billettar finn du via nettsida vår eller lenka i kommentarfeltet.

Foto: Rune Soltvedt

Hei og hå! Det nærmar seg kaifest og konsertar, og no treng me å vita kor mange som vil ta turen med båt 👋🏼⚓Me må selja ...
03/08/2026

Hei og hå! Det nærmar seg kaifest og konsertar, og no treng me å vita kor mange som vil ta turen med båt 👋🏼⚓

Me må selja eit visst tal båtbillettar for å rekna dette heim. Skal du vera med, er det derfor viktig å kjøpa billetten så tidleg som du kan.

Det er allereie selt masse billettar til Den store Kaifesten, og det ser ut til å bli fullt i Hjelmelandsvågen. Det blir konsertar med Ingenting og Motskift, god mat, bryggedans og ein heil kveld saman med gode folk 🕺🏼🍔🎉

Billettar finn du på nettsida vår eller via lenka i kommentarfeltet.

𝘏𝘦𝘪, 𝘩𝘦𝘪, 𝘷𝘪𝘭 𝘥𝘶 𝘮ø𝘵𝘦 𝘉𝘳𝘢𝘯𝘯𝘣𝘢𝘮𝘴𝘦𝘯 𝘉𝘫ø𝘳𝘯𝘪𝘴? 🧸🚒  Då må du ta turen til Ryfest 5. september.Først kjem brannvesenet med bra...
29/07/2026

𝘏𝘦𝘪, 𝘩𝘦𝘪, 𝘷𝘪𝘭 𝘥𝘶 𝘮ø𝘵𝘦 𝘉𝘳𝘢𝘯𝘯𝘣𝘢𝘮𝘴𝘦𝘯 𝘉𝘫ø𝘳𝘯𝘪𝘴? 🧸🚒 Då må du ta turen til Ryfest 5. september.

Først kjem brannvesenet med brannbil og stand. Etterpå kjem sjølvaste Brannbamsen Bjørnis for å møta ungane.

Her kan dei sjå brannbilen på nært hald, helsa på Bjørnis og læra litt om brannvern. Dette blir kjekt for både små brannkonstablar og dei vaksne som er med! 🚒

Brannbil og stand kl. 12–13
Bjørnis kl. 13–14

Hurra for deg som fyller ditt år 🎶 Festivalsjef Heidi har bursdag i dag!Heidi held i trådane, får folk med seg og har ko...
19/07/2026

Hurra for deg som fyller ditt år 🎶 Festivalsjef Heidi har bursdag i dag!

Heidi held i trådane, får folk med seg og har kontroll på alt som skal på plass. Ho har blikk for både folk, detaljar og det praktiske.

Og når det kjem til mat og drikke, veit Heidi verkeleg kva ho held på med 😋

Gratulerer med dagen, Heidi 🧡

Sommar, sol og fine dagar! 🌞 Det nærmar seg Ryfest, og i vekene framover skal me presentera programmet. Me kan i alle fa...
15/07/2026

Sommar, sol og fine dagar! 🌞 Det nærmar seg Ryfest, og i vekene framover skal me presentera programmet. Me kan i alle fall røpa at det er mykje kjekt å gleda seg til!

🎈 Men aller først vil me gratulera Brit Dagrun, som hadde bursdag på søndag.

Brit Dagrun er ho som held orden på dugnadslister, pengar, utstyr og alt det praktiske rundt Ryfest. Ho er løysingsorientert, blid og alltid klar til å ta i eit tak der det trengst. Ho har oversikt, finn løysingar og er skikkeleg god å ha med på laget.

Gratulerer så mykje med dagen som var, Brit Dagrun! 🧡

Skal du til Ryfest i september, er Pilt-Olaspelet vel verdt å få med seg 🌞Her møter du den fargerike Pilt-Ola frå Lysefj...
03/07/2026

Skal du til Ryfest i september, er Pilt-Olaspelet vel verdt å få med seg 🌞

Her møter du den fargerike Pilt-Ola frå Lysefjorden. Ein mann som bygde bruer, prøvde å gå til Amerika til fots, og som tok seg ein liten spasertur til Finnmark for å hente tamrein til Sør-Norge og Ryfylkeheiane.

🎭 På rollelista finn du mellom andre Ole Alexander Mæland, Andreas Cappelen, Torfinn Nag og vår eigen konferansier Roger Sjursen.

Spelet blir vist både laurdag og søndag. Billettlenke finn du i kommentarfeltet.

På jakt etter ein kjekk sommaraktivitet? 🌞🥤🥗Ta turen innom Spinneriet! Der finn du sommarkafé med fersk focaccia, salata...
30/06/2026

På jakt etter ein kjekk sommaraktivitet? 🌞🥤🥗

Ta turen innom Spinneriet! Der finn du sommarkafé med fersk focaccia, salatar, vaflar, dessert og baristakaffi. I andre etasje kan du også sjå utstillinga «Sølv i Hjelmeland» og bli betre kjend med den lokale historia.

No er det på tide å minna om at påmeldingsfristen for utstillarar er 1. juli 👋🏼💌 Er du ein av dei som er ute i siste lit...
28/06/2026

No er det på tide å minna om at påmeldingsfristen for utstillarar er 1. juli 👋🏼

💌 Er du ein av dei som er ute i siste liten og lurer på om det framleis er ledig? Eller lurer du på om det å vera utstillar er noko for deg? Då kan du ta kontakt med Heidi på [email protected], så svarer ho på alle spørsmål du har.

✨ Me har plass til både kortreist og langreist, og søkjar eit stort spekter i utstillarar. Her kan du lesa meir om dette og samtidig melda deg på: ryfest.no/utstillar/

No har me lagt ut båtbillettar til Den store Kaifesten! 🌊🎉Båten går frå Judaberg, Fogn, Sør-Bokn, Byre, Sandanger og Øle...
21/06/2026

No har me lagt ut båtbillettar til Den store Kaifesten! 🌊🎉

Båten går frå Judaberg, Fogn, Sør-Bokn, Byre, Sandanger og Ølesund, og tek deg rett til Hjelmeland før festen startar. Etter konsertane går båten tilbake igjen.

Du kan òg kjøpa ein rabattert pakkepris som inkluderer både båtreise tur/retur og inngang til festivalområdet. Denne prisen gjeld fram til 31. juli ☀️

På kaien ventar konsertar med Ingenting og Motskift, og ein skikkeleg festkveld i Hjelmelandsvågen.

Billettar finn du via heimesida vår eller https://event.checkin.no/220182/den-store-kaifesten-2026 🫶🏼

Steinbra nytt – me har fått ny sponsor! 🪨💫 Og det er Heidelberg Materials Tilslag Norge, avd. Årdal.Her er litt om kva d...
15/06/2026

Steinbra nytt – me har fått ny sponsor! 🪨💫 Og det er Heidelberg Materials Tilslag Norge, avd. Årdal.

Her er litt om kva dei jobbar med:

I Årdal produserer dei betongtilslag, med ei årsproduksjon på rundt 500 000 tonn. Massane blir henta ned frå uttak på Ullestad-Tveit og Tjentland, og blir leverte med båt til Færøyane, Island og resten av Noreg.

Dei vaskar massane (0-8, 0-4, 4-8, 8-16 og 16-22) som dei produserer. Avfallsstoffet frå vaskinga går til eit reinseanlegg som reinsar vatnet og sender slammet vidare til filterpressa. Der blir det siste vatnet pressa ut av slammet, slik at det blir tørre leirkaker ut av pressa. Alt for å hindre utslepp til sjø.

I Årdal er dei 9 tilsette som gjer ein veldig god jobb med å halde eit relativt gammalt anlegg i gang.

Stor takk til Heidelberg Materials for støtta – det set me stor pris på! 🤗

Adresse

Vågen I Hjelmeland
Hjelmeland
4130

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ryfest legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ryfest:

Snarveier

Del