Kvinnherad brann og redning

Kvinnherad brann og redning Den offisielle sida til Kvinnherad brann og redning. Kvinnherad brann og redning har ei avdeling for førebyggjande og ei for beredskap.

25/02/2026

– Vindauken frå sør utover kvelden vil auka skredfaren ytterlegare og det er venta nokre naturleg utløyste store skred i lesider mot vest nord og aust når vinden tar seg opp, melder varsom.no tysdag.
Lenke til sak i kommentarfeltet!

🔥 Øving på is i kveld! ❄️I kveld har vaktlaget ved hovudstasjonen på Husnes vore ute og øvd på overflateredning på islag...
28/01/2026

🔥 Øving på is i kveld! ❄️

I kveld har vaktlaget ved hovudstasjonen på Husnes vore ute og øvd på overflateredning på islagt vatn. Når kulda kjem og isen legg seg, må me vere klare dersom nokon skulle hamne i ein isråk. Difor trenar me – igjen og igjen – slik at me kan handle raskt og trygt når det gjeld.

Men den viktigaste jobben vår er framleis førebygging. Den tryggaste redningsaksjonen er den som aldri treng å skje.

Denne vinteren har mannskap ved fleire stasjonar på dugnad hjelpt til med å lage isbaner rundt om i kommunen. Det gir trygge plassar å gå på skøyter utan å vere redd for å gå gjennom isen. Samtidig får me testa utstyr og køyretøy, og held beredskapen skarp.

Når du skal ut på isen, hugs nokre enkle isvettreglar:
• Sjekk isen før du går utpå
• Ha med ispigger og gjerne kasteline
• Gå aldri åleine
• Hald deg unna inn- og utløp
• Snu dersom du er usikker – tryggleik først

Me øver for å vere klare. Du kan bidra ved å vere førebudd før du går ut på isen. Ta vare på deg sjølv og kvarandre.

🔥 Det er meldt om aukande gras-, lyng- og skogbrannfare i vårt område. Me oppfordrar dåke derfor om å vente med å brenne...
25/01/2026

🔥 Det er meldt om aukande gras-, lyng- og skogbrannfare i vårt område.
Me oppfordrar dåke derfor om å vente med å brenne bål eller bruke open eld utandørs, til det kjem regn av betydning🔥

På vegne av alle oss i Kvinnherad brann- og redning sender vi varme tanker og støtte til våre kolleger i Brannvesenet Mi...
07/01/2026

På vegne av alle oss i Kvinnherad brann- og redning sender vi varme tanker og støtte til våre kolleger i Brannvesenet Midt IKS, samt pårørende og familie som i natt mistet to av sine egne under innsats i en boligbrann i Verdal. Vi er én stor brann-familie i Norge, og står naturligvis samlet i sorgen etter en slik tragedie 🥲❤️❤️

Idag er det Røykvarslerens dag! Møt oss på Husnes storsenter mellom kl. 10.00-12.00 for å motta gratis batteri og slå av...
01/12/2025

Idag er det Røykvarslerens dag! Møt oss på Husnes storsenter mellom kl. 10.00-12.00 for å motta gratis batteri og slå av en prat om brannsikkerheit!

Det er meldt om sterke vindkast det komande døgnet. Sørg for at du har sikra lause objekt på eigedomen din, som til døme...
03/10/2025

Det er meldt om sterke vindkast det komande døgnet. Sørg for at du har sikra lause objekt på eigedomen din, som til dømes trampoliner, utemøblar, plater m.m.
Sikre last på både bil og hengar – uansett kor kort køyreturen er. 🚙
Ikkje oppsøk stormen eller utsett deg sjølv for fare. 📸
Stormen kan medføra lokalt høge bølger.
Ver førebudd på stengde vegar og mogleg straumbrot. Lad mobiltelefonar og powerbankar, og sørg for alternative straumkjelder i huset.
Ved akutt fare for liv og helse, ring: ☎️

Brann og redning: 110 🚒
Politi: 112 🚓
AMK: 113 🚑

Sjå elles informasjon på kommunen sine nettsider og varsom.no

Meteorologisk Institutt har spesifikt peika ut Rosendal med kastevindane som utsett område for vinden som no treff landet. Også Varaldsøy er venta å få ekstra sterk vind. Les meir i lenka i kommentarfeltet.

Tusen takk for ein fantastisk dag på Open Brannstasjon – og gratulerer til vinnarane av brannstigespillet! 🚒🎉Vi vil gjer...
22/09/2025

Tusen takk for ein fantastisk dag på Open Brannstasjon – og gratulerer til vinnarane av brannstigespillet! 🚒🎉

Vi vil gjerne takke alle som møtte opp og var med på å gjere dagen så kjekk og innhaldsrik. Det var utruleg kjekt å sjå så mange engasjerte små og store som tok turen innom – de skapte god stemning og gjorde dagen minneverdig!

Ein ekstra stor takk går til våre flotte samarbeidspartnarar: DLE, Røde Kors og ambulansetenesta 🙌 Dei bidrog med kunnskap, aktivitetar og engasjement som gjorde dagen ekstra spennande og lærerik.

Vi har trekt ut 12 heldige vinnarar av brannstigespillet som og vil motta eigen e-post – her kjem namna:

-Cornelius Eikemo-
-Stian Bøe-
-Lena Fatland-
-Tomine Teigen Espevik-
-Sandra Røssland-
-Lars Andreassen-
-Isak Holmedal Saghaug-
-Lena Larsen-
-Amanda Irgens Mathisen-
-Mari Sandal-
-Elana Haavik Foric-
-Renate Handeland-

Tusen takk igjen til alle som deltok – vi gler oss allereie til neste år!🚒🚑🔋🧯🔌

Hvis det brenner, teller hvert sekund! 🔥Derfor er det utrolig viktig å øve på hva man skal gjøre i en brannsituasjon – e...
14/09/2025

Hvis det brenner, teller hvert sekund! 🔥

Derfor er det utrolig viktig å øve på hva man skal gjøre i en brannsituasjon – enten det er hjemme, på jobb, i barnehagen eller på skolen. Jo bedre forberedt vi er, jo tryggere blir vi om det verste skulle skje.

Her er en enkel mal for brannøvelse som kan være til hjelp for å planlegge og gjennomføre en trygg og effektiv øvelse. Del den gjerne videre – det kan redde liv.

Bli med på Nasjonal brannøvelse du også!

🚨 Kvinnherad brann og redning søkjer deltidsbrannkonstabelar.Som brannkonstabel får du både samhald, utfordringar og eit...
13/09/2025

🚨 Kvinnherad brann og redning søkjer deltidsbrannkonstabelar.
Som brannkonstabel får du både samhald, utfordringar og eit meiningsfullt oppdrag – å tryggja lokalsamfunnet.

Søk innan fristen og bli med oss. 🚒

Kvinnherad kommune Brann og redning

29/08/2025
Bli deltidsbrannkonstabel i Kvinnherad brann og redning ! 🧑🏻‍🚒👨🏻‍🚒🧯🔥🚒Som brannkonstabel er du med på ei av dei viktigast...
29/08/2025

Bli deltidsbrannkonstabel i Kvinnherad brann og redning ! 🧑🏻‍🚒👨🏻‍🚒🧯🔥🚒
Som brannkonstabel er du med på ei av dei viktigaste oppgåvene i samfunnet: å verna liv, helse, miljø og verdiar. Når ulykka skjer, er det du og laget ditt som stiller opp – for naboen, bygda og kommunen.

No søkjer vi fleire deltidsbrannkonstabelar på stasjonane i Ølve, Varaldsøy, Rosendal, Halsnøy, Åkra og Fjelberg.

👉 Søknadsfrist: 15. september

Kvinnherad kommune Brann og redning

Adresse

Bogsnesvegen 16
Husnes
5460

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvinnherad brann og redning legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvinnherad brann og redning:

Del