Alver kulturskule

Alver kulturskule Velkommen til Alver kulturskule

Alver kulturskule har ledige plassar på slagverk både på Manger, i Knarvik og i Meland Aktiv frå august 2026 - for eleva...
21/05/2026

Alver kulturskule har ledige plassar på slagverk både på Manger, i Knarvik og i Meland Aktiv frå august 2026 - for elevar frå 3. klasse.

Du finn meir info om søknadsskjema på:

Velkommen til Alver kommune. Her finn du kommunen sine tenester på nett.

Me ser allereie no at kulturskulen har nokre ledige plassar på "kultursirkel" frå august 2026 - kanskje du har ein skule...
19/05/2026

Me ser allereie no at kulturskulen har nokre ledige plassar på "kultursirkel" frå august 2026 - kanskje du har ein skulestartar i heimen som det kunne passe for?

På kultursirkel får elevane utforske ulike kulturuttrykk som kunst, dans og teater, med hovudvekt på song, musikk og leik. Undervisninga finn stad på Alversund skule måndagar, i Meland Aktiv tysdagar og i kulturskulehuset i Knarvik onsdagar.

Du fin søknadsskjema og meir informasjon (inkludert informasjon om eigendel) her: www.alver.kommune.no/kulturskulen

Har du ein skulestartar i heimen som kunne tenkje seg å starte i kulturskulen, men ikkje heilt veit på kva disiplin? Då ...
17/04/2026

Har du ein skulestartar i heimen som kunne tenkje seg å starte i kulturskulen, men ikkje heilt veit på kva disiplin? Då er kanskje breiddetilbodet "Kultursirkel" perfekt!

På kultursirkel får elevane utforske ulike kulturuttrykk som kunst, dans og teater, med hovudvekt på song, musikk og leik.
Det er eit svært populært gruppetilbod og kurset kan verte gjennomført over heile kommunen, dersom stor nok søknad.

Du fin søknadsskjema og meir informasjon her: www.alver.kommune.no/kulturskulen

Visste du at Alver kulturskule har eigne tilbod for førskulebarn frå 4-6 år; "dans 4-5 år" og kultursirkel "musikk og le...
16/04/2026

Visste du at Alver kulturskule har eigne tilbod for førskulebarn frå 4-6 år; "dans 4-5 år" og kultursirkel "musikk og leik"?

"Dans 4-5 år" finn stad i kulturskulehuset i Knarvik på ein onsdag ettermiddag og i Meland Aktiv på ein torsdag ettermiddag, kultursirkel "musikk og leik" er i Meland Aktiv tysdagar.

Velkomen til oss!

https://alver.kommune.no/artikkel/undervisningstilbod-i-kulturskulen

(Om det er nok søkarar kan det verte sett opp "musikk og leik" ôg andre stader i kommunen)

Alver kulturskule er ein lærings- og meistringsarena, og tilbyr undervisning i musikk, teater, dans og visuell kunst for barn og unge innbyggarar i kommunen vår.

16/04/2026

Velkomen til Alver kulturskule - i år har me søknadsfrist 20. april!

Kulturskulen har over 30 ulike tilbod for born og unge i kommunen vår i alderen 4 - 20 år*; du finn søknadsskjema og detaljert informasjon på https://www.alver.kommune.no/kulturskulen

Hjarteleg velkomen til oss!
(*musikkterapi/særskild tilrettelagt undervisning har inga aldersgrense)

I 2020 fekk kulturskulen laga ein liten film om kva me driv med og kven me er. Elevane som er med i filmen ser ikkje like ut lenger, men innhaldet i kulturskulen har ikkje endra seg mykje - den fine filmen ser du her:

Velkomen til Alver kulturskule - i år har me søknadsfrist 20. april! Kunne det vore spennande å lære seg å spele eit ins...
15/04/2026

Velkomen til Alver kulturskule - i år har me søknadsfrist 20. april!

Kunne det vore spennande å lære seg å spele eit instrument? Kva med å spele saman med andre,- kanskje i eit rockeband? Likar du å teikne og male, eller er du ein som berre elskar å danse? Kanskje teater hadde vore noko, eller er draumen din å synge eller kanskje til og med få jobbe i eit musikkstudio?

Kulturskulen har over 30 ulike tilbod for born og unge i kommunen vår i alderen 4 - 20 år*; du finn søknadsskjema og detaljert informasjon på https://alver.kommune.no/artikkel/praktisk-informasjon-for-kulturskulen

Undervisninga i Alver kulturskule er desentralisert og finn stad på grunnskular i heile kommunen der det er stor nok søknad, men hovudvekta av kulturskuleundervisninga finn stad i den gamle Prestegarden på Manger, i Meland Aktiv ved Frekhaug og i Kulturskulehuset i Knarvik. Me får plass til nesten alle som søkjer innan fristen og har svært korte ventelister.

På nettsida vår finn du meir informasjon om dei ulike tilboda våre og kvar undervisninga er. På sida finn du og nyttig informasjon om dag og tid, påmelding, aldersgrenser, pris og rabattordningar, leige av instrument - og mykje meir.

Hjarteleg velkomen til oss!

(*musikkterapi/særskild tilrettelagt undervisning har inga aldersgrense)

Velkomen til Alver kulturskule - i år har me søknadsfrist 20. april! Kulturskulen har over 30 ulike tilbod for born og u...
13/04/2026

Velkomen til Alver kulturskule - i år har me søknadsfrist 20. april!

Kulturskulen har over 30 ulike tilbod for born og unge i kommunen vår i alderen 4 - 20 år*; du finn søknadsskjema og detaljert informasjon på https://www.alver.kommune.no/kulturskulen
(*musikkterapi/særskild tilrettelagt undervisning har inga aldersgrense)
Hjarteleg velkomen til oss!

Adresse

Kvernhusmyrane 20
Isdalstø
5914

Åpningstider

Mandag 08:00 - 17:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4756375070

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Alver kulturskule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Alver kulturskule:

Del