14/04/2026
Info om sesong 2026 i Viketunet:
Lokalhistorisk tema og utstilling i Løa vert Hellebrotet på Sollesnes.
Me skal også ha utstilling av pyntehankle og grytekluter.
Har du noko å bidra med til utstillingane?
Kontakt/levering til:
Oddveig (pyntehandkle - evt. med hyller om du har- og gryteklutar)
mob 992 30 596
Olaug (Hellebrotet - bilete, gjenstandar, historier mm))
mob 994 55 439
- Dugnad ute: laurdag 25.april saman med Bygdelaget
- Dugnad inne: tysdag 19. mai
Vil du støtte aktiviteten i Viketunet som støttemedlem, er me takksame:
100 kr til Vipps nr 83 49 53 eller bankkontonr 3633 66 85529
Bakedagar i Eldhuset er populære.
Om du vil vera med og baka, kan du melda deg til Grete mob 900 34 183.
Me er avhengig av VERTAR for å halda ope. Jo fleire vertar, jo fleire opningsdagar.
Kvar vert har 2 dagar a 4 timar.
Me er alltid to vertar saman.
Me set opp lister før sesongen, og byter vakter innbyrdes om nokon er forhindra frå å møta.
Oppgåva er å halda ope, steike vaflar (el. anna) og koka kaffi.
I år satser me på å ha ope i Viketunet torsdagar og laurdagar el. sundagar frå slutten av juni til byrjinga av august.
Vil du vera med oss? Då vert me glade!
Meld deg så snart som råd til Olaug mob 994 55 439 slik at me kan planleggja sesongen.
Er det nokon som har lyst til å underhalda (spela, syngja, dansa, fortelja..) eller på andre vis bidra?
Kontakt oss!
Tidleg i haust planlegg me å ha ein gammaldags basar med berre heimelaga vinstar. Det kan vera bakst som brød/bollar el.l., handarbeid/sløyd, frukt/grønsaker, syltetøy, ved mm. Me håper at mange vil bidra til ein slik basar.
Me kjem tilbake med informasjon om dette seinare, men gje oss gjerne ei tilbakemelding om du vil bidra.
VER VELKOMNE TIL VIKETUNET I SOMMAR - som medhjelpar eller gjest!
Helsing
det nye styret i Viketunet Aktivitetslag Nina, Steinar, Oddveig, Grete og Olaug