09/07/2026
Kongshaugen reinseanlegg er planlagt ferdigstilt og sett i ordinær drift i løpet av første kvartal 2028. Fram til det nye reinseanlegget er i drift må Sula kommune handtere søknader om tilknyting til det kommunale avløpsnettet innanfor kapasiteten i dei eksisterande reinseanlegga.
For å sikre ei føreseieleg, likebehandlande og forsvarleg sakshandsaming fastset kommunen no ein administrativ praksis for behandling av slike søknader i overgangsperioden. Praksisen er mellombels og gjeld fram til Kongshaugen reinseanlegg er sett i ordinær drift, eller til kommunen gjer ei ny vurdering dersom føresetnadene for avløpssituasjonen endrar seg.
𝗣𝗿𝗮𝗸𝘀𝗶𝘀𝗲𝗻 𝘁𝗲𝗸 𝘁𝗶𝗹 𝗮̊ 𝗴𝗷𝗲𝗹𝗱𝗲 𝗳𝗿𝗮̊ 𝟭. 𝗼𝗸𝘁𝗼𝗯𝗲𝗿 𝟮𝟬𝟮𝟲 𝗼𝗴 𝟭. 𝗮𝗽𝗿𝗶𝗹 𝟮𝟬𝟮𝟳, men blir kunngjord allereie no for å gi grunneigarar, utbyggjarar og andre søkjarar høve til å planleggje prosjekt og framdrift med kunnskap om korleis søknader vil bli behandla i overgangsperioden.
Les meir på heimesida vår 👇