Lom Arbeiderparti

Lom Arbeiderparti -----

Dette vil skje med partia her😒
16/10/2024

Dette vil skje med partia her😒

Arbeidarparti-laga i Skjåk og Lom blir truleg lagt ned. Det skjer fordi Ap i Innlandet vil legge ned vidaregåande i Lom.

15/09/2024

Som fakta til saka kan eg leggja ved fylgjande:

“Kommuner og interkommunale råd:

Positive til forslag: tre kommunar

Uspesifikke: to innspel

Uspesifikke, men positive til langsiktigheit: to innspel

Generelt negative til nedleggelse: 41 kommunar/interkommunale råd. “

Da bør representantskapet i Innlandet Arbeidarparti høyre på kva som vert sagt på vegne av innbyggjarane våre og gå med på vårt forslag. Lom Arbeidarparti og Skjåk Arbeidarparti vil ha ein strukturdebatt men etter ei skikkeleg høyringsrunde basert på reelle fakta.

Eg er stolt på vegne av våre to lokallag som står opp for noko vi meiner uansett kor mykje det bles.🌹

Ha ein fin sundag alle der ute.

04/09/2024

Det som fylgjer under er Lom og Skjåk Arbeidarparti si formelle klage til styret. Vi klagar på saksbehandlinga kring framtidig skulestruktur.
Ta dykk tid til å lesa den og del den. Dette er eit viktig bodskap å få ut.

“Klage på Arbeiderpartiets sine fylkespolitikarar i skulestruktursaka
Til styret i Arbeiderpartiet Innlandet
Frå: Lom og Skjåk Arbeidarparti

Vi vil fyrst seia at vi har forståing for strukturdebatt kring skulen i Innlandet.
Lom og Skjåk Arbeidarparti vil rette ei formell klage på handsaminga av skulestruktursaka i Innlandet fylket. Her anmodar vi styret om å ta eit standpunkt i forhold til handsaminga av skulestruktrursaka

Klaga vår er delt inn i to hovuddelar:
Det manglande faglege grunnlaget og brot på utgreiingsplikta som ligg føre i saka
(2) Dei politiske konsekvensane av denne saka for Arbeidarpartiet
1. Manglande fagleg grunnlag og brot på utgreiingsplikta
Elevane si stemme og barnets beste ved skuleskyss:�Forskning viser at elevar som må ta buss over lange strekningar, får dårlegare helse enn dei som har skule i nærleiken. Til dømes vil elevar frå Skjåk måtte bruke bortimot tre timar dagleg i buss.
Vi oppfattar dette til å være i strid med prinsippet om barnets beste.

Klimapåverknad og økonomiske konsekvensar:
�Her kan vi bruke Dokka vidaregåande skule som døme.
Dersom denne skulen vert nedlagt, vil 300 elevar måtte skyssast til Gjøvik, noko som krev sju bussar kvar veg og 200 000 ekstra kilometer køyring i året. Torpa Bilruter har estimert kostnadane til mellom 12 og 15 millionar kroner årleg.

I tillegg til dette er dei er ikkje miljøkonsekvensanalyser ved auka utslepp er ikkje grundig vurdert i utgreiinga.
er sitat frå Innlandet fylkeskommune sine heimesider,
Dette står i Regional plan for klima, energi og miljø
3.3:“Når kommuner, fylkeskommuner, regional stat og næringslivet vurderer lokalisering av næringsvirksomhet, boliger og servicefunksjoner, må man vurdere hvordan dette påvirker økt transport opp mot klimaregnskapet.”
Mange elevar nytter drosje til skulen, auka kostnader (økonomisk og miljømessig) er ikkje med i saksgrunnlaget. (Sjå 3.3 over)

Opplæringslova sitt krav om bustadtilbod:
�Ifølgje Opplæringslova § 9-3 er fylkeskommunen forplikta til å hjelpe elevar med bustad dersom dagleg skyss ikkje er mogleg. I saksutgreiinga er det ikkje teke høgde for invisteringane som vil være nødvendige for å oppfylle desse lovkrava ved ei eventuell nedlegging av skular. Dette er tal som må væra på plass i saksutgreinga før ei høyringsrunde.

Økonomiske ulikskapar:
�Borteboerstipendet på kr 6 677,- per månad dekkjer knapt leigekostnadene på bustad. Ved nedlegging av skular vil bukostnadane auke.
Dette vil skape eit økonomisk og med det skilje mellom dei som har økonomi til å bu på hybel og dei som må pendle lange avstandar.

Sosialt utanforskap:

Ved nedlegging av skuler vil fleire måtte bu på hybel.
Vi trur at elevar som bur heime vil kunne få tettare oppfylging enn dei som bur på hybel.
Tonje Brenna har vore mykje i media i det siste og bede foreldre ta meir ansvar for borna, noko som er vanskeleg med hybelliv.
Dette har store økonomiske og menneskelege konsekvensar og burde vore grundigare utgreia i saksframlegget.

Likestilling og rettar for elevar med nedsett funksjonsevne:
�CRPD artikkel 24 forpliktar Noreg til å sikre eit inkluderande utdanningssystem. For elevar til dømes i Lom og Skjåk vil ei nedlegging av skulen føre til at dei mistar det lokale tilbod sitt. Dette gjeld særleg dei som treng særleg tilrettelagde opplegg.
Drosjekjøring for elevar med spesielle behov lar seg ikkje gjera med dei nye avstandane som vert ved nedlegging av skular.
Dette er noko som ikkje kjem godt nok fram i utgreiinga.

Manglande grundige økonomiske vurderingar:
�Det er ikkje akseptabelt at dei økonomiske konsekvensane ikkje er grundig nok utgreid før høyringa. Om politikarane får tal på bordet før handsaminga så er det ikkje nok. Desse talla må ut for ei ny høyringsrunde.
Dette kan gjera at at debatten og vedtaket kan fattast på delvis sviktande grunnlag. Det er ingen tente med. Dei samfunnsøkonomiske konsekvensar er ikkje grundig nok utgreia.
Det er eit krav i kommunelova § 13-1 at ei sak som vert lagt fram skal være «forsvarleg utgreidd»
Dette meiner Lom og Skjåk Arbeiderparti ikkje er er gjort i skulestruktursaka.

2. Politiske konsekvensar

Forholdet til veljarane:�Vi opplever ei aukande politikarforakt som vil bli ytterlegare forsterka dersom Arbeidarpartiet går inn for nedlegging av distriktskular . Vi er redde for at dette vil undergrave partiet si truverd i distrikta.
Det er ikkje lenger enn sidan folkeavstemminga at våre toppar på fylket fortalde at «ja, vi gjekk imot den rådgjevande avstemminga,men vi fekk med med oss distrikta si meining og vi skal stå på dykkar side.

Distriktspolitikk og partiet si framtid:
�Nedlegging av skular i distrikta strir mot Arbeidarpartiet sine kjerneverdiar og Hurdalsplattformen, som seier at "tida for overkøyring av lokalsamfunn er over" og at vi skal "utvikle heile Noreg".
Vi er redd nedlegging av skule vil få drastiske følgjer for Arbeidarpartiet si oppslutning i komande val, særleg Stortingsvalet i 2025. Skal vi få inn 5 frå Innlandet neste år så må vi ha med oss distrikta.

Utan vidaregåande skule i distrikta vil distrikta gå glipp av mange tilflyttarar.
Skulepolitikk handlar om ei heilskap vi ikkje kan rømme frå. For oss er det denne saka som kjem til å bestemme framtida for bygda vår. Å ha ein framleis vidaregåande skule i Lom vil væra avgjerande for ei god kommune-utvikling i region.

Dette gjeld ikkje berre Lom.
Skal vi væra partiet som ikkje tek distrikpolitiske hensyn i ei slik sak? Det ansvaret kviler på oss som er Arbeiderparti, enkle løysinger er høgre-politikk.

Samfunnsøkonomi

Det må verta teke omsyn til samfunnsøkonomi i saksutgreinga.
Dei samfunnsøkomiske konsekvensane må væra grundig utgreia før ei høyringsrunde.
Denne saka kan ikkje værta sett på isolert. Her må det ei skikkeleg utgreiing til før ei ny høyringsrunde.

Valstrategi:
�Med eit stortingsval om kun eitt år, er det essensielt at Arbeidarpartiet opprettheld støtta frå distrikta. Ei eventuell nedlegging av skular vil gje Senterpartiet ein betydeleg fordel, medan Arbeidarpartiet står i fare for å miste mange veljarar.
Vi ber difor styret i Innlandet Arbeidarpartiet om å gå i dialog med politikarane våre på fylket og be dei sende saksutgreiinga i skulestruktursaka attende til administrasjonen for ei ny og grundig og heilskapleg saksutgreing. Det er avgjerande at alle relevante økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar blir vurderte og lagde fram før ei ny høyringsrunde og debatt.
Køyrer fylkestingspolitikarane våre gjennom denne saka basert på dei førestnadane som låg til rette for høyringa så kjem det å få store konsekvensar for Innlandet som samfunn og for vår truverdigheit som politikarar. Vi som bur ute i diskrikta veit korleis føresetnadane er her. Det gjeld au dei andre område som ikkje ligg inn til bynære strøk. Vi kan ikkje støtte ei avgjerd basert på utilstrekkeleg utgreiing.

Det vil være vanskeleg for Lom, Skjåk og Våga å stille liste ved neste val dersom skulen i Lom vert lagt ned under dei noverande føresetnadar. Vi vil ikkje få folk til å stille på liste for oss.

Dette er ei særs viktig sak og da meiner vi at vedtaket ikkje kan fattas før det vert ei ny høyringsrunde slik at forutsetninga er klare for dei som skal sende inn høyringsinnspell.

Med venleg helsing
Lom og Skjåk Arbeidarparti
Stig Erlend Banken Leiar Skjåk Arbeiderparti
Bjørn Ola Aukrust Varaordførar Lom Arbeidarparti
05.09.2024

Klare for vårkampanje🌹🌹🇳🇴
04/05/2024

Klare for vårkampanje🌹🌹🇳🇴

Lom Ap og Skjåk Ap har hatt eit triveleg arrangement i Garmo Bygdahus. Takk til Rune Støstad, Helene Sveen Aukrust, Bjør...
01/05/2024

Lom Ap og Skjåk Ap har hatt eit triveleg arrangement i Garmo Bygdahus. Takk til Rune Støstad, Helene Sveen Aukrust, Bjørn Ola og Stig for gode appellar. Takk til alle som kom og delte denne dagen med oss🌹🌹🇳🇴🎂

Møt opp🌹
22/04/2024

Møt opp🌹

27/02/2024

I kveld heldt vi årsmøte. Sigrun Garmo vart valgt til ny leiar.

28/01/2024

Det blir årsmøte den 27. februar klokka 19.00 på kommunestyresalen. Saker til møtet må være inne før den 13. 2.
Mvh
Lom Arbeiderparti ved styret

Etter kommunestyremøte i gårkveld var vi invitert til middag på Brimibua. Tusen takk for eit godt samarbeid i 4 år saman...
04/10/2023

Etter kommunestyremøte i gårkveld var vi invitert til middag på Brimibua. Tusen takk for eit godt samarbeid i 4 år saman for Lom kommune. Vi takka av ordføraren Bjarne Eiolf Holø som har sitti i 3 periodar. Lykke til viare for deg. Mange gav seg og fleire blir med viare. 🌹🌹

Eit godt lesarbrev frå vår leiar av Lom og Skjåk AUF og styremedlem i Lom Arbeidarparti, Helene Sveen Aukrust
07/09/2023

Eit godt lesarbrev frå vår leiar av Lom og Skjåk AUF og styremedlem i Lom Arbeidarparti, Helene Sveen Aukrust

Debatt →AUF: - Lytt til oss! Helene Sveen Aukrust Leiar i Lom og Skjåk AUF Oppdatert: 4 timer siden Du les no ein meiningsartikkel. Den uttrykker skribenten si meining. Publisert: torsdag 7. september 2023 kl. 07:50 Oppdatert: 4 timer siden Utforsk tema: Lom Skjåk AUF Arbeiderpartiet Val 2023 De...

05/09/2023

Et historisk løft for alle familier som har barn i barnehagen!🧒👦

Fra 1. august 2024 reduseres maksprisen i barnehagen fra 3000 til 2000 kroner i måneden. En barnefamilie med to barn vil kunne spare rundt 23 000 kroner hvert år, sammenlignet med 2021.

Prisen senkes ytterligere 500 kroner for de som bor i de mest spredtbygde kommunene (kommunegruppe 5 og 6).

Adresse

Lom

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lom Arbeiderparti legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Lom Arbeiderparti:

Del