15/05/2026
For ein gøy dag på jobb 🤩🎬
Denne veka fekk me vere litt «fluge på veggen» under innspelinga av 71 grader nord her på Osterøy.
Det som gjer dette ekstra kjekt, er at slike ting ikkje skjer heilt av seg sjølv. Det handlar om å vere til stades, byggje relasjonar, så frø over tid og tørre å løfte fram det me har å by på. Ideen om Osterøy som innspelingsstad starta faktisk etter samtalar under Finsekonferansen, der Osterøy kommune og Osterøy Utvikling deltok gjennom besøksforvaltningsprosjektet vårt i samarbeid med Vestland fylkeskommune.
Difor er det ekstra stas å sjå at det faktisk førte til at Osterøy blei valt🤩
Og aller kjekkast: å sjå korleis lokale aktørar stilte opp og bidrog då produksjonen kom. Det seier mykje om samarbeidsviljen og stoltheita folk har for Osterøy🙌
No gler me oss verkeleg til å sjå resultatet på skjermen til hausten😍