23/06/2026
🔥 OBS! JONSOKFEIRINGA GÅR SOM PLANLAGT – UNDER TAK PÅ STADION 🔥
Vêrmeldinga lovar ikkje heilt den klassiske jonsokkvelden vi hadde håpa på, men det stoppar sjølvsagt ikkje feiringa i Polljen! 😊
For å sikre ei triveleg oppleving for alle, flyttar vi serveringa inn i klubblokalet til Skavøypoll Idrettslag ved tribuna. Der blir det sal av rømmegraut, pølser med brød, kaker, chips og brus i tørre og gode omgjevnader.
Det finst òg gode sitteplassar under tak, slik at ein kan nyte både maten, praten og jonsokbålet utan å vere avhengig av opphaldsvêr.
🔥 Jonsokfeiringa startar kl. 17.00 på Skavøypoll stadion. Bålet blir tent som planlagt.
Ta med familie, vener og godt humør, så lagar vi ei kjekk jonsokfeiring saman – uansett kva vêrgudane finn på! ❤️
Alle er hjarteleg velkomne! 😊🔥