Luster Austre Fjellstyre

Luster Austre Fjellstyre Luster Austre Fjellstyre administrerar jakt og fiske på statsallmenningen i austre delar av Luster k I denne gruppa er Fjellstyret representert.

Villreinforvaltning og villreinjakt:

I delar av området til statsalmenningen er det rein, og fjellstyret har representantar i både villreinutvalet for Vest-Jotunheimen og Reinheimen-Breheimen. Vest-Jotunheimen villreinområde:

I Vest-Jotunheimen har vinterstammen verte halde på om lag 300-350 dyr, fram til 2006. I etterkant minka antall dyr på grunn av ulike årsakar, og i 2008/09 var vinterstamma

nede i 170 dyr. Jakta var då stoppa, men vart satt i gang att i 2014, då totalteljinga viste at det var 393 dyr i området. Ein fekk då ein felles jaktavtale med alle valda i villreinområde, og jegrane fekk dermed jakta over heile området. Dette fører til at fellingsprosenten går opp og jakta vert meir ettertrakta. Fjellstyret fekk i 2014 tildelt ein fellingskvote på 21 dyr, 18 av desse vart felt, noko som resulterte i ein fellingsprosent på 76,2%. Reinheimen-Breheimen villreinområde (Ottadalen):

Det er ikkje rein fast i Luster sin del av Reinheimen-Breheimen villreinområde, men det er ynskje om dette. Det er rein over frå Skjåk til Jostedalen og Fortunsdalen kvart år på sommarbeite. Ei arbeidsgruppe leia av Fylkesmannen vart oppretta for å prøva å få oppatt villreinstammen i Luster sin del av Ottadalen villreinområde. I samband med dette arbeidet, vart det vedteke å ikkje driva villreinjakt i Luster sin del av dette villreinområde før stammen i Luster tek seg opp. Det vart forhandla med Skjåk allmenning om framhald av inngått samjaktavtale og resultatet vart at alle fellingsløyva på rein i Luster kunne takast ut på deira område som tidlegare. Deler av villreinområdet som grensar mot Luster har vore freda for jakt og stammen har vore halden noko høgare enn planlagt. I 2014 fekk Fjellstyre tildelt 27 dyr, kor 18 vart felt, dette resulterte i ein fellingsprosent på 67 %, kor alle fellingsløyva vart uttekne i Skjåk allmenning. Fiske og fiskestell:

Fjellstyret har felles fiskekortordning med Fortun grunneigarlag og denne ordninga omfattar over 50 fiskevatn og fleire småelvar. Fiskekort vert no lagt ut for sal på Fortun bensinstasjon i Fortun og Nymoen camping på Skjolden. Fjellstyret har også avtale med Inatur.no om sal av fiskekort på nettet. Fjellstyret har siste åra stått for eit omfattande kultiveringsarbeid for å halda oppe bestanden av fisk i vatna. Dette viser godt resultat, ein har fin fisk i dei fleste fiskevatna i allmenningen. Fjellstyret har opna for garnfiske i Gravdalsvatnet sørvest for Leirvassbu for utanbygdsbuande etter utarbeidde fiskereglar. Det same er gjort for Rundhaugvatnet, Illvatnet, Øvre Grønevatn og Gravdalsvatnet i Nørdstedalen. Småviltjakt:

Småviltjakt er det mest om hausten før Sognefjellsvegen stenger, etter den tid er det tungvint å koma til området. Det er det lett tilgjengelege området ved Sognefjellsvegen som vert mest nytta til småviltjakt, men Luster austre statsallmenning er stor og vil ein jakta på stader der det er litt lenger frå bilveg er vestlege deler av allmenningen i Nørdstedalsområdet eit fint alternativ. For å koma til dette området må ein starta i Fortun å køyra inn Fortunsdalen til Nørdstedalsæter. Også i aust i området Gravdalen, Raudalen, Mjølkedalen og Urdadalen er det eit flott jaktområdet om ein ikkje er redd for lange avstandar. Lettaste måten å koma til dette området er å køyra til Leirvassbu, derifrå er det ca 2 km inn til grensa med Luster austre statsallmenning. Fjellstyret har sal av småviltjaktkort på Inatur. Det vert då moglegheit for alle å kjøpa småviltjaktkort på nettet. I tillegg er det sal av kort for småviltjakt på Fortun bensinstasjon i Fortun og Nymoen camping på Skjolden. Hytta ved Prestesteinsvatnet:

Hytta ved Prestesteinsvatnet vart bygd i 2002 og teken i bruk i 2003. Hytta er omlag 60 kvadratmeter pluss uthus med do og bod. Den har 3 soverom, vaskerom, stove med kjøkenkrok, gang og vindfang. Like ved hytta er det eit naust med utleigebåt. I tillegg til bruk for jakt og fiske, ligg hytta fint til som utgangspunkt for turar i området, spesielt fint på ski om våren/tidleg sommar.
2014. Hytta ved Gjertvatnet:

Hytta ved Gjertvatnet vart øydelagd under stormen «Dagmar» og er no bygd opp att med i lekker laft. Ho er ei flott lita hytte mellom Skogadalsbøen og Turtagrø og ligg fint tilrette for jakt og tur. Ho har gassomn og -komfyr, senger til 5 og ligg tett ved fjelltoppar og Gjertvatnet. Naust og båtar:

Fjellstyret har 3 naust med båtar på Sognefjellet. Nausta er bygde på ein spesiell måte som har vist seg å vera svært vellukka. Det er eit stort røyr som er tetta i bakkant og det er laga dørar i framkant. Røyra er graven ned i terrenget og ein ser såleis berre framside. Like ved hytta ved Prestesteinsvatnet er eit av nausta og båt. Så er det eit naust med båt i Indre-Hervavatn. Dette heng saman med Hervavatnet når vasstanden er på topp, men største del av året er det eit eige vatn. Det tredje naustet med båt ligg i vestre enden av Hervavatnet i bukta rett sør for demninga. Når ein kjøper fiskekort i Luster austre statsallmenning får ein og tilgang til bruk av båtane, noko som er eit fint tilbod og bør vera med å auka interessa for fiske i desse fjellvatna. Utleige av hytter og båtar er eit godt tilbod til jegerar, fiskarar og andre friluftsfolk som burde vore meir nytta. Fjellstyret vil arbeida for å gjerda tilbode meir kjent. Fjellreven attende til statsallmenningen:

I eldre tider var det vanleg å sjå fjellrev i statsallmenningen. Den har no i lengre tid vore berre observert som enkle streifdyr. Men hausten 2013 kom det inn fleire observasjonar av fjellrevkvelper langs Sognefjellsvegen. Dette vart nærmare undersøkt når snøen kom og spor vart då funne fleire stader. Ut frå spora såg det ut som minst 3 dyr hadde ferdast ilag. Ekskrement vart samla inn for DNA analyse. Desse prøvane synte at det var fjellrev. Fjellrevkullet hadde ofte tilhald ved Fjellstyrehytta og vart fleire gonger observerte av folk som var på hytta. Det vart lagt ut litt åte og sett opp 2 viltkamera på hytteveggen. Når desse kamera vart tekne inn våren 2014 var det mange bilde av kvite rever med små runde øyro. Fleire bilde synte 2 dyr og det kan vera fleire. Ut over sommaren og hausten vart det observert fjellrev ved fleire høve i området. At fjellreven no er komen attende og ynglar i statsallmenningen på Sognefjellet er positivt og ein dyreart som var vanleg i eldre tider er då komen på plass att. Ein får håpa at det vert levelege vilkår framover for den i statsallmenningen og at den vil trivast og bli i området. Utleige av tjenester:

Fjellstyret for Luster Austre Statsalmenning har frå 01.01.2021 ansett Anna Samnøy som Fjelloppsyn. Sidan Luster Austre statsalmenning ikkje er så stor at det fyller ein stilling ønskjer me å medele at me er interesert I å leige ut tjenester innen naturforvaltning og oppsyn. Utredning, planlegging av tiltak og gjennomføring av desse er ein naturleg del av dei tjenestene me kan tilby. (Ikkje før 2022).

11/09/2025

Kjenner me nokon som skal over Sognefjellet til Lom i dag?

13/08/2025
06/08/2025

Småviltjakta 2025

Endeleg er hausten her, og småviltkorta er lagt ut på inatur.no. For å ikkje ta for hardt på rypestammen er det bag limit på tre ryper pr dag, og eit nokså begrensa tal kort tilgjengeleg. Ønsker deg ein fin haust i fjellet!

11/06/2025

Då har fjellstyret trukke ut kven som får tilbod om reinsjakt denne hausten. Dei heldige får tilbod og informasjon tilsend på epost. Reglane for korleis trekkinga er gjennomført finn du på heimesida vår, lusteraustre.no.

VEST-JOTUNHEIMEN VILLREINOMRÅDE:

Desse har fått løyve Vest-Jotunheimen, me kontaktar dykk straks me veit kva løyve den enkelte har fått.

Ronny Fossøy
Thomas Eriksen Ness
Siv Merete Marås
Knut Marås
Per Even Lysgaard
Aina-Elise Stokkenes

Reservar Vest-Jotunheimen:
1. Jon Arve Hatlevoll
2. Marius Saure Riise
3. Storm frattasio skår
4. Daniel Hardang Lonar
5. Ruben Nygård

REINHEIMEN-BREHEIMEN VILLREINOMRÅDE (SØRAUSTRE SKJÅK):

Fritt løyve
Didrik Hauge
Jonas Furås Høyheim
Knut Stokkenes
Per Høyheim
Svein Roar Borlaug
Vegard Molland Røneid

Kluftbukk
Benjamin Sandal
Johnny Saure Riise

Simle/bukk under 40 kg
Asbjørn Kroken
Asbjørn Prestegård
Atle Ødegård
Eirik Hesjevoll Winge
Jonny Gjerde
Kenneth Solstad
Martin Midtun
Vegard Gjerde

Kalv
Arne Nilssen
Asle Kvam
Eirik Glendrange
Elice Gandrudbakken
Finn Yngvar Larsen
Gunnar Kolnes
Jack Alexander Campion
Ragnvald Bergset
Ruben-Olai T Tytingvåg
Øystein Bjørk Skeie

Reservar Reinheimen-Breheimen villreinområde:
1. Roar Edvin Folland
2. Alf-Tomas Takle Tytingvåg
3. Emil Hurv
4. Odd Rune Heggelund
5. Jan Lars Nesje
6. Vidar Frækaland
7. Bjørn-Arild Sveen
8. bjørnar Myklebust
9. Hanna Sørhøy
10. Lasse Jenssen
11. Jørgen Vole
12. Rune Glendrange
13. Joakim Hammer
14. Rita Gausemel
15. Linnea Christensen Sjøthun
16. Joar Søhoel
17. Øystein Mårstøl
18. Gjermund Høgheim
19. Emma Gran
20. Magne Riise
21. Håvard G. Hansen
22. Hogne Skar
23. Kjetil Moe
24. Arne Venes
25. Alexander Slinde
26. Arve Hovdenakk
27. Vidar Eidissen
28. Lars Marius Kveen
29. Lars Oddvar Fremgaard Fiksen
30. Skjalg Grimelid Oppedal

25/03/2025

Reinsjakta 2025

No kan du søkja om fellingsløyve på villrein.
Me har løyve i Vest-Jotunheimen villreinområde og i Reinheimen-Breheimen sørområde.

Me oppmodar deg til å nytta søknadsskjemaet på heimesida vår https://lusteraustre.no/villrein . Søknadsfristen er 1. juni.

Tildelingslista vert publisert på facebook etter trekninga 10. juni.
Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt offentleggjort skal det stå i søknaden.

Luster austre fjellstyre
v/ Inger Moe
dagleg leiar/fjelloppsyn

20/02/2025

Villreinen – urdyret
Det er eit tankekors at ein art som overlevde istida, no kjem til kort mot turgåarar, ein veg, ei ny hytte eller eit alpinanlegg. Nei, den kjem ikkje til kort mot kvar enkelt av desse forstyrringane, men mot den samla summen av dei.
Eit enno større tankekors er det at villreinkommunen Luster no sit i førarsetet for å presse gjennom ei tidlegare åpning av Sognefjellsvegen. Om dei får gjennomslag, kan vegen opne 43 dagar tidlegare – frå fredag før palmesøndag til 1. mai i 2027. Dei ynsker å hente ut erfaringar i 2025 med 20 dagar tidlegare åpning.
I går fekk vi i Vest-Jotunheimen villreinutval ein oppsynsrapport frå SNO og fjelloppsynet, som dokumenterer korleis villreinen reagerer på menneskeleg ferdsel. Her er eit utdrag:
"Så såg me spor etter ein flokk ned frå Bukkanosi som gjekk mot bommen på Tindevegen. Den flokken såg ut som om den hadde vore på veg mot Turtagrø, men snudde ved skispora som kjem ned frå Lauvnosi."
Dette viser noko vi veit godt frå før: Villreinen skyr område der menneske ferdast. Berre lukta av eit spor kan vere nok til å få ein heil flokk til å snu eller flykte.
Turistnæringa og villreinen – kan vi finne ein balanse?
Luster kommune meiner omsynet til turistnæringa må kome først og jobbar aktivt for å få med seg nabokommunar og fylkespolitikarar. Dei er til og med villige til å ta den ekstra kostnaden med å halde vegen open lenger.
Vi forstår at turistnæringa ser nye moglegheiter i auka tilgjenge og ein lengre sesong. Men vi må spørje oss:
• Har vi råd til å skyve villreinen endå lenger tilbake?
• Korleis skal vi forvalte denne ansvarsarten på ein berekraftig måte?
Villreinens leveområde har vorte snevra inn i generasjonar på grunn av kraftutbygging, vegbygging og aukande ferdsel. Samtidig har Noreg internasjonale forpliktingar gjennom Bernkonvensjonen og eit nasjonalt ansvar for å verne arten. Regjeringa har gjennom Meld. St. 18, ‘’Ein forbetra tilstand for villrein’’, som mål å stoppe den negative utviklinga i alle våre 24 villreinområder innan 2030.
Så kvifor vel ein kommune å vere pådrivar for enno meir forstyrring, trass i desse forpliktingane?
No er det fylkeskommunen som har siste ordet
Politikarane i formannskapet i Luster kommune skal drøfte saka måndag 24. februar. Fylkeskommunen eig vegen og skal ta den endelege avgjerda, om dei får saka frå Luster.

Vi håpar dei vågar å ta ei avgjerd som:
• Set langsiktig forvaltning framfor kortsiktig næringsinteresse
• Respekterer nasjonale mål og internasjonale forpliktingar
• Sikrar at kommande generasjonar får oppleve villreinen i norsk natur
Naturvern handlar om val – kva vel vi denne gongen?

27/01/2025

Det er for tida tøffe forhold for reinen vår i Reinheimen-Breheimen med hardt føre/ising. Det er derfor ekstra viktig å vise omsyn og fylgje villreinvettreglane. Unngå å legg turar til mål der det er typisk av reinen oppheld seg. Er du i tvil, så er det fullt mogleg å kontakte villreinutval...

02/12/2024

No er det også vedteke skotpremie på grevling. 300 kr.

18/11/2024
23/09/2024

Villreinjakta vart avslutta søndag 15. september - minner om at kontrollkortet (jaktkortet) skal leverast inn att til jaktrettshavar uansett felling eller ikkje.
Fristen for innlevering av kort/kjeve er i morgon tysdag 24. september.
Dersom du har felt dyr må du også sende inn kjeve med utfyllt kjevelapp, og føre inn felling i "sett og skutt".

Merk at for seint innleverte kontrollkort / kjeve eller manglande innsending kan medføre eit gebyr på kr 1000,- jf. kontrakt.

12/09/2024

Visste du at Luster kommune har vedteke skotpremie på fleire artar smårovvilt og rovfuglar?

Fjellstyret har teke på seg kontroll og registrering.
Me har "opningstid" tysdagar i partalsveker kl 18:00 - 19:00 på skytebana i Gaupne.

Det gjeld desse artane:
Raudrev: Kr 600,-
Mink: Kr 70,-
Mår: Kr 200,-
Kråke: Kr 50,-
Ravn: Kr 100

Ta med alle føter/labbar.

12/09/2024

Villreinutvalet har utarbeidd folderen med mykje relevant informasjon om årets jakt. Denne finn du her og er noko alle jegerar må gjere seg kjend med før jakta. I folderen blir også informasjon om felling av kluftbukk og liten kalv innlemma. Her er det også informasjon om registrering av felte ...

Adresse

Sviggaplassane 64
Marifjora
6873

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Luster Austre Fjellstyre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Luster Austre Fjellstyre:

Del