Masfjorden kommune

Masfjorden kommune Velkommen til Masfjorden kommune, halvanna time utanfor Bergen ~ vakker natur mellom høge fjell.

På denne måten ynskjer vi å gjere informasjon frå Masfjorden kommune lettare tilgjengeleg for publikum. Dette skjer ved at det vert laga peikarar frå denne sida, til informasjon som er lagt ut på kommunen si heimeside.

Hallo august, brått er me inne i siste del av sommaren. No kan de begynna å sende inn plakatar til infoskjerm og info-ap...
03/08/2026

Hallo august, brått er me inne i siste del av sommaren. No kan de begynna å sende inn plakatar til infoskjerm og info-app.
Det skjer litt på kulturfronten, berre sjå her🤩

07/07/2026

Sommaren nærmar seg, og dei som administrerer Infoskjermane er no inne i siste arbeidsveke før ferie☀️👙
Har du ein plakat eller informasjon som skal visast i løpet av sommaren, ber me om at dette blir sendt til oss innan fredag. Då kan me sørgje for at innhaldet kjem på skjermane før ferien tek til🤗 Masfjorden frivilligsentral

Reguleringsplan for Hosteland Aust er no lagt ut til offentleg ettersyn. Føremålet med framlegg til reguleringsplan for ...
06/07/2026

Reguleringsplan for Hosteland Aust er no lagt ut til offentleg ettersyn. Føremålet med framlegg til reguleringsplan for denne delen av Hosteland aust, er å leggja til rette for etablering av fleirbrukshall vest for Nordbygda skule. samt sikra tilkomstveg og parkeringsareal til denne. Du kan lesa meir på heimesida:

Kommunestyret i Masfjorden kommune har i møte den 30.06.2026 i sak 46/2026, gjort vedtak om å leggja 1. gangs framlegg til reguleringsplan for Hosteland Aust - fleirbrukshall ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Reguleringsplanen har fått plan ID – 4634_2025004...

Offentleg ettersyn – endring av reguleringsplan for bru over Masfjorden. Føremålet med framlegg til endring av regulerin...
06/07/2026

Offentleg ettersyn – endring av reguleringsplan for bru over Masfjorden. Føremålet med framlegg til endring av reguleringsplan for bru over Masfjorden er å endra reguleringsplanen frå hengebru til flytebru. Frist for merknader er 31.08.2026.
Sjå alle dokumenta på heimesida:

Kommunestyret i Masfjorden kommune har i møte den 30.06.2026 i sak 45/2026, gjort vedtak om å leggja framlegg til endring av reguleringsplan for bru over Masfjorden ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Frist for merknader er 31.08.2026.

DELBAR🛼🎾🛹Me fekk inn mange forslag til namn på utlånssentralen vår. Me valgte vekk alle alternativa som hadde ordet "Bua...
03/07/2026

DELBAR🛼🎾🛹
Me fekk inn mange forslag til namn på utlånssentralen vår. Me valgte vekk alle alternativa som hadde ordet "Bua" i seg, for å skille oss frå det etablerte Bua-konseptet.
Videre ønskte me eit kort, beskrivande og litt fengande namn - og endte tilslutt opp med å leggje ut tre alternativ på facebook, der DELBAR fekk desidert flest stemmer.
Forslaget kom inn på e-post, og vart sendt av Anne Sofie, Jorunn Andrea og Thor Magnus🤩Takk for engasjementet!

Denne veka har vi hatt 25 aktive og blide ungar med oss, og dei har gjort dette til ei minnerik veke. For ein flott gjen...
03/07/2026

Denne veka har vi hatt 25 aktive og blide ungar med oss, og dei har gjort dette til ei minnerik veke. For ein flott gjeng!

I år hadde vi med oss fem flotte aktivitetsvertar som bidrog til ei trygg, kjekk og innhaldsrik aktivitetsveke med mellom anna maling, leik, natursti ,og mykje meir.

Tusen takk òg til Masfjorden Taxi, som som alltid stiller opp. Det gode samarbeidet betyr mykje og sikrar trygg og god logistikk gjennom heile veka.

Takk til Nordbygda helselag som spandererte pølse -og brød og is på gjengen :)

Tusen takk til alle som har bidrege, og takk for nokre supre dagar!

30/06/2026

Heia Norge🇳🇴
Aktivitetsveka er i gang, i dag har me vore på Matre og mellom anna varma opp til VM-kamp i kveld. Masfjorden frivilligsentral

Me hadde litt problem med det tekniske på kommune-TV. Mellom anna vart ikkje presentasjon frå Norconsult om Endring av r...
30/06/2026

Me hadde litt problem med det tekniske på kommune-TV. Mellom anna vart ikkje presentasjon frå Norconsult om Endring av reguleringsplan for Masfjordbrua vist på streamingen.
For å sjå presentasjonen kan du gå inn på:

Velkommen til Masfjorden kommune. Her finn du kommunen sine tenester på nett.

Kommunestyret har no møte som du kan følgje på kommuneTV. Det eine kameraet blinkar ein del, det får me dessverre ikkje ...
30/06/2026

Kommunestyret har no møte som du kan følgje på kommuneTV. Det eine kameraet blinkar ein del, det får me dessverre ikkje gjort noko med i dag.

Adresse

Austfjordvegen 2724
Masfjordnes
5981

Åpningstider

Mandag 08:30 - 15:00
Tirsdag 08:30 - 15:00
Onsdag 08:30 - 15:00
Torsdag 08:30 - 15:00
Fredag 08:30 - 15:00

Telefon

+4756166200

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Masfjorden kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Masfjorden kommune:

Snarveier

Del

Type