Stordalshallen

Stordalshallen Stordalshallen er ein fleirbrukshall med klatrevegg og miniatyrskytebane, i tillegg til idrettshallen på 22 x 44 meter. Les detaljert info!

Det er vidare eigen grendasal og kjøkken der. Stordalshallen er elles rikt utrusta når det gjeld utstyr.

KLART FOR EIN NY HAUST MED STOR AKTIVITET!Vi er i gong med ein ny haust og dermed er også aktivitetsnivået i Stordalshal...
06/08/2026

KLART FOR EIN NY HAUST MED STOR AKTIVITET!

Vi er i gong med ein ny haust og dermed er også aktivitetsnivået i Stordalshallen raskt tilbake til normalen.

Først ute er dei som nyttar grendasalen til sine faste øvingar og etterkvart vil det bli aktivitet der mest kvar einaste kveld. Truleg vil øvingstidene i grendasalen bli som før ferien, men det er naturlegvis også mulig å gjere justeringar og ikkje minst også få plass til nye brukargrupper om det skulle vere ønske om det.

Også denne hausten ligg det an til nytt kurs i yoga i regi av Merete Myklebust. Pensjonisttreffa første onsdagen kvar månad står sjølvsagt også på programmet og då med oppstart den 26. august.

Treningstidene i idrettshallen skal også fordelast etterkvart. Sjølv om mange av fotballaga kjem til å trene utandørs ein god periode fortsatt, kan det vere lurt å melde inn ønska sine så tidleg som mulig. Dette, ikkje minst om det er slik at ein har bestemte ønske i høve til dag og tid. Om det er andre/nye grupper som har ønske om fast treningstid i Stordalshallen er det berre å ta kontakt.

For at det ikkje skal gå for lang tid før ny oversikt kjem på plass, vil vi gjerne at alle som ønsker trenings- og øvingstid i Stordalshallen denne hausten, melder inn ønska sine innan fredag 21. august.

Stordal skule vil sjølvsagt også kome i gong med kroppsøvingsundervisninga si i idrettshallen, så snart nytt skuleår er i gong.

Vi gjentek gjerne at vi må kunne hevde at vi er særs privilegerte med tanke tilgjengelegheit til anlegg/lokale her hjå oss.

FLOTTE ARRANGEMENT!

Også denne sommaren er det gjennomført aktivitetsopplegg som inngjekk som ein del av Barnas Supersommar. Då fekk ein god gjeng med born frå heile kommunen boltre seg i idrettshallen, under leiing av SFO. Ikkje minst var det stas for borna å få vere med på klatreinstruksjon i regi av Robin Aasen og Kjell Mulelid. Vi er verkeleg heldige som har slike eldsjeler.

Når vi no legg sommaren bak oss, tek også arrangementsaktiviteten seg opp att. Sjølv om ikkje alle arrangementa er datofesta enno, kan vi med glede melde at Big Valley Voices førebur konsert siste helga i september og ikkje minst kan vi sjå fram til stor jubileumskonsert med Stordal Hornmusikklag når vi blar om til november månad. Det er ikkje eit reint lite jubileum vi snakkar om heller. Stordal Hornmusikklag vil nemleg då markere at dei er 135 år!

Når det så nærmar seg jul, så veit dei fleste kva det betyr med tanke på flotte arrangement.

Dei mange flotte arrangementa i regi av Stordalshallens Venner og Stordal Revylag må verkeleg også trekkjast fram. Rett før ferien fekk vi vere med på nok ei utgåve av «Visepøbb» og på hausten er det «Oktoberfest» som plar stå på programmet. I tillegg til at arrangement som dette gir oss særs flotte opplevingar, går inntektene til vidare utvikling av nettopp Stordalshallen. Saman med inntektene frå Årsfestane, har dette m.a. gjort det mulig å totalrenovere grendasalen. Etter ein imponerande dugnadsinnsats frå slutten av desember og utover nyåret, framstår denne no som ny. Montering av lydisolerande plater i tak og veggar har - i tillegg - bidratt til perfekt akustikk der. Stordalshallens Venner har også fått betydeleg støtte m.a. frå Sparebanken Møre til denne satsinga, m.a. i form av midlar til innkjøp av meir lydutstyr.

Ein oppgradert og nyoppussa grendasal, bidreg naturlegvis også til at det er blitt endå meir populært å leige Stordalshallen til tilstellingar av ulikt slag og sjølvsagt var det stinn brakke også i samband med Norge sin suksess i fotball-VM.

FLEIRE BESØK UTANFRÅ

Vi har alt fått nye henvendelsar frå lag som ønskjer å legge opp til treningssamlingar i Stordalshallen. Så har vi i tillegg dei som kjem tilbake år etter år. Utfordringa har tidlegare vore å finne ledige helgar til dei mange som ønskjer kome. Dette også på grunn av alle dei flotte arrangementa. Vi oppmodar difor om at dei som har planar om å gjennomføre treningssamlingar, øvingshelgar el.l. om å ta kontakt så tidleg som mulig, for reservering.

TRUFASTE SAMARBEIDSPARTNARAR!

Interessa for reklameplass i Stordalshallen er fortsatt god. Dei fleste av våre samarbeidspartnarar har vore med på laget i fleire tiår og profileringskonseptet vårt er, som tidlegare peika på, den viktigste årsaka til at drifta av Stordalshallen har vore så suksessfull, også reint økonomisk. I tillegg til at dette har bidratt til balanse i rekneskapen, har det også gjort det mulig å investere i utstyr til ein verdi av nærare 2 millionar.

SNART KLART FOR JUBILEUM!

I skrivande stund er det faktisk berre eit halvt år til Stordalshallen kan feire 30 årsjubileum og det må sjølvsagt markerast. Noko av det som skal på plass no, er også ei ny utgåve av den populære «buffen» vår. Dette blir dermed også ei ny muligheit til nettopp å kunne få profilere våre mange gode samarbeidspartnarar.

Då er det berre å sjå fram til ein ny, innhaldsrik haust i Stordalshallen! 🙂

MEIR STØTTE FRÅ SPAREBANKEN MØRE! Jan Ole Strand i Stordalshallens venner, melder at Sparebanken Møre har gitt nye kr 50...
05/06/2026

MEIR STØTTE FRÅ SPAREBANKEN MØRE!

Jan Ole Strand i Stordalshallens venner, melder at Sparebanken Møre har gitt nye kr 50.000 til meir lyd- og lysanlegg i Stordalshallen. Vi har heller ikkje gløymt den generøse gåva frå banken i desember 2024. Den gongen mottok ein heile kr 125.000 til same føremålet.
Les meir her:
https://www.facebook.com/permalink.php?story_fbid=pfbid02EencpM4HNyczWAfoioqqBUkE9kMk98sm5TMGJyYJ3FEspGxiivY4faKUrA3p8hbSl&id=100048737686099

I tillegg til dette, har Sparebanken Møre nyleg også gitt TEFT-midlar til Stordal Klatreklubb sitt prosjekt for å få rusta opp klatreveggen i Stordalshallen.
.og sjølvsagt er banken også ein av Stordalshallen sine trufaste og godt synlege samarbeidspartnarar, noko dei har vore i snart 30 år!

Nok ein gong, tusen takk til Sparebanken Møre for den gode støtta!

INDRE SUNNMØRE BRANNKASSE PÅ PLASS! Felles for dei aller fleste av våre gode samarbeidspartnarar, er at dei har vore med...
03/06/2026

INDRE SUNNMØRE BRANNKASSE PÅ PLASS!

Felles for dei aller fleste av våre gode samarbeidspartnarar, er at dei har vore med på laget vårt veldig lenge. Ein av desse er forsikringsselskapet Indre Sunnmøre Brannkasse, som m.a. kan vise til at dei har vore tilstades lokalt, heilt sidan 1859. No har dei rett nok ikkje vore med på laget vårt heilt sidan då, men uansett stor stas å vise til at dei faktisk har vore med som støttespelar i over 20 år!

NYTT SAMARBEID
På selskapet si heimeside kan ein lese fyljande:
«Alle du kjenner, og alt du likar, er nøyaktig som før.» Det er den tydelege meldinga frå Terje Langlo, no som Indre Sunnmøre Brannkasse har nytt samarbeid med forsikringsselskapet Frende, som er kjent for å bry seg litt ekstra.
– Vi har bytt samarbeidspartnar for å sikre at vi kan halde fram som eit lokalt og kundeeigd selskap. Det er rådgivarane våre som kjenner kundane, og det er vi i brannkassa som har teke vare på kundane og forsikringane deira i generasjonar, seier Terje Langlo, som er dagleg leiar i Indre Sunnmøre Brannkasse.
Les meir her: www.isbr.no

NYTT, STØRRE SKILT
I samband med den nye satsinga no, har selskapet også fått på plass eit nytt og endå større skilt i Stordalshallen.

Vi set stor pris på det gode samarbeidet vi har hatt i alle desse åra og ser fram til å føre dette vidare også i åra som kjem.

ÅRSFESTANE HELD FRAM!Med grenda Vinje sin Årsfest vel i hamn, den  21. februar, kunne vi sjå tilbake på ein 28 år lang t...
26/04/2026

ÅRSFESTANE HELD FRAM!

Med grenda Vinje sin Årsfest vel i hamn, den 21. februar, kunne vi sjå tilbake på ein 28 år lang tradisjon. Sju grendelag hadde no stått som årsfestarrangør, fire gongar kvar.

Etter så mange år, er det heilt naturleg å vurdere om det kan vere behov for å gjere justeringar. Ikkje minst har alderssamansetting og folketal for øvrig, grendene imellom, endra seg.

Møte med Stordalshallens Venner og Stordal Revylag denne veka, synte at det var brei enigheit om at denne flotte tradisjonen, som har betydd så mykje for lokalsamfunnet vårt, bør vidareførast.

For å løyse utfordringane knytt til demografi, vart det bestemt at Dyrkorn går saman med Nejaføringane og at Dalane går saman med Øvrebust. Dermed blir arrangøransvaret frå no av fordelt på fem.

Årsfestarrangørane dei neste fem åra blir då:
2027 Hovslia
2028 Øvrebust/Dalane
2029 Nejaføringane/Dyrkorn
2030 Vinjehjellane
2031 Vinje

Tradisjonen med at det er årets arrangør, som peikar ut neste års hovudkomité vert også vidareført. Dermed blir det no opp til arrangørane frå i år (Vinje) å bestemme samansettinga av komitéen for festen i 2027.

Ansvaret for organiseringa av 17. mai er også fordelt grendene imellom og i år er det Hovslia som har teke over stafettpinnen, etter Dyrkorn. Neste år blir det då Øvrebust/Dalane sin tur.

KLART FOR NYTT, MEGASTORT LOPPEMARKED!Heller ikkje denne helga kan du la vere å oppsøke Stordalshallen. I morgon, laurda...
24/04/2026

KLART FOR NYTT, MEGASTORT LOPPEMARKED!

Heller ikkje denne helga kan du la vere å oppsøke Stordalshallen. I morgon, laurdag 25. april, kan du nemleg få med deg nok eit kjempestort loppemarked. Heile idrettshallen er teken i bruk og alt av bord for lengst reserverte. Dette betyr at vi her snakkar om eit loppemarked på over 1 000 kvadratmeter det!

I tillegg til å gjere gode kjøp, kan du også ta turen innom grendasalen, der det - som tidlegare - blir kafé. For den som eventuelt ikkje har besøkt grendasalen, etter at brukargruppene fekk pussa opp den, er dette verdt turen åleine.

Ved så store arrangement som dette, vert også grusbana tett attmed, nytta til parkering. Så heller ikkje dette med parkering vil bli noko problem.

Det er 8. klasse ved Stordal skule som står bak og dei gjentek med dette suksessen frå dei to foregåande åra. Takk til Corine Hoogendam for bilder frå loppemarkedet i 2025.

Dørene opnar kl 11.00 folkens!

STORDAL BARNEKOR MED ØVINGSHELG OG KONSERT! Denne helga er det Stordal barnekor som vil vere på plass i Stordalshallen.L...
16/04/2026

STORDAL BARNEKOR MED ØVINGSHELG OG KONSERT!

Denne helga er det Stordal barnekor som vil vere på plass i Stordalshallen.

Laurdagen blir det masse øving og felleslunsj i grendasalen. I tillegg blir det også tid til aktivitetar i idrettshallen.

Søndag (altså den 19. april) inviterer så koret til konsert, der det også blir kafé. I tillegg til dei flinke borna i det relativt nystarta koret, vil ein også få oppleve proffane i Big Valley Voices på scena.

Dette blir bra! :)

Sjå eigen plakat for meir.

HELSELAGSBASAR 2026Aktivitetane i Stordalshallen er sjølvsagt i full gong etter påske og i tillegg til dei faste trening...
10/04/2026

HELSELAGSBASAR 2026

Aktivitetane i Stordalshallen er sjølvsagt i full gong etter påske og i tillegg til dei faste treningane/øvingane, er nok eit flott seniortreff i regi av Stordal og Liabygda pensjonistlag, vel gjennomført.

I dag er vi så komne til første fredag etter påske, og veldig mange rundt om veit kva det betyr. Då er det nemleg klart for helselagsbasar! Få arrangement har vel lengre og flottare tradisjon, enn nettopp helselagsbasaren i Stordal. Stordal Helselag vart stifta 1. mars 1914 og det betyr at laget for lengst har feira 100 år. Om basartradisjonen er akkurat like lang skal vi ikkje påstå, men at dei kan sjå tilbake på mange, er det ingen tvil om. Etter at Stordalshallen stod ferdig for snart 30 år sidan, er det idrettshallen som er blitt nytta til denne unike basaren.

Alt er sjølvsagt rigga til (sjå bilder og plakat) og den supre gjengen i helselaget er klare for nytt storinnrykk, med oppstart kl 18.00!

VELLUKKA KORPSPROSJEKT OG KONSERT! Det er - som vanleg - stor aktivitet i Stordalshallen, der mellom anna arrangementa k...
25/03/2026

VELLUKKA KORPSPROSJEKT OG KONSERT!

Det er - som vanleg - stor aktivitet i Stordalshallen, der mellom anna arrangementa kjem tett. Denne helga var det kommunefest som stod på programmet, medan Stordal Skulekorps stod som arrangør av flott konsert helga før. Oversikta for det som skal skje vidare, viser at alt av helgar framover mot sommarferien er «booka». Oppmodinga blir derfor den samme som før; Ta kontakt så tidleg som berre mulig, for reservering.

Men tilbake til konserten;
Denne var på sett og vis finalen i samarbeidsprosjektet der Stordal skulekorps hadde invitert korpsa både på Stranda og i Valldal med på felles øvingshelg. Frå Valldal deltok også drilltroppa.

Gledelegvis vart også publikumsoppmøtet særs bra med nærare 100 betalande. (born og unge gratis) Vel fortjent det, også med tanke på kor mykje øving som ligg bak og det som elles må på plass for å gjennomføre det heile. Sjå lokalavisene våra for flotte omtalar.

Leiar i Stordal Skulekorps, Line Michelle Sandven, var også særs godt fornøgd med helga og hadde mellom anna fyljande å meddele i etterkant: «Med Joker på laget og Stordalshallen så er det heldigvis lett arrangere!»

Takk til Line, også for dei flotte bilda frå konserten. 😊

Adresse

Stordalsvegen 671
Meråker
6250

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stordalshallen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stordalshallen:

Snarveier

Del