Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Trygg framtid for folk og natur Her på Facebook vil vi dele aktuelle saker og arrangementer for målgruppene våre - alle som bur og arbeider i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (tidlegare Fylkesmannen i Møre og Romsdal) arbeider for at du skal få rettane dine slik Stortinget har bestemt. Oppvekst og utdanning, helse- og sosialtjeneste, samfunn og beredskap, justis og verjemål, miljøvern og landbruk er våre hovudarbeidsområde. Les meir om oppgåvene våre på nettsida: https://www.statsforvaltaren.no/mr
Høyr også gjerne podkasten vår "For

folk og natur": https://www.statsforvalteren.no/forfolkognatur

Du er velkomen til å like, kommentere og dele innlegga våre. Her på Facebook svarar vi ikkje på spørsmål om saker som er til behandling, og går ikkje inn i diskusjonar. Om du ønskjer eit formelt svar frå Statsforvaltaren, eller at det blir sett i gang ei sak, må du bruke dei moglege kanalanane du finn under "kontaktfana" på nettsida vår.

Takk til alle de som deltok på minnemarkeringar etter 22. juli 2011 i fylket vårt i går. Aldri tie, aldri gløyme!Bildet ...
23/07/2026

Takk til alle de som deltok på minnemarkeringar etter 22. juli 2011 i fylket vårt i går.

Aldri tie, aldri gløyme!

Bildet viser rosehjartet utanfor Molde domkyrkje.

22/07/2026

Vi søker områdedirektør for verksemdsområdet sosial berekraft hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Stillinga passar deg som er ein tydeleg og samlande leiar. Du arbeider strategisk, strukturert og resultatorientert. Du byggjer gode relasjonar og tek avgjerder i komplekse situasjonar.

Nokre av kvalifikasjonane vi ser etter er:
🔷 Relevant høgare utdanning på masternivå
🔷 Minst fem års leiarerfaring, gjerne frå offentleg forvaltning
🔷 Erfaring med endringsarbeid og strategiske prosessar
🔷 Dokumenterte gode leiareigenskapar og resultat
🔷 Svært gode norskkunnskapar

Du får ansvar for fem seksjonar og fem underdirektørar, og høve til å vere ein tydeleg og samlande leiar for desse om lag 70 medarbeidarane.

Les heile stillingsannonsa og søk her:
https://dfohr2780.jobs.hr.cloud.sap/job/Omr%C3%A5dedirekt%C3%B8r-for-sosial-berekraft/842-nb_NO/

📍Stad: Molde
⏳ Søknadsfrist: 13.08.2026

🤝Vil du vere med på å sikre at menneske med verje får teke i vare rettane sine?Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndig...
22/07/2026

🤝Vil du vere med på å sikre at menneske med verje får teke i vare rettane sine?

Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndigheit og vi har no ledig ei fast stilling som saksbehandlar ved seksjon verjemål.

Arbeid med verjemål er allsidig, og famnar mange ulike område som forvaltningsrett, arv- og skifte, bank og finans, helse, barnerett med meir.

Les heile stillingsannonsen og søk her: https://dfohr2780.jobs.hr.cloud.sap/job/Saksbehandlar-verjem%C3%A5l/841-nb_NO/

⏳Søknadsfrist: 9. august 2026
📍Stad: Molde

Foto: Shutterstock

🛡️Vil du jobbe med tryggingsleiing, regional samordning og kommunal beredskap?Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har ei ...
22/07/2026

🛡️Vil du jobbe med tryggingsleiing, regional samordning og kommunal beredskap?

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har ei sentral rolle i utviklinga av totalforsvaret i fylket. Dette arbeidet gjer vi i nært samarbeid med kommunar, regionale styresmakter og nasjonale myndigheiter. Samfunnstryggleik og beredskap er eit fagfelt i utvikling, og som stadig blir meir aktuelt.

Hos oss vil arbeidsoppgåvene mellom anna vere:
🔷Tryggingsadministrasjon i tråd med tryggingslova
🔷 Beredskapsplanlegging i samarbeid med nasjonale og regionale myndigheiter og kommunane, med særleg vekt på sivil-militært samarbeid
🔷Oppfølging av risiko- og sårbarheitsanalyse for Møre og Romsdal (Fylkes-ROS) på regionalt nivå

Les heile stillingsannonsen og søk her: https://dfohr2780.jobs.hr.cloud.sap/job/R%C3%A5dgivarSeniorr%C3%A5dgivar-samfunnstryggleik-og-beredskap/839-nb_NO/

⏳Søknadsfrist: 9. august 2026
📍Stad: Molde

Foto: Shutterstock

💧Vil du arbeide med saksbehandling knytt til vassforskrifta, vassressurslova og laks- og innlandsfiskelova?Seksjon for n...
22/07/2026

💧Vil du arbeide med saksbehandling knytt til vassforskrifta, vassressurslova og laks- og innlandsfiskelova?

Seksjon for naturforvaltning har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan vassforvaltning.

Vi arbeider med overvaking og forvaltning av vassdrag frå fjell til kyst, og bidrar til å sikre god økologisk og kjemisk tilstand i vassførekomstane i Møre og Romsdal. Stillinga vil bli knytt opp mot fagmiljøet innanfor ferskvatn.

Les heile stillingsannonsen og søk her: https://dfohr2780.jobs.hr.cloud.sap/job/R%C3%A5dgiverseniorr%C3%A5dgiver-vassforvaltning/840-nb_NO/

⏳Søknadsfrist: 9. august 2026
📍Stad: Molde

Foto: Unsplash

I dag roper vi høgt hurra for H.K.H. Kronprins Haakon som har bursdag i dag! Bildet er frå då han besøkte ulik sjømatnær...
20/07/2026

I dag roper vi høgt hurra for H.K.H. Kronprins Haakon som har bursdag i dag!

Bildet er frå då han besøkte ulik sjømatnæring i Romsdal denne våren. Vi ønsker Kronprinsen ein fin dag, eit godt år - og velkomen tilbake til fylket vårt!

Foto: Det kongelege hoff / Kongehuset

I år vil vi bruke drone til å fotografere 44 eksisterande og planlagte verneområde i fylket. Gode bilde er eit viktig ve...
10/07/2026

I år vil vi bruke drone til å fotografere 44 eksisterande og planlagte verneområde i fylket. Gode bilde er eit viktig verktøy i saksbehandlinga vår.

Les meir i kommentarfeltet👇

Foto: Per Eide

Høyring av vern av skog på Nordmøre: Framlegg om vern av tre verdfulle skogområde i Aure, Sunndal og Tingvoll har høyrin...
09/07/2026

Høyring av vern av skog på Nordmøre:

Framlegg om vern av tre verdfulle skogområde i Aure, Sunndal og Tingvoll har høyringsfrist 15. september.

Områda er tilbydd av grunneigarane etter ordninga med frivillig vern. Verneplanen omfattar å utvide eksisterande Husbyfjellet naturreservat, og nye naturreservat i Buavika på Aspøya i Tingvoll og Svarthammaren på Mjølkill i Sunndal. Totalt gjeld tilboda om lag 1800 dekar.

Les alle dokument i saka i lenka i kommentarfeltet 👇

Forslag til utvida vern ved Småge i Aukra kommune er no ute på høyring. Om du har merknadar til forslaget, kan du sende ...
08/07/2026

Forslag til utvida vern ved Småge i Aukra kommune er no ute på høyring.

Om du har merknadar til forslaget, kan du sende dei på e-post til [email protected] og skrive i emnefeltet «2024/5984 Høyring av utvida vern ved Smågevatnet naturreservat».

Send dine merknadar innan 18. september 2026!

Les meir om høyringa i lenka i kommentarfeltet👇

Foto: Øivind Leren

Adresse

Julsundvegen 9
Molde
6412

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:30
Tirsdag 09:00 - 14:30
Onsdag 09:00 - 14:30
Torsdag 09:00 - 14:30
Fredag 09:00 - 14:30

Telefon

+4771258400

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Statsforvaltaren i Møre og Romsdal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

Snarveier

Del