Du finn informasjon om rutetider, prisar og meir på frammr.no. På denne sida vil vi dele nyttig informasjon om det å reise kollektivt i Møre og Romsdal. Facebook-sida vår er ein generell informasjonskanal. Av omsyn til kapasitet og personvern har vi ikkje moglegheit til å følgje opp alle kommentarar på facebooksida, så du bør ikkje stille spørsmål i kommentarfeltet som det hastar å få svar på, el
ler som inneheld informasjon som ikkje bør vere synleg for alle. Nettsida vår, frammr.no, gir god informasjon om avvik og forseinkingar, reiseplanlegging, billettar, prisar og praktisk informasjon om det å reise kollektivt. Har du spørsmål om avgangar, prisar eller andre praktiske ting som gjeld di reise, kan du også kontakte FRAM Kundesenter. Kundesenteret er ope 08.00-16.00 på kvardagar og du kan kontakte dei ved å sende e-post til [email protected] eller ringe dei på telefon 71 28 01 00. FRAM si Facebook-side skal vere trygg å besøke
Kollektivtrafikk er noko som mange engasjerer seg i, og vi set pris på at du engasjerer deg og kommenterer på stoffet vi publiserer. Vi ønsker å holde ei god tone på vår Facebook-side, og oppfordrar alle til å halde seg til konstruktive kommentarar. På den måten blir det hyggelegare for alle som er inne på sida. Facebook har 13 års aldersgrense. FRAM si Facebook-side skal vere ein trygg og god plass å stikke innom åleine, også for barn på 13. Vi vil slette kommentarar som inneheld
- Krenkande kommentarar og personangrep
- Overdriven bruk av ufint språk og banning
- Lovbrot eller oppmodingar om det
- Spamming og eller overdriven bruk av lenking til anna innhald
- Reklame eller lenker som verker salgsfremmande
- Lenker til innsamlingsaksjonar
- Diskriminering av kjønn, seksuell legning, etnisitet eller religion
- Truslar mot enkeltpersonar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar
- Offentleggjering av namn utan at det er ei rimeleg grunn til det
- Sjikane av enkeltpersonar eller grupper
For å kommentere på Facebook-sida skal du skrive under eige namn. Desse reglane gjeld også for meldingar som blir sendt i innboks. Kjem det meldingar som bryt med reglane, vil dei bli sletta. Hugs at du er juridisk ansvarleg
Du er juridisk ansvarleg for det du skriv i kommentarfeltet vårt, og det du skriv hos oss er ei offentleg ytring. Viss du skriv ting som bidrar til ærekrenking, øydelegg privatlivets fred, inneheld truslar eller hatefulle ytringar, kan du bli rettsleg forfølgt for dette, sjølv om vi slettar innlegget i ettertid. Meld frå
Gi oss gjerne for tips og tilbakemeldingar om innlegg som bryt med retninglinjene våre, slik at vi kan gå inn og sjekke. Send på e-post til [email protected].