Hennebygda

Hennebygda I Hennebygda bur det ca 70 hennjara, bygda er delt inn i indre, ytre og øvre Henden og Ladehaug. Hennebygda samfunnshus er bygda sin samlingsplass.

Ca 10 km austover frå Lote, ligg den usjenerte og fredelige Hennebygda. Med sine godt og vel 60 fasbuande er Hennebygda ei bygd i vekst. Folketalet doblar seg om sommaren, og "Hennjane" har vore ein populær "ferieplass" i 4000 år. Funn av gamle hustufter tyder på at menneske budde her berre deler av året. Det er fleire helleristningsfelt i bygda, og det er registrert mange gravfunn. Notidsfolket t

rivst og samhandlar godt. Bortsett frå landbruk og alternativ behandling er det ikkje næringsverksemd i bygda. På fritida driv folk med sjø- og båtliv, hest, jakt og friluftsliv. På kulturfronten finn du spel- og dansarlag, revy og andre sosiale samkomer som gjer trivselsfaktoren høg. Mykje av dette skjer på samfunnshuset som bygdafolket utviklar og vedlikeheld på dugnad. Stadig fleire leiger desse lokala ved fjorden for bryllaup, konfirmasjonar pg blåturar. Ein fest i "Hennjane" blir ikkje så lett gløymd!

08/03/2026

Adresse

Panoramavegen
Nordfjordeid
6770

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hennebygda legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del