Stad Arbeidarparti

Stad Arbeidarparti Arbeiderpartiet sitt lag i Stad kommune🌹

Kjekt med ein liten pop-up stand på Nordfjordeid i dag.Gode samtaler, både litt ris og litt ros, nett slik det skal vere...
09/05/2026

Kjekt med ein liten pop-up stand på Nordfjordeid i dag.
Gode samtaler, både litt ris og litt ros, nett slik det skal vere 😊
No har vi starta arbeidet med nytt partiprogram, og vil høyre kva som er viktig for deg 🌹

19/04/2026

Arbeidet med nytt fylkestingsprogram er i gang - ope for alle å komme med innspel 🌹

I kveld er det medlemsmøte der vi startar opp programarbeidet - Kva er viktig for deg?Alle medlemmer i Stad Arbeiderpart...
09/04/2026

I kveld er det medlemsmøte der vi startar opp programarbeidet - Kva er viktig for deg?
Alle medlemmer i Stad Arbeiderparti er hjarteleg velkomne 🌹

9. apr 2026 kl. 19:00 - 9. apr 2026 kl. 21:00

I helga har vi vore på årsmøte i Vestland Arbeiderparti 🌹Mange kjekke folk, veldig bra debatt og mykje gode politiske ve...
15/03/2026

I helga har vi vore på årsmøte i Vestland Arbeiderparti 🌹
Mange kjekke folk, veldig bra debatt og mykje gode politiske vedtak 👍

Martha Kjøllesdal heldt eit godt innlegg om lokalsjukehus. Judith Margrete Kvåle heldt eit glimrande innlegg om Stad skipstunnell. Siri Sandvik snakka om verdiskaping i Vestland og særleg langs kysten.

Stad Ap hadde sendt inn tre politiske forslag - om deltakarlova, om dørterskelteneste gjennom posten og om Stad skipstunnell. Vi fekk gjennomslag for alle forslaga våre i fylkespartiet, og det er vi godt fornøgde med 😊

Ein bra dag i kommunestyret med beste gjengen 🌹
12/03/2026

Ein bra dag i kommunestyret med beste gjengen 🌹

I kommunestyremøtet i dag, heldt vår eigen Kristoffer eit svært godt og klokt innlegg i saka om vedtekter for kommunale ...
12/03/2026

I kommunestyremøtet i dag, heldt vår eigen Kristoffer eit svært godt og klokt innlegg i saka om vedtekter for kommunale barnehagar, etterfulgt av eit samrøystes vedtak om løpande barnehageoppta.

Innlegget i sin heilhet kan lesast nedanfor:

Som småbarnsfar, og som lokalpolitikar, kjenner eg på kroppen kor mykje barnehagekvardagen betyr for familiar – i heile Stad. I dag behandlar vi reviderte Vedtekter for kommunale barnehagar, og eg vil særleg løfte fram noko som er avgjerande for både tilflytting, busetting og kvardagslogistikk:
Behovet for løpande opptak i barnehagane våre.

I framlegget til vedtektsendringar ligg det føre at vi skal halde fram med eitt hovudopptak, men at barnehagane kan ha supplerande opptak gjennom heile året når ressursane tillet det.
Dette er viktig, og eg vil understreke kor verdifull denne fleksibiliteten er for eit distriktsamfunn som vårt.

Vi veit at tilflytting ofte skjer «midt i året» – når foreldre får ny jobb, når familiar kjem heim att, eller når folk vurderer å etablere seg her. For mange familiar kan det vere heilt avgjerande at ein ikkje må vente i månadsvis på barnehageplass. Det kan rett og slett vippe avgjerda om dei vel Stad – eller ein annan kommune. Det var i vert fall heilt avgjerande for oss då vi valte å flytte tilbake til Selje sommaren 2021.
Vi konkurrerer om arbeidskraft, om barnefamiliar og om livskraftige bygder. Då må vi tilby ein barnehagepolitikk som møter kvardagen slik den faktisk ser ut.

• Det handlar om likskap, fordi alle familiar – ikkje berre dei som får barn på «rett tid» av året – skal ha like moglegheiter til ein trygg oppstart i barnehagen.
• Det handlar om fridom, fordi familiane skal kunne flytte til Stad utan å risikere lange periodar utan omsorgstilbod.
• Og det handlar om solidaritet, fordi fleksible løysingar treffer dei som treng det mest: dei som ikkje har råd til uløna permisjon eller som står i ein sårbar livssituasjon.
Den viktigaste ressursen i Stad kommune er menneska som bur og arbeider her. Å legge til rette for tilflytting og stabile bumiljø er derfor ei av kjerneoppgåvene til oss lokalpolitikere.

I fleire av bygdene våre er barnehagen ein av dei viktigaste grunnpilarane for å få familiar til å etablere seg. Dersom vi gjer tilbodet mindre føreseieleg ved å snevre inn opptaksmoglegheitene, kan det ramme distrikta spesielt hardt.
Då må vi ikkje svekkje det som er ein av dei få reelle flyttefordelane vi kan tilby: fleksibilitet og nærleik.

Vi er alle her opptatt av ansvarleg økonomisk styring. Men ansvar er ikkje berre å kutte – ansvar er også å investere i tiltak som skaper vekst, innflytting og arbeidskraft.
Supplerande opptak gjennom året krev ikkje nødvendigvis meir ressursbruk – det krev berre at vi brukar kapasiteten klokt. Og som saka viser, er dette allerede mogleg når ressursane tillet det. Dette er ei ordning som gjev mykje verdi for lite kostnad.

I ei tid der vi veit at rekruttering, arbeidskraft og tilflytting er blant dei største utfordringane for Stad kommune, må vi ikkje gjere barnehageopptaket til ein flaskehals.
Løpande opptak er ikkje berre ei barnehagesak. Det er ei distrikts- og samfunnsutviklingssak.
La oss sørge for at Stad kommune held på eit barnehagetilbod som møter folk der dei er – når dei treng det – og som gjer det enklare for familiar å ta valet om å bygge livet sitt her.

Gratulerer med den internasjonale kvinnedagen! Mykje er oppnådd, men det er også mykje som gjenstår.Kjemp vidare 💪
08/03/2026

Gratulerer med den internasjonale kvinnedagen! Mykje er oppnådd, men det er også mykje som gjenstår.
Kjemp vidare 💪

I kveld hadde vi eit svært godt årsmøte i Stad Arbeiderparti 🌹God innleiing av vår stortingsrepresentant Torbjørn Vereid...
22/01/2026

I kveld hadde vi eit svært godt årsmøte i Stad Arbeiderparti 🌹
God innleiing av vår stortingsrepresentant Torbjørn Vereide, og engasjert debatt etterpå.
Loddsalg på tradisjonelt vis 😉
Val av nytt styre.
Takk særleg til avtroppande leiar Terje Ødegård, og gratulerer og lukke til til ny leiar Martha Kjøllesdal 😊

Dei siste par dagane har ordførar Judith og gruppeleiar Siri delteke på Vestland Ap si årlege ordførar- og gruppeleiarsa...
13/01/2026

Dei siste par dagane har ordførar Judith og gruppeleiar Siri delteke på Vestland Ap si årlege ordførar- og gruppeleiarsamling i hovudstaden 🌹
To dagar med gode samtaler, politisk påfyll, gode muligheter til å påverke og formidle våre synspunkt - og kjekke dagar med gode partikollegaer 👍
Takk til stortingsgruppa vår for godt opplegg 😊

Alle medlemer er velkomne til årsmøte :)
04/01/2026

Alle medlemer er velkomne til årsmøte :)

22. jan 2026 kl. 18:30 - 22. jan 2026 kl. 21:00

Adresse

Nordfjordeid
6770

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stad Arbeidarparti legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del