24/12/2025
God jul og godt nyttår frå Kvam ungdomsråd! 🎄✨
Me ønskjer alle i Kvam ei varm og fin julehøgtid – og eit godt nyttår.
Jula kan kjennast ulik for folk. Nokon har det skikkeleg godt, medan andre kan synast det er litt vanskeleg. Difor vil me minna om kor mykje små ting kan bety: eit smil, ei melding, ein invitasjon eller berre det å spørja korleis nokon har det ❤️
Ta vare på kvarandre, og ver litt ekstra rause med kvarandre i desse dagane.
Me vil òg senda ei stor takk til dei avtroppande medlemmene og varaene for innsatsen og engasjementet deira:
Victoria Høyland, Liselotte Lehmbre, Henrikke Steine, Morgan Augestad Ljones, Lisbeth Lingener og Viljar Botnen.
Frå januar er me tilbake att – og då med eit større ungdomsråd! Me går frå 11 til 13 medlemmar, og gler oss til å jobba vidare for ungdom i Kvam!
God jul og godt nyttår! 🎆✨
Helsing Kvam ungdomsråd