Kvam brann og redning

Kvam brann og redning Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Kvam brann og redning, Brannstasjon, Grovagjelet 16, Norheimsund.

Røykdykking er ei av dei farlegaste oppgåvene ein brannkonstabel utfører 👨‍🚒🔥Å gå inn i brennande, røykfylte og varme by...
02/03/2026

Røykdykking er ei av dei farlegaste oppgåvene ein brannkonstabel utfører 👨‍🚒🔥

Å gå inn i brennande, røykfylte og varme bygningar for å redda liv er ekstremt krevjande. ​Difor er det strenge krav til årlege medisinske og fysiske testar. I tillegg øver me jamleg for å halda kompetansen oppe.

​For tida står det ein eigen røykdykkarcontainer ved stasjonen vår i Norheimsund. Denne går på rundgang mellom mange kommunar gjennom samarbeidet i Vest brann og redningsregion.

I denne containeren kan me:
• ​Simulera ei realistisk romløysing i eit hus.
• ​Fylla rommet med tett røyk.
• ​Kjenna på temperaturar opp mot 300 grader.

​Dette gjer at me får øvd på ein effektiv og smart måte med høg kvalitet – slik at me er best mogleg rusta når det verkeleg gjeld 🔥

Brann-Norge er i sorg etter den tragiske brannen i Verdal i natt, der to brannkonstablar er sakna og antatt omkomne. Vår...
07/01/2026

Brann-Norge er i sorg etter den tragiske brannen i Verdal i natt, der to brannkonstablar er sakna og antatt omkomne. Våre tankar og djupaste medkjensle går til pårørande og våre kollegaer i Brannvesenet Midt ❤️

Fyrverkeri og stjerneskot er stas for dei små (og kanskje og dei store?). Men ein hyggeleg kveld kan fort snu om ein ikk...
30/12/2025

Fyrverkeri og stjerneskot er stas for dei små (og kanskje og dei store?). Men ein hyggeleg kveld kan fort snu om ein ikkje tenkjer tryggleik fyrst!

Brannbamsen Bjørnis og me andre i Kvam brann og redning oppmodar alle til å bruke vernebriller under handtering av fyrverkeri, og ungane synest det berre er stas å få bruke vernebriller når dei held i stjerneskotet 😊

Hugs og å lese bruksanvisinga for fyrverkeriet de har kjøpt. Les meir om tryggleik rundt bruk av fyrverkeri på: https://www.dsb.no/sikkerhverdag/fyrverkeri-og-eksplosiver/slik-bruker-du-fyrverkeri-trygt/

Riktig Godt Nyttår frå alle oss i Kvam brann og redning 😊🚒

I dag er røykvarslardagen! Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar, men berre når den verkar! Sjekkliste:✅Trykk på...
01/12/2025

I dag er røykvarslardagen! Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar, men berre når den verkar!

Sjekkliste:
✅Trykk på testknappen
✅Sjekk om de må byta batteri
✅Sjekk om røykvarslarane må bytast ut fordi dei er for gamle
✅Sjekk at alle kan høyre røykvarslaren godt i alle opphaldsrom

Kva gjev du til dei som «har alt» eller «ikkje treng noko»? Me i Kvam brann og redning har mange gode tips når besto ell...
12/11/2025

Kva gjev du til dei som «har alt» eller «ikkje treng noko»? Me i Kvam brann og redning har mange gode tips når besto eller besten har bursdag og ikkje ynskjer seg noko: komfyrvakt, brannteppe eller kanskje besøk frå ein elektrikar som tek ein sjekk av elektrisk anlegg! ✅

Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkome i brann enn resten av befolkninga. Samtidig vert det fleire eldre og dei bur heime lenger enn før. God brannberedskap reddar liv og det er ofte ikkje så mykje som skal til. Om det ikkje er ein bursdag rett rundt hjørnet kan ein prat rundt kjøkenbordet om brannfarar i heimen gjera stor forskjell.

Ta vare på kvarandre og dei eldre de har rundt dykk!

Oma brannstasjon har fått ny brannbil! 🚒 Den gamle brannbilen frå tidleg 90-talet er skifta ut. Den nye bilen er utstyrt...
22/10/2025

Oma brannstasjon har fått ny brannbil! 🚒

Den gamle brannbilen frå tidleg 90-talet er skifta ut. Den nye bilen er utstyrt med mannskapskabin, takkanon, firehjulsdrift, røykdykkarseter, stor vasstank, skumtank og diverse redningsutstyr, for å nemne noko.

Beredskapen i kommunen vår og tryggleiken til innbyggjarane er noko kommunen tek på alvor, og denne brannbilen er eit teikn på det.

Me i Kvam brann og redning gler oss over at me har fått ein flott brannbil stasjonert på Oma brannstasjon! 😊

Bilen er levert av Egenes brannteknikk AS. Du kan lesa meir her: https://www.egenes.as/branntankbil-med-mannskapskabin-til-kvam-brann-og-redning?fbclid=Iwb21leANIhktjbGNrA0iGRmV4dG4DYWVtAjExAAEeD8ytwiRT0chJSRbC4dqNN4gxk69oBWzkAwP5pHtVmeYuaMGQ6pu5YlDfMO8_aem_0KbWT43a607YypKEGFqrug

Me går mot mørkare tider, og i dag er refleksdagen! Me i Kvam brann og redning ynskjer at alle skal vera trygge når dei ...
16/10/2025

Me går mot mørkare tider, og i dag er refleksdagen! Me i Kvam brann og redning ynskjer at alle skal vera trygge når dei ferdast ute i mørket, og håpar alle gjer som brannbamsen Bjørnis og brukar refleks 🦺 Ha ein trygg og fin haust 😊🚒

Kvam brann og redning har dei to siste vekene besøkt alle barnehagane i kommunen 🚨 Me har hatt brannvernundervising, ung...
11/09/2025

Kvam brann og redning har dei to siste vekene besøkt alle barnehagane i kommunen 🚨 Me har hatt brannvernundervising, ungane har fått helse på brannbamsen Bjørnis og dei har fått sjå og sitje i brannbilen 🚒 Me har kost oss og Bjørnis er strålande fornøgd med at han har fått mange klemmar og high-fives. Bjørnis har og fått flerie nye teikningar som han har hengt på veggen på brannstasjonen! Tusen takk for at me har fått kome på besøk til alle de kjekke store og små i barnehagane! 😊

Elsykkel og elsparkesykkel er ein fin måte å kome seg rundt på, men dei må innom ein stikkontakt for lading med jamne me...
05/09/2025

Elsykkel og elsparkesykkel er ein fin måte å kome seg rundt på, men dei må innom ein stikkontakt for lading med jamne mellomrom. Lading er ikkje risikofritt, og me i Kvam brann og redning vil difor gje dykk nokon ladetips:

✅Om mogleg bør lading skje ute
✅Om du må lade inne, lad i eit godt ventilert rom med røykvarslar
✅Ver vaken og til stades under lading
✅Unngå lading i rømmingsveg
✅Bruk originalladar

Middagen er kome på kok, ungane gjer lekser og spør om kvadratrota av pi, klesvasken skal hengjast opp og det ringjer på...
25/08/2025

Middagen er kome på kok, ungane gjer lekser og spør om kvadratrota av pi, klesvasken skal hengjast opp og det ringjer på døra. Det er fort gjort at "skal berre nett…" gjer at middagen får stå og koke for seg sjølv.

Branntilløp på komfyr er ei vanleg årsak til at brannvesenet rykkjer ut. Me i Kvam brann og redning ynskjer difor å oppmode alle til å skaffe seg komfyrvakt. Og uansett er det alltid lurt å skru ned varmen på kokeplata når du "skal berre nett…" 😊

Adresse

Grovagjelet 16
Norheimsund
5600

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvam brann og redning legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvam brann og redning:

Del