28/05/2024
Kjære foreldre/føresette. Kan de bidra til å førebyggje tjuveri hos barn og unge?
Ungdommar er viktige kundar, og dei fleste er også lovlydige kundar. Samstundes ser vi ein auke i talet på tjuverisaker hos ungdommar, både over og under den kriminelle lågalderen på 15 år. Det som går igjen er mellom anna tjuveri knytt til bruk av sjølvbetjentkasser. Ungdommane betaler for nokre varer og let vere å betale for andre.
Ein del av ungdommane som blir meld for tjuveri er førstegongskriminelle og dei er under 15 år. I avhøyr og samtalar hos politiet gir ungdommane som er tekne uttrykk for følgjande:
• At ungdommane er usikre på regelverket.
• At ungdommane opplever liten risiko for å bli tekne.
• At ungdommane trur dette er noko alle gjer og derfor rettferdiggjer handlinga.
• At ungdommane trur at handlinga ikkje får konsekvensar så lenge dei er under 15 år.
Vest politidistrikt ønsker å vere ein pådrivar for at politiet, Konfliktrådet, kommunane ved skulane og næringslivet saman klarer å snu den negative trenden. I den samanheng vil mellom anna skulane vere hjelpsame med å gjere elevane i 6.-10. klasse medvitne på regelverket, og Politiets nettpatrulje Vest vil formidle ut same bodskap i sine kanalar. Butikkane er oppfordra til å auke risikoen for å bli oppdaga, melde tjuveri frå butikk og til å samtykkje til at sakene kan følgjast opp i Konfliktrådet.
Vi i politiet ønsker oss også hjelp frå dykk foreldre/føresette. Vi ønsker at de er tydelege på at tjuveri, uansett form, er ulovleg og ugreitt, og at de følgjer med på om dykkar barn/ungdom har gjenstandar som han/ho ikkje burde ha.
Tusen takk for hjelpa😊
Helsing Vest politidistrikt