Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden Oselvarverkstaden tar vare på kunnskap om bygging og bruk av oselvarbåten

Oselvaren er ein svært gammal båttype, og gjennom dei par siste hundreåra har han vore den mest brukte småbåten på Vestlandskysten, både til fiske og transport. Utviklinga siste hundreåret har gjort at han no er ein rein fritidsbåt, og Oselvaren vart sommaren 2009 kåra til Noregs Nasjonalbåt! Båtbyggjartradisjonen er ubroten i Os i alle fall dei siste 250 åra, og heile den opparbeidde kunnskapen k

nytt til båtbygginga er såleis intakt. I 2016 vart Oselvaren, og kulturen kring bruk og bygging, ført opp på UNESCO si liste over gode vernepraksisar.

22/07/2026
Bergensavisen har møtt Bjarte Vestøl, som no etter meir enn tre månadar på sjøen, er framme i Bergen. Neste stopp blir p...
21/07/2026

Bergensavisen har møtt Bjarte Vestøl, som no etter meir enn tre månadar på sjøen, er framme i Bergen.
Neste stopp blir på Forbundet Kystens Landsstevne på Askøy, 23-26. juli.

Roing er 68 år gamle Bjarte Vestøls lidenskap. Nå ror han Norge på langs for en sak han brenner for.

Då Oselvarverkstaden vart etablert i 1997, var Nils Olav Solbakken ein av dei som la grunnlaget for verksemda. Saman med...
18/07/2026

Då Oselvarverkstaden vart etablert i 1997, var Nils Olav Solbakken ein av dei som la grunnlaget for verksemda.

Saman med Harald Dalland formidla han kunnskapen og dei handverkstradisjonane som framleis er fundamentet for arbeidet vårt.

Det er arven etter Harald Dalland og Nils Olav Solbakken vi er stolte av å føra vidare på Oselvarverkstaden.

Kven kunne rodd utan robåt? Denne austevollingen var heilt avgjerande for å berga båtbyggjartradisjonen, som seinare har fått Unesco-stempel.

14/07/2026

Denne filmen har vi fått tilsendt av Øystein Schjetne i Colombia. Filmen er laga av ungdom ved Albalab Centro de Innovación Juvenil i Cartagena, ein skule som Schjetne driv i Colombia.
Ungdomane i Cartagena er tydeleg inspirert av fotball VM og Noreg sin innsats både på bana og av den norske fansen.

Båten er truleg bygd på Drange kring 1930, og har reist den lange vegen frå Vestlandet til Colombia. No blir han brukt til å formidle norsk båtbyggjartradisjon og den maritime kulturarven vår til eit internasjonalt publikum.

11/07/2026
11/07/2026
Før ein nybygd oselvar forlèt Oselvarverkstaden, må han gjennom ein viktig tradisjon – båtslakten.Under båtslakten går a...
02/07/2026

Før ein nybygd oselvar forlèt Oselvarverkstaden, må han gjennom ein viktig tradisjon – båtslakten.
Under båtslakten går alle båtbyggjarane i fellesskap gjennom båten, detalj for detalj. Her blir både godt handverk og det som kan gjerast betre løfta fram. Målet er ikkje å finne feil, men å lære av kvarandre og sikre høgast mogleg kvalitet.
Båtslakten er ein viktig del av kunnskapsoverføringa mellom båtbyggjarar og lærlingar. Sjølv dei mest erfarne lærer stadig noko nytt gjennom faglege diskusjonar og kollegaene sine erfaringar.
I dag, like etter båtslakten, kom den nye eigaren og henta færingen. No skal båten fraktast til Sunnhordland, der han skal smørjast etter alle kunstens reglar før mange år på sjøen ventar.
Vi ønskjer den nye eigaren lukke til med ein båt som er bygd for å vare – og for å bli brukt.

Husk at alle som er medlem av Oselvarlaget kan låne båt gratis!
30/06/2026

Husk at alle som er medlem av Oselvarlaget kan låne båt gratis!

Adresse

Hamnevegen 41
Osøyro
5200

Åpningstider

Mandag 13:00 - 15:00
Tirsdag 13:00 - 15:00
Onsdag 13:00 - 15:00
Torsdag 13:00 - 15:00
Fredag 13:00 - 15:00

Telefon

+4796633531

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Oselvarverkstaden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Oselvarverkstaden:

Snarveier

Del