30/06/2026
🥇 Kven er din kandidat til årets nynorskkommune? 🏆
Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200 000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
Juryen vil prioritere kommunar og fylkeskommunar som viser til
• aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
• eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette
• tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
• opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
• tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
• tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område
I år vil juryen også leggje vekt på arbeidet dei nominerte gjer med lesing og litteratur.
I juryen sit representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS Kommunesektorens organisasjon.
📅 Fristen for å føreslå kommunar og fylkeskommunar er 3. august 2026.
Les meir om prisen og korleis du nominerer 👇
Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som legg godt til rette for nynorsken, og vinnaren får 200 000 kroner.