26/02/2026
No er alle tre vikingskipa trygt på plass i det nye Vikingtidsmuseet ⚓
Osebergskipet segla frå den gamle delen av museet og inn i den nye i september. Gokstadskipet følgde etter i oktober. Denne veka var det Tuneskipet sin tur.
I alt blei skipet flytta 130 meter frå sin tidlegare plassering i den gamle delen av museet.
Etter ein tjuvstart på måndag med førebuingar og eit par meter si flytting, blei skipet flytta 115 meter inn i den nye museumsdelen og senka ein etasje ned på tysdag. På sjarmøretappen onsdag blei skipet trekt på hjul eit par meter bort til basen der det skal stillast ut når museet opnar.
Som dei to andre skipa blei Tuneskipet flytta med kranbane i ein stålrigg 🐢 Gjennomsnittshastigheita var 24 cm i minuttet bortover og 7 cm nedover.
Det nye Vikingtidsmuseet utgjerast av eit nytt sirkelforma bygg, som koplar seg på det eksisterande korsformede bygget, noko som vil tredoble museets utstillingsområde. Etter planen vil vi ferdigstille det nye museet neste år.
Det kjennest utruleg godt at vi nå har fått skipa trygt på plass etter mange år med førebuingar og trening. At desse komplekse flytta har gått så bra som dei har gjort, seier mykje om både kompetansen til alle dei vi har med oss i prosjektet og det gode samarbeidet vi har hatt oss imellom! 👷♀️👷♂️
Imenco, AF Gruppen Multiconsult AART Kulturhistorisk museum + Brekke & Strand
🎥 Timelapse-klipp: Kråkefoto v/ Petter Schmedling
📸 Klipp fra rigg og thumbnail: Vikingtidsmuseet/Universitetet i Oslo