15/08/2026
Kor godt forstår du norrønt?
Test deg sjølv med norrønfilolog Magnus Rindal. Han har omsett Magnus Lagabøtes bylov, som no kjem ut i ei heilt ny utgåve både på originalspråket norrønt og på nynorsk.
Bylova, som er 750 år i år, regulerte livet i byane, til dømes korleis smeden og bakaren skulle utføre brannfarleg arbeid, og korleis ein skulle handtere fulle folk i gatene.
Den nye utgåva av Bylova er utgangspunkt for eit nytt foredrag av professor Kristin B. Aavitsland, som kjem til Nasjonalbiblioteket i Oslo 24. august for å snakke om byen ut frå tankeverda i mellomalderen.