Kulturminnefondet

Kulturminnefondet Kulturminnefondet er en tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Kulturminnefondet har ingen søknadsfrist.

Kulturminnefondet er en løsningsorientert, statlig tilskuddsordning og et lavterskeltilbud for private eiere av verneverdige kulturminner. Også frivillige lag og organisasjoner, enten de eier kulturminnene selv eller forvalter dem på vegne av andre, kan søke. Kulturminnefondet gir økonomisk støtte til bevaring av verneverdige kulturminner som bygninger, boliger, båter, hageanlegg og kulturlandskap.

Motorlyd er også kulturarv 🚜🚗🏍️Når ein veterantraktor startar opp på ein markdag, eller ei gammal lastebil rullar inn på...
03/06/2026

Motorlyd er også kulturarv 🚜🚗🏍️

Når ein veterantraktor startar opp på ein markdag, eller ei gammal lastebil rullar inn på eit treff, er det ikkje berre maskiner vi ser. Det er levande historie.

Rullande og bevegelege kulturminne fortel historia om arbeid, teknologi, samferdsel og kvardagsliv. Dei minner oss om korleis Noreg vart bygd, og dei held viktig kunnskap om handverk, reparasjon og vedlikehald levande.

Desse kulturminna blir best tekne vare på gjennom aktiv bruk. Derfor er det viktig å støtte dei mange eldsjelene som brukar tid, kunnskap og eigne ressursar på å halde kulturarven i gang.

Kulturminnefondet gir støtte til private eigarar og frivillige som ønskjer å ta vare på rullande og bevegelege kulturminne. Det er enklare å søkje enn mange trur, og vi hjelper gjerne undervegs.

For når motorane går, lever også historia vidare.

02/06/2026

Veteranvognløpet VossaRudl'n 2026 .

Flåklypa Grand Prix i Lom viser korleis rullande kulturminne blir tekne vare på og brukte. Har du eit veterankøyretøy me...
30/05/2026

Flåklypa Grand Prix i Lom viser korleis rullande kulturminne blir tekne vare på og brukte. Har du eit veterankøyretøy med ei historie å fortelje? Søk Kulturminnefondet om støtte. 🚗✨.

Sissel Irene Holt og familien har gjort ein imponerande innsats med å setje i stand den gamle tørrfisksjåen i Østervågen...
30/05/2026

Sissel Irene Holt og familien har gjort ein imponerande innsats med å setje i stand den gamle tørrfisksjåen i Østervågen i Vardø. Resultatet har vorte svært vellukka, og bygningen står no fram som eit flott døme på korleis kulturminne kan takast vare på gjennom aktiv bruk.

Kulturminnefondets direktør, Pia Wigtil, takka for det gode samarbeidet og rosar eigarane for innsatsen dei har lagt ned for å sikre eit viktig kulturminne for framtida. 👏🏽🏠⚓️.

I dag overrasket Tor-Erik Labahå  - Ordfører Vardø Kommune og Kulturminnefondets direktør Pia Wigtil, Christer Hurthi Ka...
28/05/2026

I dag overrasket Tor-Erik Labahå - Ordfører Vardø Kommune og Kulturminnefondets direktør Pia Wigtil, Christer Hurthi Karlsen med støtte til å ta vare på et viktig kulturminne fra etterkrigstiden.

Øllageret fra 1955 har vært et sentralt knutepunkt for forsyninger og beredskap i Finnmark – og er fortsatt i aktiv bruk i dag. Med nytt tak sikres bygget for framtiden

Husmannsplassen Karusbakken i Vågå er eit sjeldant  kulturminne med bygningar frå heilt attende til 1652. Tunet ligg høg...
26/05/2026

Husmannsplassen Karusbakken i Vågå er eit sjeldant kulturminne med bygningar frå heilt attende til 1652. Tunet ligg høgt og bratt til, med flott utsikt mot dalen og Jotunheimen – ei viktig ramme rundt opplevinga av plassen.

set i stand husmannsplassen som ein allment tilgjengeleg møteplass for arrangement, overnatting og kurs i tradisjonshandverk. Kulturminnefondet er stolt samarbeidspart.

Drøymer du om å setje i stand ein veteranbil, ein gammal traktor eller eit anna rullande kulturminne? 🚜🚗⛵Kulturminnefond...
20/05/2026

Drøymer du om å setje i stand ein veteranbil, ein gammal traktor eller eit anna rullande kulturminne? 🚜🚗⛵

Kulturminnefondet kan gje tilskot til istandsetjing og bevaring av rullande kulturminne over heile landet. Målet er å ta vare på både handverk, kunnskap og kulturhistoriske verdiar for framtida.

Foto viser ein sjeldan Volvo PV 657 fra 1936 som har fått støtte.

Har du eit prosjekt du ønskjer å realisere? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Les meir om kva du kan søkje støtte til og korleis du går fram på heimesida vår.

Ei trønderlån er meir enn eit hus – det er levande kulturhistorie. ❤️Ole Jørgen Børseth har gjort ein imponerande innsat...
19/05/2026

Ei trønderlån er meir enn eit hus – det er levande kulturhistorie. ❤️

Ole Jørgen Børseth har gjort ein imponerande innsats for å ta vare på denne vakre trønderlåna, ein av dei mest særmerkte bygningstypane i Midt-Noreg. Bygningen er eit vitnemål om busetjingsmønster, materialbruk og handverkstradisjonar som har prega landsdelen i meir enn 150 år.

Her hjå oss i Kulturminnefondet trur vi på vern gjennom aktiv bruk. Difor er det ekstra gledeleg å sjå at bygningen no kan takast i bruk med tett skifertak for framtida.

Vi har gjeve tilskot til omlegging av taket frå blikkplater til skifer, inkludert nye lekter, undertak og vindskier, eit arbeid som sikrar bygningen for komande generasjonar.

Resultatet har vorte fint, og eigaren har gjort ein framifrå jobb! 👏🏡

Eit lite hotell i Hardanger – med ei stor historie. Hotel Sundal Direktør Pia Wigtil vitja nyleg dette vakre kulturminne...
14/05/2026

Eit lite hotell i Hardanger – med ei stor historie. Hotel Sundal

Direktør Pia Wigtil vitja nyleg dette vakre kulturminnet for å heidre eigarane og det imponerande arbeidet som er lagt ned i restaureringa av bygningen. Med respekt for historia, handverk av høg kvalitet og eit stort engasjement har dei gitt nytt liv til ein heilt spesiell stad.

Kulturminnefondet er stolt samarbeidspartnar i prosjektet, og glad for å kunne bidra til at kulturarven i Hardanger blir teken vare på for framtida.

Takk til eigarane for innsatsen, engasjementet og kjærleiken til kulturminnet!

10/05/2026

Søk støtte til rullende og bevegelige kulturminner

Adresse

Bergmannsgata 17
Røros
7374

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 15:45

Telefon

+4773103600

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kulturminnefondet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kulturminnefondet:

Del