24/06/2025
Ein tekst og bilder om Jonsok fra Sølvin Refvik
Alle kjem vi frå ein stad, for min del ei akkurat passeleg stor øy litt nordover på Vestlandet.
Her er ein tekst skreven med stor grad av nostalgi (throwback som det no truleg heiter), ei romantisk skildring av korleis barndommen kan bli huska.
HUSKAR
Huskar tida med lange somrar
sola flaut varm over sand og hav
i båten sakte ut frå ein gammel molo
sjå fisken blinkar, sol som ligg lav
Er det ein hai eller kanskje ei flyndre
aldri før har eg vel sett ein slik
dersom eg fiskar hundretusen sånne
då vil eg vel bli umåteleg rik
Graset står langstrakt over marka
blir felt av slåmaskina tung og kvass
tenk å få ein slik brutal skjebne
når slåttekaren ivrig gir gass
Jonsokbålet gnistrar klart i natta
gir håp i ein kveld enno lys og ung
smilet og praten sit gjerne laust
etter ein arbeidsdag lang og tung
Ein kvit ball trillar lett over sanden
alle dei tøffaste blir hurtig to lag
dei største spelar mot dei minste
ein batalje, eit langt og ærerikt slag
Nokre småfuglar syng vare tonar
lette bølger bryter roleg mot land
eit blått blikk innbydande romantisk
ei hand søker sakte ei anna hand
I sommerkvelden er det godt å leve
ein stad mellom verkelegheit og draum
å stå her og minnest og sjå tilbake
i gamle gode tiders tankestraum
Står i natta, fylles sakte av eit
nostalgisk minne, eit tankesprang
til tider som for lengst er borte
minnest med glede alt som var ein gang
Sølvin Refvik