Gloppen Frivilligsentral

Gloppen Frivilligsentral Vi🔥for frivillig arbeid! -å vere frivillig er bra, både for den som gjer og den som får hjelpa💜 Gloppen Frivilligsentral brenn for å frivillig arbeid!

Vi formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet -nokon som treng hjelp og andre som ynskjer å hjelpe. Sentralen skal vere eit bindeledd mellom kommunen og dei frivillige og vi jobbar for å skape gode møteplassar for folk flest. Vi ønskjer å stimulere til frivillig innsats og samarbeider gjerne med frivillige lag- og organisasjonar, kommunen eller enkeltpersonar, om ulike aktivitetar og prosjekt. Har du ein ide? Kom innom for ein prat då vel:-)

22/05/2026
15/05/2026
Laurdagskafè laurdag 9. mai klokka 11-13☕️🍨🫖Hørselslaget arrangerer laurdagskafè på Gloppen Frivilligsentral. Her kan du...
07/05/2026

Laurdagskafè laurdag 9. mai klokka 11-13☕️🍨🫖

Hørselslaget arrangerer laurdagskafè på Gloppen Frivilligsentral. Her kan du treffe folk i same situasjon. Ta deg ein kopp kaffi, ete vafler og delta i gode samtalar. Folk frå styret, likepersonar og medlemer vil vere til stades og hjelpe til. Kom gjerne aleine eller ta med deg ein venn!

Velkomen😊!

07/05/2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flott...
06/05/2026

No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯

Pris:
Billett kjøper du i døra til kr 50,-
I billetten får du pizza, brus og er med i trekninga av flotte premiar!!!

Kva skjer?
Diskotek, Grip Mikrofonen, beach volley turnering og muligheit til å prøve spike ball, blaze pods og promillebriller.

Masse kjekke konkurransar med muligheit for å vinne småpremiar.
På slutten av kvelden vert det trekt ut heldige vinnarar av dei største premiane:

Masse kjekke konkurransar med muligheit for å vinne småpremiar.
På slutten av kvelden vert det trekt ut heldige vinnarar av dei største premiane:

Gåvekort kr 5000,- Gloppen Trafikkskule
Gåvekort kr 2000,- Sport 1
Gåvekort Skinlo & Co
Gåvekort boblefotball, Subben og Trivselshagen Bad og Idrett
Gåvekort klatring, Nordfjord Klatreklubb og Trivselshagen Bad og Idrett
Gåvekort for 5 på Escape Bus

Masse gåvekort og premiar!

Oppdateringar finns her: https://gloppen.frivilligsentral.no/nyhet?rusfri-16-mai-natt-2026&Id=46276

Dette er eit sosialt og kjekt ungdomsarrangement -See U there🥳🌿!!!

30/04/2026

Vi har utvida svarfristen til 16. mai!!
Vi oppmodar alle lag og organisasjonar i Gloppen som IKKJE har svart på kartleggingsskjemaet om å legge inn sitt svar.

Dette vil vere veldig nyttig i vårt arbeid med å utarbeide kommunedelplan for frivilligheit.

Adresse

Firdavegen 16
Sandane
6823

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:00
Tirsdag 09:00 - 14:00
Onsdag 09:00 - 14:00
Torsdag 09:00 - 14:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4792120505

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gloppen Frivilligsentral legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Gloppen Frivilligsentral:

Del