Føremålet med opprettinga er å ta vare på eit stort samanhengande område med vakker og variert natur, kulturlandskap og kulturminner. Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde er på 394 km2, og ligg i kommunane Gloppen, Naustdal, Jølster og Førde. Det er eit av dei beste beiteområda for husdyr i distriktet og kvar sommar vert det sleppt om lag 10.000 dyr på beite i og rundt verneområdet. Området er r
ikt på vilt og fisk. Her er ein eigen reinsdyrstamme på knappe 100 villrein, og det er gode bestandar av hjort i og rundt verneområdet. Her er mange gode fiskevatn der det er råd til å få fisk på fleire kg, der man og kan få kjøpe fiskekort. Indre Sunnfjord turlag har hytta si, Longevasshytta, liggande inni verneområdet. Det er ei open hytte der man kan overnatte eller legge inn eit dagsbesøk. Ellers er her mange innfallsportar med parkeringsplassar og merka stiar inn i verneområdet som ein kan bruke om ein vil ta seg ein tur i Nausutdal-Gjengedal. Gjennom vernet er det lagt avgrensingar på inngrep, byggeverksemd og motorisert ferdsle i landskapsvernområdet. Landskapsvernområdet vert forvalta av Naustdal-Gjengedal verneområdestyre, der det sit representantar frå kommunane og ein representant i frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Meir informasjon om Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, om regelverk og om forvaltninga kan du finne på nettsida:
http://www.nasjonalparkstyre.no/no/Naustdal-Gjengedal/
Kontaktinformasjon:
e-post: [email protected]
tlf: 57643138