Ålfotbreen landskapsvernområde

Ålfotbreen landskapsvernområde Ålfotbreen landskapsvernområde vart oppretta 9. januar 2009. Det er eit vilt og vakkert område, som er prega av tøffe klimatiske forhold.

Føremålet med opprettinga er å ta vare på eit vakkert og kontrastrikt område som er prega av dei vestlegaste isbreane i Noreg, og spesielle geologiske landskapsformasjonar Ålfotbreen landskapsvernområde er på om lag 226 km2, og ligg i kommunane Gloppen, Flora og Bremanger. Her finn vi dei vestlegaste isbreane i landet og og det er truleg det mest nedbørsrike området i Noreg. Landskapet er prega av

veldig spesielle formasjonar og spesiell geologi. Berggrunnen er restar av devonske bergartar (yngre enn grunnfjellet ellers) som stammar frå gammal havbotn. Derfor er her mykje konglomerat og sandstein, og ein kan finne enkelte fossilar. Høgaste fjellet i landskapsvernområdet er Gjegnen (1670 moh) som er det høgsate fjellet so langt vest i landet. Ikring dette barske fjellmassivet finn vi frodige lier og dalar med kulturlandskap og innslag av varmekjær lauvskog. Flora turlag har to turlagshytter inne i verneområdet, Gjegnabu og Blåbrebu. Her er fleire merka stiar og flotte turmål. Gjennom vernet er det lagt avgrensingar på inngrep, byggeverksemd og motorisert ferdsle i landskapsvernområdet. Landskapsvernområdet vert forvalta av Ålfotbreen verneområdestyre, som består av representantar frå dei tre kommunane og ein representant frå fylkeskommunen. For meir informasjon om verneområdet, regelverk, forvaltning med meir, sjå nettsida til Ålfotbreen landskapsvernområde:
http://www.nasjonalparkstyre.no/Alfotbreen

Kontakt:
e-post: [email protected]
tlf: 57643138

10.-13 juni var det Stiskule på Sandane, i regi av Miljødirektoratet, Jostedalsbreen nasjonalparkstyre, Naustdal-Gjenged...
16/06/2025

10.-13 juni var det Stiskule på Sandane, i regi av Miljødirektoratet, Jostedalsbreen nasjonalparkstyre, Naustdal-Gjengedal verneområdestyre og Ålfotbreen verneområdestyre.

Petter Bråten og Rune Holen frå Statens naturoppsyn underviste og rettleia i ulike teknikkar og metodar for å bygge, forsterke og reparere stiar i utmark. Dektakarane på stiskulen kom frå kommunar, verneområdeforvaltning, naturoppsyn, friluftsråd, frivillege organisasjonar og verksemder som jobbar med stisykling.

Mantraet er "rett sti på rett plass" og målet er å bygge stiar som toler mykje bruk, er rusta for nedbør og snøsmelting i eit endra klima, og samstundes tek vare på natur og beiteressursar.

Ålfotbreen verneområdestyre m.fl. arrangerer praktisk stikurs på Sandane i juni. Kurset er nyttig og relevant for alle s...
19/03/2025

Ålfotbreen verneområdestyre m.fl. arrangerer praktisk stikurs på Sandane i juni.
Kurset er nyttig og relevant for alle som vil lære seg utbetring og bygging av turstiar med robuste og naturvenlege teknikkar.

Kurset er gratis, men har avgrensa plassar.

Praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni 2025 18.03.2025 Miljødirektoratet arrangerer saman med verneområdestyra for Jostedalsbreen, Ålfotbreen og Naustdal/Gjengedal eit praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni. Målet med kurset er å lære meir om korleis vi kan ta vare på stiar i naturområde...

Denne veka har forvaltning og naturoppsyn vore i Grøndalen og gjort nokre forbetringar på hengebrua ved Grøndalstøylen. ...
06/07/2024

Denne veka har forvaltning og naturoppsyn vore i Grøndalen og gjort nokre forbetringar på hengebrua ved Grøndalstøylen.
Forankringa på vestsida er forsterka, det er laga til lettare inngang på brua på vestsida og trapp opp til brua på austsida. Brua er stramma opp og retta opp og det er lagt litt breiare gangbane. Det er og rydda vekk litt skrot og avfall som låg att etter tidlegare arbeid på brua.

Vingen helleristningsfelt og landskapsvernområde. Tippa det er mange sjølv her i distriktet som aldri har besøkt Vingen....
27/05/2024

Vingen helleristningsfelt og landskapsvernområde.
Tippa det er mange sjølv her i distriktet som aldri har besøkt Vingen.
Fascinerande å sjå på bergkunst og tenke på at i denne stille og ganske urørte perla med utsikt til Hornelen, sat dei for kanskje 6000 år sidan å hogg figurar i steinar og berg.

(NB: du må ha guide for å gå i land her)

Til orientering.Vi har fått rapport og bilete om at brua som vart montert ved Skarvevatnet i 2021 har fått seg ein knekk...
16/05/2024

Til orientering.
Vi har fått rapport og bilete om at brua som vart montert ved Skarvevatnet i 2021 har fått seg ein knekk og må reparerast.

Vi har ikkje lagt på sjølve dekke på brua i år, og vi rår frå å bruke brua før den er reparert. Eventuell bruk av brua i mellomtida er heilt på eige ansvar.

Vi har starta planlegginga for reparasjon og bestilling av deler, og satsar på å få reparert den i juni eller juli.

(foto: Martin Mettenes)

Her kan de lese årsrapport frå forvaltninga av Ålfotbreen landskapsvernområde:
11/01/2024

Her kan de lese årsrapport frå forvaltninga av Ålfotbreen landskapsvernområde:

Kongeleg resolusjon Verneforskrift Forvaltningsplan Årsrapportar Årsrapportar Kvart år skriv verneområdeforvaltar ein årsrapport for Ålfotbreen landskapsvernområde. Her kan du lese om viktige saker, forvaltning, tiltak og styrearbeid i dei enkelte åra. Årsrapport for Ålfotbreen LVO 2023 La...

Går du på tur i det unike landskapet i Ålfotbreen og lurer på korleis det har blitt til?Vi har fått laga ein film om det...
27/06/2023

Går du på tur i det unike landskapet i Ålfotbreen og lurer på korleis det har blitt til?
Vi har fått laga ein film om det!

Film som viser dei geologiske prosessane som har skapt det unike landskapet og dei høge fjella i det som i dag er Ålfotbreen landskapsvernområde.

12/01/2023

Her kan du lese ein kort årsrapport frå forvaltninga av Ålfotbreen i 2022.

09/01/2022

Ålfotbreen landskapsvernområde vart verna gjennom kongeleg resolusjon 9.januar 2009.
Det betyr at landskapsvernområdet fyller 13 år i dag, og går inn i dei spennande, men krevjande, tenåra...

Regjeringa føresler Ålfotbreen som ny nasjonalpark!
07/09/2021

Regjeringa føresler Ålfotbreen som ny nasjonalpark!

Om noen år kan ti nye områder i Norge få status som nasjonalparker.

Denne veka har forvaltning og naturoppsyn montert ny bru ved vakre Skarvevatnet i Gloppen. Elva som renn ut av Skarvatne...
01/07/2021

Denne veka har forvaltning og naturoppsyn montert ny bru ved vakre Skarvevatnet i Gloppen. Elva som renn ut av Skarvatnet må kryssast når man skal gå frå Mettenes eller Gullsmedhytta og i retning Gjegnen og Gjegnabu.

Brua er konstruert og levert av Arkeoplan i Molde.

I tillegg vart det satt opp ny wire heilt i starten på Sælebotskora på den merka ruta som går frå Mettenes og oppover.

Ålfotbreen i riksmedia i dag!Som det står i saka har Miljødirektoratet føreslege Ålfotbreen som ei mogeleg ny nasjonalpa...
23/05/2021

Ålfotbreen i riksmedia i dag!
Som det står i saka har Miljødirektoratet føreslege Ålfotbreen som ei mogeleg ny nasjonalpark. Direktoratet meiner at Ålfotbreen har dei naturkvalitetane som skal til for nasjonalparkstatus.
Det er likevel ei prosess fram mot ein eventuell nasjonalparkstatus, med offentleg høyring og høve til innspel frå kommunar og lokalmiljø.

Hyllene har blitt forma av elvar som rann for kring 400 millionar år sidan. Fjellområdet er blant fleire nye som kan få status som nasjonalpark.

Adresse

Krånavegen 3
Sandane
6823

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ålfotbreen landskapsvernområde legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ålfotbreen landskapsvernområde:

Del