06/05/2026
Sjekk denne fine gjengen som har vore på besøk i dag!
Kvart år inviterer biblioteket alle andreklassingane i kommunen til å delta på Leseknappen. Det er ein lesekampanje som skal oppmuntre barna til å lese bøker på eiga hand. Innan dei er ferdig på 2.trinn skal dei ha lese 10 bøker sjølve og notert desse inn i eit lesekort.
Lesekorta fekk dei utdelt ved eit klassebesøk i februar og dei har jamleg vore på biblioteket for å låne bøker og få nye boktips.
I dag var den høgtidelege dagen då dei fekk utdelt kvar sin velfortente lesepin, og fin diplom til å henge i klasserommet!
Godt jobba!