Politiet i Sogn

Politiet i Sogn Sogndal politistasjon
Fjørevegen 20, Sogndal

Lærdal politistasjon
Øyraplassen 4, 6887 Lærdal

Foreldrenettverk - «Det krever ein heil landsby for å oppdra eit barn»I går inviterte politiet seg til felles foreldremø...
16/10/2025

Foreldrenettverk - «Det krever ein heil landsby for å oppdra eit barn»

I går inviterte politiet seg til felles foreldremøte for 1-4. klasse på Aurland barne og ungdomsskule. Tema var foreldrenettverk.

Politiet oppfordrer foreldre i alle klassar til å danne slike nettverk.

Målet er at foreldre som kjenner kvarandre lettare vil kunne hjelpe kvarandre med å ta tak i eventuelle problem - saman.

Hensikten er å forebygge mobbing og psykososiale vanskar som vidare kan føre til kriminalitet, vold, rusproblem…

I dag besøkte politiet ABU igjen. Denne gongen var det felles foreldremøte for 5-7. klasse.

Midt oppi det viktige temaet var det tid til å helse på skulen sin nye rektor, Odd Einar Fimreite. Velkommen til Aurland!

Politiet 🚔 i Indre Sogn er i siget denne hausten. Vi prøver å prioritere det forebyggjande arbeidet sjølv om vi føler at...
14/10/2025

Politiet 🚔 i Indre Sogn er i siget denne hausten. Vi prøver å prioritere det forebyggjande arbeidet sjølv om vi føler at tida ofte ikkje strekk til.

I dag har to betjentar 👮👮vore på besøk hos 1. klasse på Lærdalsøyri skule🏫. Refleksvestutdeling 🦺 er ein god inngangsport til å snakke med barn om trafikktryggleik.

🚙Lærdal - Einemo’s Garage - mopedbilar🚗Torsdag kveld inviterte Johannes til mopedbilkveld i Einemo’s Garage. Her fekk po...
03/10/2025

🚙Lærdal - Einemo’s Garage - mopedbilar🚗

Torsdag kveld inviterte Johannes til mopedbilkveld i Einemo’s Garage. Her fekk politiet anledning til å prate med ungdommen om det som vert skrive om på sosiale media og i Sogn Avis, støy.

Politiet opplever at ungdommen føler seg uthengt, at voksne folk «skuler» etter dei og at dei vert snakka ned.

Dette er ikkje greit! Ungdommen har rett til å bli behandla ordentleg, også når dei gjer noko som vi ikkje liker.

Politiet opplever ei forståing blant ungdommen for at bassen i musikkanlegget kan bli i meste laget. Dette forstyrrer såpass mykje at det er ulovlig om det skjer på dagtid eller nattestid.

Politiet håper og trur at innbyggjarane i Lærdal sentrum vil merke ein skilnad når det gjeld støy.

Takk for eit flott arrangement, Johannes og Lars Ove.
Takk for ein fin kveld!

Mvh
Jorid, politikontakt Aurland og Lærdal

I dag har vi hatt ein flott arbeidsdag i politiet. Vi har delteke på «gåprøve» med Lærdalsøyri skule og vi har vore på b...
02/10/2025

I dag har vi hatt ein flott arbeidsdag i politiet. Vi har delteke på «gåprøve» med Lærdalsøyri skule og vi har vore på besøk hos 1. klasse på Flåm skule og Aurland barne og ungdomskule.

Tema for dagen: trafikktryggleik.
Barna i Lærdal har lært korleis dei skal oppføre seg i trafikken, mens barna i Flåm og Aurland har fått utdelt refleksvest i samarbeid med Sygnir.

Bruker du refleks i mørket?

29/08/2025

🎥Krimserie blir spelt inn i Lærdal🎥

1-3. september blir det action i Lærdal sentrum. Det kjem til å vera aktivitet og filming, noko som vil medføre vegstenging. For meir info om eksakte gater, sjå laerdal.kommune.no.
Under innspeling vil det bli brukt politibilar, blålys, skodespelarar i politiuniform, og i nokre scenar vil også våpen bli brukt.

Ta kontakt med Lærdal kommune eller politiet i Lærdal om du er usikker på kva som foregår.

Vi gir oss ikkje. Ny «Aksjon skuleveg», i dag ved Farnes skule. Skulen ønsker at parkering forbode skilt vert respektert...
28/08/2025

Vi gir oss ikkje. Ny «Aksjon skuleveg», i dag ved Farnes skule.
Skulen ønsker at parkering forbode skilt vert respektert. Drop sone er meint for av og påstigning.

Ny veke med Aksjon skuleveg👮I dag valgte vi å fokusere på adferd, både hos bilister, gåande og syklande. Trafikkbiletet ...
26/08/2025

Ny veke med Aksjon skuleveg👮
I dag valgte vi å fokusere på adferd, både hos bilister, gåande og syklande.
Trafikkbiletet rundt ABU (Aurland barne og ungdomsskule) såg veldig bra ut, la det fortsette slik.
Saman gjer vi skulevegen trygg.

Aksjon skuleveg👮I dag tok vi oppstilling ved Flåm skule🏫. Alle vart stoppa, også Rallartoget🚃.Vi kontrollerte 22 køyretø...
21/08/2025

Aksjon skuleveg👮
I dag tok vi oppstilling ved Flåm skule🏫. Alle vart stoppa, også Rallartoget🚃.
Vi kontrollerte 22 køyretøy. Alle blåste grønt 💚 i alkometeret og alle brukte sikkerhetsbelte.
Her kjem ei oppfordring til dykk som køyrer firhjuling registrert som traktor 🚜 og derfor velger å ikkje bruke 🪖. Bruk hjelm! Så enkelt. Du veit aldri kven du møter i trafikken.

Savner du ein giftering?Giftering funnen i Lærdal. Det står navn og dato inni. Om denne kan være din, ta kontakt med Lær...
13/08/2025

Savner du ein giftering?
Giftering funnen i Lærdal. Det står navn og dato inni.
Om denne kan være din, ta kontakt med Lærdal politistasjon på telefonnummer 57669900.

Adresse

Fjørevegen 20
Sogndalsfjøra
6856

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:00
Tirsdag 09:00 - 14:00
Onsdag 09:00 - 14:00
Torsdag 09:00 - 18:00
Fredag 09:00 - 14:00

Telefon

+4702800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Politiet i Sogn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Politiet i Sogn:

Del