Stord brann og redning

Stord brann og redning Bistår ved brann, ulykker og forurensing. Vi yter også tjenester som feiing av skorsteiner, tilsyn

Trygg campingDet er deilig med hus på hjul eller i telt i sommarferien, men me må hugse å ta med brannsikkerheiten på tu...
23/07/2026

Trygg camping
Det er deilig med hus på hjul eller i telt i sommarferien, men me må hugse å ta med brannsikkerheiten på turen. Camping skal vere trygt for alle. Først då blir camping kos!

Sjekk at:
✅ fungerande røykvarslar er på plass
✅ brannsløkkeapparat er lett tilgjengeleg
✅ gassutstyret er i god stand
✅ det er trygg avstand til campingnaboar (minst 4 meter)
✅ campingplassen sin branninstruks er lest og forstått

Kva er vel deiligare enn eit avkjølande bad i sommarvarmen? ☀️ Leik i vatn, sjø og basseng er kjempegøy, og bidrar til å...
19/07/2026

Kva er vel deiligare enn eit avkjølande bad i sommarvarmen? ☀️ Leik i vatn, sjø og basseng er kjempegøy, og bidrar til å gjere ungane tryggare i vatnet. 🛟

Men hugs éin veldig, veldig viktig ting: Det må alltid vere minst éin vaksen til stades som har fullt fokus på ungane. Uhell i vatn skjer lynraskt, og ofte heilt utan ein lyd.

Så oppfordringa frå Bjørnis er klar: Gi mobilskjermen ein velfortent pause på land, ha eit vakent blikk – og aller helst: Hiv deg uti og bli med på badinga. Det er jo klart mest morosamt for både store og små! 💦🐻

⚠️Meteorologisk Institutt har i dag sendt ut gult farevarsel for skogbrannfare i vårt distrikt.Hugs at du alltid er ansv...
17/07/2026

⚠️Meteorologisk Institutt har i dag sendt ut gult farevarsel for skogbrannfare i vårt distrikt.
Hugs at du alltid er ansvarleg når du tenner eld, uansett kvar du er og når på året det er. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.
Din eld – ditt ansvar🔥

10/07/2026

⚠️ Me har fått inn melding om personar som utgir seg for å vera frå brannvesenet. Derfor vil me opplyse om våre rutinar for heimebesøk/tilsyn når det ikkje er nødsituasjonar:
✅ Me kjem ikkje uanmeldt
✅ Me er alltid uniformert
✅ Me har alltid med oss ID-kort frå Stord kommune, brann og redning
✅ Me kjem ikkje på kveldstid

❗️Får du uanmeldt besøk frå nokon som utgir seg for å vera frå brannvesenet, men ikkje har uniform og ikkje vil visa fram ID-kort?
⛔️Ikkje slepp inn vedkommande. Meld heller frå til politiet på tlf. 02800.

Ladar du trygt? Litiumbatteri er som regel trygt å bruke, men av og til lagar dei trøbbel for oss. Det kan skuldast prod...
08/07/2026

Ladar du trygt? Litiumbatteri er som regel trygt å bruke, men av og til lagar dei trøbbel for oss. Det kan skuldast produksjonsfeil eller skadar, for eksempel på ein elsparkesykkel som køyrer over ein fortauskant og får eit slag i batteriboksen. Eller ein mobiltelefon som deisar i bakken ved eit uhell...🔥😱 Derfor heiar eg på ladevettreglane:

1️⃣ Lad i rom med røykvarslar
2️⃣ Lad når du er vaken og til stades
3️⃣ Les og følg produsenten si bruksanvisning
4️⃣ Bruk helst original lader
5️⃣ Lad på eit underlag som ikkje lett kan brenne
6️⃣ Ikkje lad i senga
7️⃣ Ikkje lad i korridor eller trapperom (dei må kunne brukast som rømmingsveg ved brann)
8️⃣ Bytt ut skada utstyr
9️⃣ Stopp lading dersom det kjem lydar, lukter eller blir unormalt varmt
🔟 Ved røyk og flammer, ring brannvesenet på 1-1-0

Sjekk rømmingsvegane!Reisetips: Ferie er deilig, men det er ingen grunn til å ta fri frå brannsikkerheiten! 🏖️☀️ Sjekk u...
02/07/2026

Sjekk rømmingsvegane!
Reisetips: Ferie er deilig, men det er ingen grunn til å ta fri frå brannsikkerheiten! 🏖️☀️ Sjekk ut rømmingsvegane på feriestaden, for ukjente bygg kan vere vanskelege å finne fram i. Det er heller ingen garanti for at rømmingsvegar i hotell og overnattingsstader i utlandet har samme gode standard som me er vant til her heime. Ta ein kikk, og prøvegå vegen ut for å bli kjent med den!

18/06/2026

🔥 Skal du vera ansvarleg for eit Sankthansbål i Stord?🔥

Sankthansbål som skal tennast den 23. juni skal ikkje meldast om til brannvesenet.

Skal du feire Sankthans med bål andre datoar skal ein melde inn bål på vanleg måte til brannvesenet: https://www.rogbr.no/meldinger/melding-om-bruk-av-ild-utendørs

Dette må du tenke på før du brenner sankthansbål:
✅ Ein må ha løyve frå grunneigar
✅ Det skal alltid vere ein ansvarleg for bålet på staden
✅ Det må ikkje blåse for kraftig, eller vere tørt ute
✅ Forholda rundt bålet må vere forsvarlege, det vil sei god avstand frå hus, hytter, båtar, vegetasjon og anna som kan antenne lett
✅ Berre reint trevirke skal på bålet. Alt anna skal leverast på avfallsmottak. Det er ulovleg å brenne bos
✅ Sørg for å ha rikeleg med sløkkevatn lett tilgjengeleg
✅ Når du forlater bålplassen skal bålet vere heilt sløkt

Dei to siste vekene har me hatt mange kjekke besøk av barnehagane i kommunen😊
15/06/2026

Dei to siste vekene har me hatt mange kjekke besøk av barnehagane i kommunen😊

Den siste tida har me hatt gleda av å få besøk av alle skulegruppene frå barnehagane i kommunen. Dette er ein del av oppfølginga etter at me i haust besøkte barnehagane med Bjørnis sitt undervisningsopplegg innan brannvern.

Sommar og båt/badesesong nærmar seg, og denne vaktperioden øver laga på overflateredning frå båt🛥️ Skal du bade i sjø og...
15/05/2026

Sommar og båt/badesesong nærmar seg, og denne vaktperioden øver laga på overflateredning frå båt🛥️ Skal du bade i sjø og vatn i sommar er det greit å hugse på:
- Lær deg å symje🏊🏼‍♀️
- Før du går uti, forsikre deg om at du kjem opp igjen🪜
- Bad helst saman med andre👭
- Stup bare der det er djupt🌊
- Symj langs land⛰️
- Symj ikkje under brygge eller foran stupebrett🚫
- Dytt ikkje andre ut i vatnet og dykk aldri andre under vatn❌
- Hald deg på land om du føler deg kald eller uvel😵‍💫
- Rop på hjelp kun om du er i fare🆘

Om du eller andre er i naud, ring 113, 110 eller 112📱

Adresse

Vabakkjen 2
Stord Island
5414

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stord brann og redning legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stord brann og redning:

Snarveier

Del