29/05/2026
Ynskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag i trygge omgjevnader? Er du ein motivert deltakar som ynskjer å vera ein del av vårt arbeidsmiljø?
Me ser etter deg som har fått eller forventar å få innvilga uføretrygd, ynskjer ein strukturert kvardag, er motivert for å delta i arbeid og likar å samarbeide med andre.
Arbeidsoppgåvene vert tilpassa den enkelte si arbeidsevne, føresetnader og interesser. Du kan bidra til praktiske oppgåver innan produksjon og service, enkle rutineoppgåver, samarbeid i team og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Me byr på tilrettelagt arbeid etter individuelle behov. Du får faste arbeidstider på dagtid og ved behov oppfølging og rettleiing. I tillegg byr me på eit inkluderande og sosialt arbeidsliv, bonusløn og ikkje minst ein stad å høyre til.
Leider AS har fire ulike avdelingar; produskjonshall, vaskeri, bruktbutikk og kantine. Vekker dette interesse hos deg eller ynskjer du meir informasjon, ta kontakt på 91241575 eller sjå meir på www.leider.no