20/04/2026
MAT OG MÅLTID I FAMILIEN - EIT FORELDREKURS
Eit inspirasjonskurs for foreldre som ønskjer å lære om gode mat- og måltidsvanar.
🔆 Målgruppe:
Alle foreldre til barn i barnehage- og barneskulealder.
📋 Innhald:
Kurset går over to samlingar med følgjande tema:
🔸 Smart mat for familien.
🔸 Korleis fremje gode mat- og måltidsvanar.
🔸 Mat og barnet si utvikling.
🔸 Korleis styrkja foreldrerolla kring måltidssituasjonar og setje sunne grenser.
🔸 Samanhengen mellom følelsar og mat.
🔸 Råd om korleis møte ulike utfordringar som til dømes barn med uønska vektoppgang, kresne barn, barn som et lite og som har utfordringar med regulering av matinntak.
🗓️ Datoar:
🔸 28. april kl. 13:00-15:00.
🔸 5. mai kl. 13:00-15:00.
📍Stad: Øygarden Lokalmedisinske senter, Blombakkane 77, 5354 Straume.
💰 Pris: kr. 100,-
✅ Påmelding:
Send e-post til [email protected].
Send namn og telefonnummer til deltakar, samt alder på deltakar sine barn.
👥 Arrangør:
Øygarden kommune ved Friskliv og meistring, helsesjukepleiar og kommunepsykolog for barn og unge.