Sommar på Litunet

Sommar på Litunet Frå 24.juli-27.aug. Høgt oppe i lia, med panoramautsikt over Hylsfjorden i Suldal, ligg garden Li – nesten 300 stupbratte meter opp frå fjorden. Velkommen.
(3)

I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, som rommar mykje gamalt gjenstandsmateriale. Samansettinga av bygningar til ulike formål gir tunet eit middelalderpreg, samstundes som bygningane er reist ved hjelp av handverkstradisjonar som peikar langt tilbake i historia. Tunet er blant dei mest verneverdige gardstuna i denne delen av landet, og er såleis av nasjonal interesse. Riksanti

kvaren freda Litunet i 1974. Landskapet rundt Li er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser. I opningstida vil du møte eit hyggeleg vertskap, og det blir servert kaffi og vaflar. Kom gjerne innom tunet utanom opningstid og nyt nista mens du ser utover Hylsfjorden.

Adresse

Vallskorgvegen 347
Suldalsosen
0263

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sommar på Litunet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sommar på Litunet:

Del