Surnadal kommune

Surnadal kommune Offentleg facebook-side for Surnadal kommune. Formål: Å vere ein aktuell digital informasjonskanal for innbyggjarane. Vi behandlar ikkje enkeltsaker her.

Denne FB-sida blir redigert av sentraladministrasjonen i Surnadal kommune. Våre retningsliner for innbyggardialog på FB:

Vi følger reglar for samtykke ved deling av bilder. Du må gjerne legge att ein kommentar til oss, men hugs at alt du skriv her er synleg for andre og vi ber deg tenke gjennom kva du skriv og kva opplysningar du legg ut. Vi modererer kommentarfelta og vil fjerne kommentarar som

inneheld hatefulle ytringar og diskriminering, som er ærekrenkande, inneheld personsensitive opplysningar eller desinformasjon. Vi tar ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider vi lenkar til. Vi prøver å svare på henvendelsar så snart som mogleg, men tek atterhald om at FB-sida
ikkje er bemanna utanom normal arbeidstid. Ved akutte kriser kan kommuneleiinga kunngjere overvakning av henvendelsar på denne FB-sida heile døgnet. Våre beredskapstelefonar har alltid vakt 24/7. Har du ei sak du ønsker at vi skal behandle, ber vi deg om å kontakte oss på telefon eller e-post. Aktuell kontaktinformasjon finn du på: www.surnadal.kommune.no

Stikk innom Frivilligsentralen kl. 12-14 i dag dersom du er nysgjerrig på kva hjelp/tips/informasjon du kan få i kommune...
21/08/2026

Stikk innom Frivilligsentralen kl. 12-14 i dag dersom du er nysgjerrig på kva hjelp/tips/informasjon du kan få i kommunen din, enten det informasjon om aktivitetar, digitale skjema, stille spørsmål eller berre for å møte folk 🙂

🚌 Nytt bussopplegg – slik følgjer vi opp skuleskyssenSurnadal kommune har fått fleire spørsmål og bekymringar om det nye...
13/08/2026

🚌 Nytt bussopplegg – slik følgjer vi opp skuleskyssen

Surnadal kommune har fått fleire spørsmål og bekymringar om det nye bussopplegget på Indre Nordmøre. Vi har vore i dialog med FRAM og Møre og Romsdal fylkeskommune, og vil følgje situasjonen tett etter skulestart.

👀 Opplever du feil eller utfordringar med skuleskyssen? Vi ønskjer å samle inn erfaringar frå den faktiske drifta og melde dei vidare.

I artikkelen finn du også informasjon om:
📍 berekning av avstand mellom heim og skule
📱 korleis du kan følgje bussen i sanntid
📧 korleis du melder frå om feil og utfordringar

FRAM har opplyst at det kan bli behov for justeringar når dei nye rutene har vore i drift ei stund.

👇 Les meir om skuleskyssen og korleis du kan melde frå.

Surnadal kommune har fått fleire spørsmål og bekymringar om det nye bussopplegget på Indre Nordmøre. Vi har derfor vore i dialog med FRAM og Møre og Romsdal fylkeskommune om skuleskyssen frå skulestart.

🎉 20 år med samarbeid for barn og unge på Nordmøre!I år fyller Oppvekstnettverk Nordmøre 20 år – 20 år med samarbeid, ku...
13/08/2026

🎉 20 år med samarbeid for barn og unge på Nordmøre!

I år fyller Oppvekstnettverk Nordmøre 20 år – 20 år med samarbeid, kunnskapsdeling og felles innsats for gode og inkluderande oppvekstmiljø. 💚🤝

Rundt 1800 medarbeidarar frå barnehagar, skular og støttetenester på Nordmøre deltok denne veka fysisk og digitalt på årets Nordmørsløft. Hovudtemaet var korleis vi kan skape fellesskap der alle barn og unge får høyre til, delta, lære og meistre. 🌱

Surnadal har ei sentral rolle i samarbeidet. Astrid Mogstad Høivik i Surnadal kommune leier Oppvekstnettverk Nordmøre, og ordførar Hugo Pedersen fekk æra av å opne jubileumssamlinga. 🎤

🧩 Eitt av temaa var barn og unge med autisme og korleis dei kan oppleve barnehage- og skulekvardagen. Eit viktig bodskap var at vi må leggje til rette for omgivnader som er forståelege, føreseielege og trygge – og skape fellesskap med plass til fleire.

🎈 Gratulerer med 20-årsjubileet til Oppvekstnettverk Nordmøre!

👇 Les meir om jubileet og årets Nordmørsløft på Kristiansund kommunes nettsider.

Hvordan skaper vi barnehager og skoler der alle barn og unge opplever å høre til? Det spørsmålet sto i sentrum da rundt 1800 medarbeidere fra hele Nordmøre samlet seg i Braatthallen, og på teams, til årets Nordmørsløft – som i år markerer 20 år med felles kompetanseutvikling.

💚 Står du nær nokon som har demens?Surnadal Demensforening og Helselag og Rindal Demensforening inviterer, i samarbeid m...
13/08/2026

💚 Står du nær nokon som har demens?

Surnadal Demensforening og Helselag og Rindal Demensforening inviterer, i samarbeid med Surnadal kommune og Rindal kommune, til Pårørandeskulen 2026.

Her får du kunnskap, råd og støtte som kan vere nyttig i kvardagen – og anledning til å møte andre som kan kjenne seg att i noko av det same.

📅 Fire kurskveldar i Surnadal og Rindal:

🟢 14. oktober: Demenstypar, kommunikasjon og samhandling
🟢 20. oktober: Sorg, tap og psykisk helse
🟢 28. oktober: Kommunale tilbod, hjelpemiddel og velferdsteknologi
🟢 5. november: Framtidsfullmakt og meistring i pårøranderolla

🕖 Alle kurskveldane er kl. 19.00–21.30.
📝 Påmeldingsfrist: 10. oktober - via heimetenesta i Rindal og Heimetenesta i Surnadal

Tilbodet er for deg som har eit familiemedlem eller ein ven med demenssjukdom – og for andre som er interesserte i temaet.

👉 Les meir om kurskveldane og korleis du melder deg på i artikkelen på heimesida vår https://www.surnadal.kommune.no/aktuelt/parorandeskulen-2026-kunnskap-og-stotte-til-deg-som-star-nar-ein-person-med-demens.18251.aspx

Del gjerne innlegget slik at informasjonen når fram til nokon som kan ha nytte av tilbodet. 💚

🌞 Har de planar for dei siste dagane av sommarferien? 🌞Surnadal Frivilligsentral inviterer til gratis aktivitetar for ba...
04/08/2026

🌞 Har de planar for dei siste dagane av sommarferien? 🌞

Surnadal Frivilligsentral inviterer til gratis aktivitetar for barn og unge i august – og det er framleis ledige plassar på fleire av aktivitetane! 🤩

🎯 Program:
🧗 Måndag 10. august: Buldring (mellomtrinnet)
🏎️ Tysdag 11. august: GoKart (for ungdom fødde i 2007-2012)
🛡️ Onsdag 12. august: Vikingdag på Åsen for heile familien
🎬 Torsdag 13. august kl. 13.00: Gratis kino – Paw Patrol: Dinofilmen på Surnadal kulturhus (ingen påmelding – berre møt opp!)

❗️Kajakkaktiviteten er dessverre avlyst.

Alle aktivitetane er gratis. For buldring, gokart og vikingdag er det påmelding via QR-kodane på plakatane eller via lenke i kommentarfeltet 🔗

💚 Kjenner du nokon med barn på mellomtrinnet eller ei familie som kan ha lyst på ei fin sommaroppleving? Del gjerne innlegget – då hjelper du oss å nå fleire!

Vi håpar å sjå mange glade barn og familiar på aktivitetane! ☀️
Surnadal Frivilligsentral

🕯️ 22. juli – 15 år sidan terrorangrepetDen 22. juli er det 15 år sidan terrorangrepet mot Regjeringskvartalet i Oslo og...
17/07/2026

🕯️ 22. juli – 15 år sidan terrorangrepet

Den 22. juli er det 15 år sidan terrorangrepet mot Regjeringskvartalet i Oslo og Utøya. 77 menneske mista livet, og mange fleire vart ramma.

Surnadal kommune inviterer, i samarbeid med kyrkja i Surnadal, til ei open og verdig minnemarkering. Vi samlast for å minnast dei som mista livet, vise omtanke for alle som vart ramma, og stå saman om demokrati, openheit og fellesskap.

Alle er hjarteleg velkomne til Øye kyrkje.

🌹 Les meir om programmet og markeringa:

Den 22. juli er det 15 år sidan terrorangrepet mot Regjeringskvartalet i Oslo og Utøya. 77 menneske mista livet, og mange fleire vart ramma. Surnadal kommune og kyrkja inviterer til lokal minnemarkering.

⚽️📣Oppdatering: Fleire ledige gratisbillettar kan hentast frå når dørene opnar i kveld kl 21.00 🇳🇴📣HAR DU SIKRA DEG GRAT...
10/07/2026

⚽️📣Oppdatering: Fleire ledige gratisbillettar kan hentast frå når dørene opnar i kveld kl 21.00 🇳🇴📣

HAR DU SIKRA DEG GRATISBILLETT?⚽️⚽️⚽️
🇳🇴 DELAST UT PÅ KULTURHUSET FREDAG 10. JULI KL. 11 - 19 🇳🇴

Det ligg an til ein historisk fotballkveld for heile familien i Surnadal når Norge møter England i VM-kvartfinalen laurdag. Sparebank 1 SMN og Surnadal kommune inviterer til gratis storskjermvisning i Storstuå på Surnadal kulturhus.

💧👏 Vellykka nattarbeid på vassleidningsnettet!Natt til tysdag gjennomførte VA-teamet ved Teknisk drift ei omfattande opp...
08/07/2026

💧👏 Vellykka nattarbeid på vassleidningsnettet!

Natt til tysdag gjennomførte VA-teamet ved Teknisk drift ei omfattande oppgradering av vassleidningsnettet. Arbeidet gjekk etter planen, og vassforsyninga vart oppretthalden – trass i at fleire tusen abonnentar kunne ha blitt påverka dersom noko uventa hadde skjedd.

💙 Oppgraderinga er eit viktig bidrag til ei trygg og stabil vassforsyning for innbyggarane i kommunen.

Ei stor takk til alle innbyggjarar og bedrifter som viste forståing og samarbeidde med oss. Saman bidrog de til at arbeidet kunne gjennomførast på ein trygg og vellukka måte. 🙌

📷 Frå nyleg arbeid på vassleidningsnettet på Galtmettet 👇

Adresse

Bårdshaugvegen 1
Surnadal
6650

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4771655800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Surnadal kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Surnadal kommune:

Snarveier

Del