Vikse skule

Vikse skule Vikse skule er den nest største skulen i Sveio kommune og ligg heilt sør i kommunen. Går du, eller har du gått på Vikse skule? Støtt opp om skulen vår.

Har du,- eller har du hatt barn på skulen? Jobbar du, eller har du jobba på skulen? Bur du i nærleiken, eller kjenner nokon som kjenner nokon som kjenner nokon, som kjenner nokon...?? Vikse skule har godt over 100 elevar og 18 tilsette. Skulen er ein Respekt-skule, og arbeider aktivt mot mobbing.

10/11/2025

Vi opplever at ungdommar brukar skuleområdet på ettermiddagar og i helger. Det skjer då ein del som vi skulle ynskje ikkje skjedde. Det blir klatra i stillas og på tak. Porten til ballbingen er øydelagt. Dekket i ballbingen har fått skader av hjula til sparkesyklar. Den fine grillhytta og benkene som FAU har kjøpt inn får heller ikkje stå i fred. Det er fint om nærmiljøet og foreldre kan hjelpe oss å unngå dette. Det aller beste er om det blir tatt kontakt direkte med foreldra til dei som gjer dette, dersom de kjenner til kven dei er. Det har vore slik aktivitet denne helga.

Barn og ungdommar som leiker og har det kjekt er velkomne. Dei andre vil vi helst ikkje ha her...

12/09/2025

Av og til treng me trygge vaksne som kan vere vikar hos oss, både som miljøarbeidar og lærar. Er det noko som kan passe for deg eller nokon du kjenner? Passar godt for nokon som kan arbeide litt av og til. Ta kontakt med rektor - 47266856

Call now to connect with business.

Fredag sprang elevane på Vikse til inntekt for Barnekreftforeningen sitt arbeid med Team Rynkeby som initiativtakar. På ...
04/05/2024

Fredag sprang elevane på Vikse til inntekt for Barnekreftforeningen sitt arbeid med Team Rynkeby som initiativtakar. På ein nydeleg vårdag var det god stemning og knallgod innsasts. Sponsorane til den einskilde elev vel sjølv kor mykje dei eventuelt sponsar for kvar runde. Nokre elevar sprang veldig mange rundar:)

14/03/2024

Velkommen til foreldrekurs i regi av psykisk Helse: "Korleis hjelpe engstelege barn"

Dato for kurs denne våren er:
*onsdag 20/3 kl 13.30 til 15.30
eller
*torsdag 11/4 kl 14 -16

Stad: I lokalet til Psykisk Helse, eller i klasserom på Vigdartun (dette blir vurdert etter antal påmeldte)
(Dersom det er behov for kurs på kveldstid, ta kontakt så kan vi vurdere det)

Påmelding til [email protected] seinast dagen før.

13/02/2023

Vikse grendahus (gymsal og kjøkken) kallar inn til årsmøte mandag 6.mars kl 19:00.
Saker:
Årsmelding og rekneskap
Val av nytt styre (kandidatar er førespurd)
Søknad om midlar frå kommunen
Evt.

Mvh Styret

31/01/2023

Sveio kommune tilbyr kurs til føresette om "Tryggleikssirkelen". Kort frist – meld deg på no!

✨Nydelege vinterdagar på Vikse skule✨
14/12/2022

✨Nydelege vinterdagar på Vikse skule✨

13/12/2022

Lucia-dagen og snø gir fine førjulsdagar på skulen❄️💫

«Akvarium», 3.klasse🐠🐟
03/10/2022

«Akvarium», 3.klasse🐠🐟

Då er flinke Trivselsleiarar i gang igjen. Det er kjekt at elevar vil ta på seg å lage til kjekk aktivitet i friminutta!
22/09/2022

Då er flinke Trivselsleiarar i gang igjen. Det er kjekt at elevar vil ta på seg å lage til kjekk aktivitet i friminutta!

Hurra!🎉🇳🇴 Endeleg er det 17.mai-tog igjen! Vikse skule er klare!
16/05/2022

Hurra!🎉🇳🇴 Endeleg er det 17.mai-tog igjen! Vikse skule er klare!

Adresse

Gullv. 213
Sveio
5550

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vikse skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vikse skule:

Del