27/11/2025
Budsjett- og økonomiplan for perioden 2026-2029
Det er sterke signal frå regjering og Storting om at kommunebudsjetta skal ned, og det er no veldig synleg i kommunen vår. Statsbudsjettet for 2026 gjev ingen reel styrking av kommuneøkonomien, men har likevel krav og forventningar om omstilling.
Formannskapet har i dag gitt si innstilling til budsjett- og økonomiplan for 2026-2029. Budsjettet skal på høyring før kommunestyret gjer endeleg vedtak 15. desember. Det kan derfor bli endringar i kommunestyret.
Sykkylven Høgre la fram ei budsjettinnstilling med eit spesielt fokus på eldreomsorg, barn og unge/barnevern, folkehelse og samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
Vi skulle gjerne ha reversert fleire av dei foreslåtte kutta til kommunedirektøren og styrka alle kommunalområde ytterlegare. Spesielt innanfor helse ser vi at utfordringane er og blir store framover.
Sykkylven Høgre ønsker å halde eigedomsskatten så låg som mogleg, den er i dag på 2,1 promille. I budsjettinnstillinga gjer vi ingen endringar på kommunedirektøren sitt forslag om eigedomsskatt på 3,1 promille. Skulle vi ha redusert med 1 promille, måtte vi ha funne inndekking på 5,5 mill. kr. Eigedomsskatten vert likevel lågare enn den var i 2023. Sykkylven Høgre ønsker å styrke BUAS - vi har valgt det framfor å redusere eigedomsskatten ytterlegare.
Sykkylven Høgre har foreslått følgande:
✅Styrke Helse ved å løyve 3 mill. kr øyremerka til nye plasser på BUAS etter flytting av dagens Korttidsrehab til nye lokaler.
✅Reversere foreslåtte kutt på barnevern på 200.000 kr
✅Reversere foreslåtte kutt på skule på 300.000 kr til ITO/personleg assistanse paragraf 11.4 i opplæringslova.
✅Prioritere arenaer for barn og unge/folkehelse og samarbeid med frivillige organisasjonar ved å reversere foreslåtte kutt på løypekøyring på Fjellsætra (125.000 kr), samt støtte til toalett på kunstgrasbana (13.000kr).
For å kunne finansiere dette forslår Høgre ein endra utbytteplan frå Sykkylven Energi, auke i gebyr på byggesaker, og auke i skatteanslaget. Totalt 4.4 mill. kr i 2026.
For å få fleirtal for vårt framlegg i formannskapet samarbeida vi med Ap og Sp, der vi støtta deira verbalforslag til budsjettet. Vi la derfor fram eit fellesframlegg til budsjett.