29/05/2026
🌟Årdal kommune har gjennomført «Stjernedagen» – ei eiga samling der personar med utviklingshemming har vore med å setje retning for vidare utvikling av bu- og miljøtenestene.
«Stjernedagen» har blitt planlagt og gjennomført i tett samarbeid med brukarane sjølve – noko som er ein føresetnad i arbeidet med å styrke brukarmedverknad. Gjennom samtalar, spørsmål og gruppearbeid fekk deltakarane dele kva som er viktig i kvardagen, og kva dei ønskjer å bestemme sjølve.
- Innspela viste mellom anna behov for større grad av sjølvbestemming, kombinert med tryggleik og god støtte, seier Kine Teigen, avdelingsleiar på Grandane bufelleskap i Årdal kommune
Samlinga er eitt av fleire lokale tiltak som er utvikla med støtte frå CRPD-nettverk Vestland, eit samarbeid mellom USHT Vestland (Hordaland) og USHT Vestland (Sogn og Fjordane). Målet er å bidra til at FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) blir omsett frå kunnskap til konkret praksis i kommunane.
– Dette er eit godt døme på korleis kommunar kan jobbe systematisk med brukarmedverknad i utvikling av tenester. Når brukarane er med i både planlegging og gjennomføring, blir tenestene mer treffsikre og betre, seier Siv Bjønnum USHT Vestland (Hordaland)
Lenkje i kommentarfeltet.