31/10/2024
Når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp 🌪
Viss fleire av oss i ein slik situasjon er i stand til å ta vare på oss sjølv og dei rundt oss, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst 🚑
På den måten er du ein del av Noregs beredskap 💪
DSB har oppdatert nasjonale eigenberedskapsråd. Desse inkluderer no tilrådingar om:
🥫7 dagars beredskapslager
🙋♀️beredskapsvenn
🤓kjeldekritikk og psykologisk motstandskraft
📻nye varslingssystem
💡gode råd ved hendingar
Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.
Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.