Våge Gjestehamn

Våge Gjestehamn Våge hamn er ein fin ny gjestehamn på nordsida av Tysnes. Ein triveleg stoppestad på reisa. Våge Hamn ønsker deg velkommen til Tysnes.

Våge Hamn består av eit topp moderne kaianlegg sentralt plassert på Tysnes. I sentrum av hamna finn me Flytenaustet beståande av turistinformasjon og Kafe. Gangavstanden er kort til butikkar, bank, restaurant og pub. Kaianlegget består av solide betongbrygger og faste trebrygger med tilgong til vatn, straum og trådlaust internett ved alle brygger. Servicebygget er nytt for sesongen og inneheld dusjar, toalett, vaskemaskin og tørketrommel.

Ishuset er ope i allslags vêr og no kan du få vaffel med is i til 85,-, super godt😍PS, nokon som ønskjer milkshake eller...
31/05/2026

Ishuset er ope i allslags vêr og no kan du få vaffel med is i til 85,-, super godt😍

PS, nokon som ønskjer milkshake eller slush i Flytenaustet?🤔🙌

28/05/2026

Ny timelapse frå i går, sjå skydekket forsvinna og blå himmel komma fram😍

I dette pinsevêret passa det seg med ein barnefilm i Flytenaustet🥳 Me synar Mario Galaxy kl 16:00, gratis inngong. Men k...
23/05/2026

I dette pinsevêret passa det seg med ein barnefilm i Flytenaustet🥳 Me synar Mario Galaxy kl 16:00, gratis inngong. Men kjøp gjerne is eller vaffel i kiosken🥂

20/05/2026

Våge gjestehamn, eit eventyr av ei gjestehamn! 😍

Snart pinse og snart full hamn! :D Me opplyser om at den vestlege flyebrygga på E-brygga (merka med raud sirkel) og telt...
19/05/2026

Snart pinse og snart full hamn! :D Me opplyser om at den vestlege flyebrygga på E-brygga (merka med raud sirkel) og telt på E-brygga (merka med blått kryss) er reservert båttreff. resten av hamna er ledig for alle som vil.

Me minner og på at betalingsløysinga vår er her: https://mandelhuset.vercel.app/hamn/vage

19/05/2026

Velkomen til Våge Gjestehamn på Tysnes! ⚓

Er du på cruise langs vestlandskysten i sommar? Då er Våge ein sjølvskriven stopp. Hamna ligg lunt og trygt med solide brygger, og når du har fortøyd båten har du alt du treng innan kort gangavstand.

Rundt hamna finn du:
Daglegvarebutikkar for proviantering, apotek, Vinmonopol, frisør, klesbutikkar, og ikkje minst gode kafear og restaurantar der du kan nyta eit godt måltid etter ein dag på sjøen. Mandelhuset finn du midt i hjartet av hamna, der kan du og betala hamneleiga og få hjelp til ting du lurer på.

Vil du oppleva meir av Tysnes?
Øya har eit rikt friluftsliv med fine fjellturar i variert terreng – frå roleg kystløype til meir krevjande toppturar med utsikt over heile Sunnhordland. For dei som vil ha noko ekstra, ligg det historiske Haaheim Gaard klar med god mat og atmosfære i særklasse, og Myrdal Gard, gårdsbutikk og osteprodusent. er òg absolutt vel verdt eit besøk.

Vil du utforska fleire hamner?
OnarHamn er ein triveleg gjestehamn på austsida av øya, og for dei som søkjer ro og natur er uthamna Solstråløya ei lita perle, ein klassisk vestlandsk svaberg-idyll der du kan ankra opp og kjenna på stillheita.

Tysnes har det dei fleste båtfolk drøymer om: trygge hamner, vakker natur, god mat og hjartelege folk. Me gler oss til å sjå deg i Våge! 🌊⛵

18/05/2026

Frå soloppgong til solnedgong, med flo og fjæra🥰

14/05/2026

Teimelapse frå 13. mai🥳

Det er komen litt båtar gjennom kvelden, men det er enno rikeleg med plass både på flytebryggene, E-brygga, Flytenaustet...
13/05/2026

Det er komen litt båtar gjennom kvelden, men det er enno rikeleg med plass både på flytebryggene, E-brygga, Flytenaustet og Mandelhuset. Så kom kjære båtfolk, de er hjarteleg velkomen til oss og Tysnes😍 Følg gjerne med på we**am som opdaterer seg kvart 5 min. https://vaagegjestehamn.no/we**am

Ps, hugs at me har slutta med GOmarina, no betaler de direkte til oss her: https://vaagegjestehamn.no/hamneleige (er QRkoder i hamna de kan scanna)

Er du hamneverten me leiter etter? Me treng ein knakande kjekk sjef for hamna og Flytenaustet i sommar, søk og bli med o...
04/02/2026

Er du hamneverten me leiter etter? Me treng ein knakande kjekk sjef for hamna og Flytenaustet i sommar, søk og bli med oss på eit eventyr av ein sesong🥳 Eller del med nokon du tenker er perfekt for rolla.

Sesongansvarleg for Flytenaustet og Våge Gjestehamn

Vil du ha ansvar for ein levande og synleg møteplass på Tysnes gjennom sommaren?

Flytenaustet er sommarkiosken i Våge hamn. Her møtest barnefamiliar, ungdom, båtgjestar og sommargjester for burger, is og enkel servering. Me søkjer no ein sesongansvarleg som får ansvar for heilskapen i drifta gjennom sommaren.
Dette er ei praktisk og operativ ansvarsrolle, der du både jobbar i kiosken og har overordna ansvar for området, flyt og trivsel.

Som sesongansvarleg har du hovudansvar for:
• Dagleg drift av Flytenaustet
• Vertskap for hamna og båtgjestar
• Drift og oppfølging av sauna og servicebygg
• Oppfølging av sesongtilsette
• Planlegging og gjennomføring av minst eitt lavterskel arrangement i veka
• Orden, trivsel og heilskap i området

Dette inneber både ansvar og praktisk arbeid, mellom anna:
• Dagleg sjekk av hamna og området
• Spyling og rydding av kai og fellesareal ved behov
• Tømming og oppfølging av bossbann
• Sjå til at hoppeslott og andre aktivitetar fungerer som dei skal
• Enkel handtering av vatn, slangar, straum og utstyr
• Sørga for at området framstår trygt, ryddig og triveleg for
gjestar i alle aldrar

Du har eit vertskapsansvar og skal ta eigarskap til plassen, me sett pris på ein som kan vere med å utvikla konseptet rundt hamna.

Stillinga er sesongbasert og fordelt slik:
• Juni: 100 prosent stilling
• Juli: 100 prosent stilling
• August: 60 prosent stilling
I tillegg kjem timesbasert arbeid på våren, knytt til planlegging og drift i samband med påske og pinse.

Flytenaustet er ope frå 19. juni til 9. august.
Stengt måndagar.
Utvida opningstid til kl. 23:00 laurdagar i juli.
(du kan vera med å påvirka opningstidene ut frå det du tenker er rett).

Me ser etter ein person som:
• Likar ansvar og jobbar sjølvstendig
• Har praktisk erfaring frå kiosk, servering, butikk eller liknande
• Kan stå i kiosken og jobba operativt med sal av is, burger og drikke
• Er komfortabel med høgt tempo i travle periodar
• Er ryddig, løysingsorientert og til å stola på
• Er trygg i møte med både barn, ungdom og vaksne
Erfaring er viktig, men haldning, arbeidsvilje og evne til å ta ansvar er avgjerande.

Me tilbyr
• Ei synleg og variert ansvarsrolle i sommarsesongen
• Reelt ansvar for ein heil plass
• Praktisk leiarerfaring og vertskapsrolle
• God støtte frå eigar og organisasjon
• Ein jobb som gir verdifull erfaring vidare

Søknad
Send kort søknad og CV til
[email protected]
Frist innan 1. mars. Søknader blir vurdert fortløpande.
Kontaktperson for stillingen
Patrick Madsen/Dagleg leiar
48198346 / [email protected]

Om bedriften
Mandelhuset AS er ein etablert møteplass på Tysnes, med restaurant, arrangement og opplevingar heilt nede ved sjøen i Våge. Me jobbar med lokale råvarer, godt vertskap og aktivitetar som skapar liv i sentrum gjennom heile året.

Våge Gjestehamn ligg tett på Mandelhuset og er ein viktig del av sommartilbodet i Våge. Hamna tek imot båtgjestar frå heile kysten og er eit naturleg knutepunkt for både fastbuande og besøkande.

Flytenaustet er sommarkiosken i hamna, med fokus på enkel mat, is og drikke i uformelle rammer. Saman utgjer Mandelhuset, Våge Gjestehamn og Flytenaustet ein levande møteplass med høgt tempo, god stemning og stort fokus på trivsel, tryggleik og gode opplevingar for gjestane.

Del gjerne🥳

Adresse

Våge
Tysnes
5680

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Våge Gjestehamn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Våge Gjestehamn:

Del