22/07/2025
I dag 22.juli 2025 er det 14 år sidan terroren i Regjeringskvartalet og Utøya. Det er 14 sommarar sidan ungdommar på leir blei frårøva livet. 14 gongar rundt sola der dei etterlatte har vore nøydde til å gripe kvardagane utan sine kjære. Det er 14 år sidan Norge viste seg frå si beste side og sto samla som ein nasjon i rosetog, minnesermoniar og kondolansar - og var samde om at dette skal vi aldri la skje igjen og vi skal aldri gløyme 22. juli.
Men, 14 år har gått, og dessverre har vi sett både hat og nye angrep av høyreekstrem karakter. Har vi glømt 22.juli 2011? Har vi glømt kva vi var enige om den gongen? Har vi glømt kor forferdeleg dette er?
I skrivande stund sit eg på eit hotell i Oslo, og har vore innom både Regjeringskvartalet og 22.juli-senteret idag. Både for å minnast dei kameratane vi mista på denne datoen i 2011, men også for å minne meg sjølv på at jobben er ikkje gjort og at vi må for all del ikkje gløyme! Og når eg gikk der med mi 1,5 år gamle dotter på arma å såg på bilda, videosnuttane og leste tidslinja frå denne grusomme dagen så slo det meg at no er det min jobb å sørge for at vi aldri gløymer. Det er min jobb som mor å fortelle om denne dagen, om dei vi mista, kva dei kjempa for og kvifor vi mista dei. Det er mitt ansvar å sørge for at slike tankar og holdningar som terroristen hadde ikkje slår rot i den oppveksande generasjonen. Og det må vi gjere ved å snakke høgt om 22.juli - om kva som skjedde og kvifor det skjedde. Vi må lære våre håpefulle at eit samfunn med mangfald er eit flott samfunn og at vi må stå opp mot hatet og dei «giftige» meiningane slik at dei aldri får sette rot.
Vi må aldri tie, og aldri gløyme. ❤️🌹
// Elfrida Breivik, Ulstein Arbeidarparti