Hareid og Ulstein brannvesen

Hareid og Ulstein brannvesen Hareid og Ulstein brannvesen er eit kommunalt drive brann- og redningsvesen.

24/02/2026
Ein stor dag for Hareid og Ulstein brannvesen. I dag har vi henta «ny» bil til Ulstein stasjon. Planen er at den «nye» b...
16/01/2026

Ein stor dag for Hareid og Ulstein brannvesen. I dag har vi henta «ny» bil til Ulstein stasjon. Planen er at den «nye» bilen skal erstatte den gamle røde brannbilen.
Den vert ikkje sett i operativ teneste enda, da der er nokre småting å gjere før den tid.

Dette vert ei god oppgradering av bilparken.

Selvågtunnelen mellom Eiksund og Garnes vert stengd kl. 21.30–00.30 onsdag 14. januar på grunn av øving. Møre og Romsdal...
13/01/2026

Selvågtunnelen mellom Eiksund og Garnes vert stengd kl. 21.30–00.30 onsdag 14. januar på grunn av øving.

Møre og Romsdal fylkeskommune, Hareid og Ulstein brannvesen og Volda brannvesen skal ha øving i Selvågtunnelen på fv. 653 mellom Eiksund og Garnes onsdag 14. januar. Tunnelen vert heilt stengt mellom kl. 21.30 og kl. 00.30. Selvågvegen vil også være stengt for gjennomkøyring frå Eiksund og fysisk stengt frå Garnes. Publikum vil kunne sjå røyk frå tunnelen.

12/01/2026

Sivilforsvaret har etablert befolkningsvarslingsanlegg, også kalla tyfonanlegg, i kommunen. Onsdag 14. januar kl. 12 vert varslingsanlegget kontrolltesta, og du kjem då til å høyre sirena.

Det er med stor sorg at vi har mottatt nyheita om at to brannkonstabler frå Brannvesenet Midt IKS er sakna og antatt omk...
07/01/2026

Det er med stor sorg at vi har mottatt nyheita om at to brannkonstabler frå Brannvesenet Midt IKS er sakna og antatt omkomen etter ein bustadbrann i natt 💔

På ein dag som denne går våre tankar først og fremst til familiane til dei to sakna, men også til våre kollegaer som er ramma av djup krise etter å ha stått i ein krevjande innsats for andre.

Heile brann- og rednings Noreg står rundt dykk i dag❤️
Varme tankar frå oss.

🚒Her er oversikta frå 2025.
05/01/2026

🚒Her er oversikta frå 2025.

Ubrukt/udetonert fyrverkeri skal ikkje i søpla eller leverast på avfallstasjonar, men leverast tilbake til forhandlar.
02/01/2026

Ubrukt/udetonert fyrverkeri skal ikkje i søpla eller leverast på avfallstasjonar, men leverast tilbake til forhandlar.

31/12/2025
Trygg bruk av fyrverkeri – slik feirar du sikkertFyrverkeri kan være farleg viss det brukast feil. Kvart år skjer der al...
29/12/2025

Trygg bruk av fyrverkeri – slik feirar du sikkert

Fyrverkeri kan være farleg viss det brukast feil. Kvart år skjer der alvorlege personskadar og brannar i tidsrommet rundt nyttårsaftan, som branntilløp i terrenget, i søppeldunkar eller brann i bygningar.

– Statistikken viser at feil bruk er hovudårsaka til skader i samband med fyrverkeri. Dette omfattar både uvettig bruk og at folk rett og slett ikkje har lest fyrverkeriets rettleiing godt nok. Desse skadane er det mogleg å unngå så lenge ein bruker fornuft og førebur seg litt før oppskytinga av fyrverkeriet.

Følg disse rådene for ein trygg feiring:
💥All bruk av fyrverkeri er søknadspliktig, bortsett frå på nyttårsaftan i tidsrommet 18:00-02:00.

💥Det er forbode å la barn under 18 år skyte opp fyrverkeri.

💥Bruk vernebriller, også barn og skodelystne bør beskytte seg med briller.

💥Skyt opp privat fyrverkeri på trygg avstand frå andre menneske, bilar og bygningar.

💥Rakettar med styrepinnar er forbode.

💥Privatpersonar kan ikkje innføre fyrverkeri frå utlandet.

Ditt fyrverkeri, ditt ansvar 🫵

Les meir:

De siste fem årene har i snitt 10 personer hvert år fått øyeskader etter bruk av fyrverkeri på nyttårsaften. Følger du disse enkle rådene legger du til rette for en sikker og skadefri nyttårsfeiring for store og små.

Frå tid til anna oppleve vi at der er uvedkomande som utgir seg for å vere frå brannvesenet for å kome inn å kontrollere...
11/11/2025

Frå tid til anna oppleve vi at der er uvedkomande som utgir seg for å vere frå brannvesenet for å kome inn å kontrollere brannsikkerheit. Dette har nå skjedd i Volda kommune. Vi oppmode difor alle til å være oppmerksame på denne type forsøk på svindel.

– Når vi er ute på tilsyn så sender vi alltid ut sms før tilsynet og avtaler tidspunkt.

– Vi er uniformert. Bilane våre er også uniformert.

– Vi kjem aldri på kvelden, vi jobbar innanfor normal arbeidstid.

Vi rådar alle som får slike uanmeldte besøk om å ikkje sleppe dei inn i huset og å melde frå til politiet på tlf 02800 (direktenummer til politisentralen for ting som ikkje er akutt) dersom du får slike personar på dør.

Mogleg forsøk på svindel frå personar som utgir seg for å kome frå kommunen

Volda kommune har fått høyre at fleire innbyggarar i Volda sentrum har fått besøk av personar som utgjer seg for å være myndigheitspersonar som skal kontrollere brannsikkerheita.

– Det er ikkje personell frå Volda brann og redning som har vært på besøk på disse adressene, seier Knut Øystein Ekroll,
branningeniør i Volda kommune.

– Vi utfører no tilsyn med fyringsanlegg, disse tilsyna er alltid varsla via SMS eller brev. Våre tilsette er uniformerte og køyrer uniformerte bilar, vi går ikkje rundt på kveldstid.

– Vi rådar alle som får slike uanmeldte besøk om å ikkje sleppe dei inn i huset og å melde frå til politiet seier branningeniør Knut Øystein Ekroll i Volda brann og redning.

– Brannvernet driv ikkje med salsverksemd, og vil aldri selje produkt eller tenester på denne måten.

– Førjulstida er høgsesong for brannar, og dette kan bli utnytta av svindlarar, seier Ekroll.

– Sjølv om sjekk av røykvarslarar og julepynten er viktig no før jul så er det viktig å være årvakne.

Tysdag 28. oktober markerer starten for årets eigenberedskapsveke i Ulstein kommune. Gjennom heile veka kan du møte loka...
28/10/2025

Tysdag 28. oktober markerer starten for årets eigenberedskapsveke i Ulstein kommune.

Gjennom heile veka kan du møte lokale beredskapsaktørar og få svar på spørsmål om eigenberedskap:

Tysdag 28. oktober klokka 10.00–14.00: Heimevernet og sivilforsvaret
Onsdag 29. oktober klokka 12.00–14.00: Ulstein omsorgsberedskapsgruppe
Torsdag 30. oktober klokka 12.00–14.00: Hareid og Ulstein brannvesen
Fredag 31. oktober kl 12.00–14.00: Hareid og Ulstein brannvesen
Laurdag 1. november
klokka 12.00–14.00: Sivilforsvaret
klokka 13.00: Branningeniør Live Gandborg les for born i barnehagealder

Adresse

Holsekerdalen 26
Ulsteinvik
6065

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4748203494

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid og Ulstein brannvesen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hareid og Ulstein brannvesen:

Del